RURALE REFLEKSJONAR

Arkiv

Av Bjørn Egil Flø       Då Direktoratet for naturforvalting starta tildele norske grender og bygdesamfunn statusen nasjonalparklandsby vitna det om eit snev av underliggjande urban bygdeforakt. Målet åt dei velmeinande miljøbyråkratane er edelt nok, dei vil gi lokalsamfunna ein kompensasjon for eit opplevd tap. I det høvet delar dei ut landsbystatusar som grendene kan nytte i marknadsføringa, dei kan nytte den når dei skal selje seg sjølv og sine fordelar… Les meir

Av Bjørn Egil Flø         Dei er like trufaste mot våren som tjelden – rånarane. Nett i det vinteren slepp taket og let asfalten gi feste for lågprofilerte sumardekk kjem dei. Kåte som orrar glir dei runde på runde i bygdebyane til stor irritasjon for vårt nyurbaneiserte rurale småborgarskap og den kaffelattedrikkande sentrumssnobben. For dei spelar ikkje på fotballaget – rånarane. Dei deltek ikkje i det besteborgelege selskapet som… Les meir

Av Bjørn Egil Flø   Det var sinne som dreiv dei, i rein frustrasjon nekta dei å vere med lenger. Inntektene var nede i knappe 60 prosent av industriarbeidarløna, og trongen for investeringar var overhengande for den som ønskte å bli verande i næringa. Året var 1975 og bøndene på Hitra nekta å betale skatt – dei aksjonerte. Skatteaksjonen fekk konsekvensar for eit samla norsk landbruk og endå til for industriarbeidaren på… Les meir

Av Bjørn Egil Flø     Demografisk utvikling kan seiast både å skape og å vere skapt av økonomiske endringar. I takt med ein kraftig reduksjon i arbeidsstyrken innan primærnæringane har også primærnæringane sin tradisjonelle dominans vorte svekka både nasjonalt og lokalt. Likt med denne svekkinga skjer det også eit gradvis skifte i korleis me aksentuerar det rurale og landskapet i det rurale. Frå nærast utelukkande å ha vore eit produksjonslandskap er… Les meir

Av Bjørn Egil Flø Når eg hevdar at post-modernismen har fått for stor tyngde i den rådande retorikken kring norsk bygdeutvikling meinar eg ikkje at bønder, bygdeutviklarar eller bygdeforskarar er post-modernistar. Det eg hevdar er at postmoderne teori har gjort noko med oss, den har gjort noko med korleis me betraktar det rurale – altså korleis me ser på bygdene og dermed også for kva rolle bygdene våre har fått tildelt. Det… Les meir

Av Bjørn Egil Flø Dei bygdevennlege prosjektmakarane har forlese seg på kryptiske postmoderne teoriar og er iferd med å gjere bygdene våre om til passive tilbydar av middelklassesymbol mesta ingen eigentleg er nemneverdig interessert i. Over alt gjer grendene seg lekre for ei gruppe folk som kanskje ikkje finst. Som middelmåtige reiselivsbedrifter skal bygde-Noreg selje seg ved hjelp av ’Innovasjon-Norge-finansierte’ reklamepakkar, bønder og bygdefolk skal ”fortelje dei gode historiene” – dei skal… Les meir

Av Bjørn Egil Flø   Eg har ein kreditnota i Vermont, nærare bestemt i småbyen Dummerston sør i denne lønnetredekte delstaten der alt anna enn språket og landskapet minner deg meir om Skandinavia enn om USA. Ikkje berre finn du Abbas sursild, Jarlsberg og geitost her, du finn også særeigne aspekt i den sosiale veremåten som gjev deg ei intuitiv kjensle av noko heimsleg. Klokka var snart koma til ti om kvelden… Les meir

Av Bjørn Egil Flø     Generelle samfunnsendringar dei siste femti åra har gradvis svekka dei konvensjonelle skilja mellom by og land. Ettersom bygda har nærma seg byen både på det materielle og det immaterielle planet, har også byen nærma seg bygda. Alt i 1984 landserte Andreas Hompland sitt omgrep rurbaniserings- prosessen1, der skildra han nett denne utviklinga og påpeika det stadig meir diffuse skiljet mellom by og land. Stadig betre kommunikasjon… Les meir

Av Bjørn Egil Flø     Finst grendene? Lat meg leike med tanken om å stille dette spørsmålet til mine kollegaer. Eg har nemleg ei sterk kjensle av at svaret dei ville gitt meg ville ha vore svært kontekstavhengig. Hadde eg spurt på lunsjromet på Bygdeforskning ville nok dei fleste svare ”ja vist finst det grender”, men hadde eg stilt spørsmålet under ein fagleg sesjon på ein bygdesosiologisk konferanse ville nok fleire… Les meir

Av Bjørn Egil Flø       Har du opplevd det? Har du opplevd å stå ved rekka av hurtigruta og sjå mot land å tenke; kva gjer dei her? Eller å køyre langs dei einsame bygdevegane våre med langlysa på og tenke; kvifor bur folk her? Jau da, me forstår det når me ser gardsbruka. Me forstår det når me ser eit av dei mange velstelte vestlandsbruka med 70-tals fjøs og… Les meir