Muskogee og moderniteten
Av Bjørn Egil Flø
Demografisk utvikling kan seiast både å skape og å vere skapt av økonomiske endringar. I takt med ein kraftig reduksjon i arbeidsstyrken innan primærnæringane har også primærnæringane sin tradisjonelle dominans vorte svekka både nasjonalt og lokalt. Likt med denne svekkinga skjer det også eit gradvis skifte i korleis me aksentuerar det rurale og landskapet i det rurale. Frå nærast utelukkande å ha vore eit produksjonslandskap er me no i ferd med å sjå at det vert gjort om til eit slags forbrukslandskap.
Landbruket skal sørve oss med ei heil rekkje funksjonar som det for så vidt alltid har produsert, men skilnaden no er at desse funksjonane inngår som ein del av oppdraget åt landbruket. Det er ikkje lenger nok å produsere mat og fiber no skal det også produserast kulturlandskap som reiselivsnæringa sine gjestar skal kunne konsumere frå akterdekket på sine meir eller mindre eksklusive fjordcruise. …
Me har vore vitne til ei omfattande omlegging av støtteordningane både her til lands og i EU sin felles landbrukspolitikk, frå støtte til produksjon av mat er me no over på støtte for produksjon av sokalla kollektive godar som til dømes kulturlandskap, biodiversitet og levende bygder. Frå næringa sjølv vert det hevda at multifunksjonane er eit biprodukt av eit sunt og økonomisk berekraftig landbruk og at dei vert best ivaretekne om ein opprettheld landbruket fyrst og fremst som matprodusent og i tilnærma same omfang som i dag. Men dei politiske labyrintane har snudd det heile på hovudet og gjort multifunksjonane til sjølve målet.
Trass tildels store nasjonale skilnadar i utviklinga av dei rurale samfunna verkar det rimeleg å likevel seie seg samd med den belgiske ruralsosiologen Marc Mormont som hevdar at ein i dei vestlege rurale områda har opplevd ei endring i forholdet mellom den romlege og den sosiale ruraliteten, ei endring som har bidrege til at det tradisjonelle skiljet mellom by og bygd også har skrumpa inn.
Mormont hevdar vidare at me no heller bør snakke om eit mangfald av sosiale rom som overlappar det same geografiske området. Så medan det geografiske skiljet til byen og bygda gradvis har blitt vaska ut, er skiljet oppretthalde i vår sosiale distinksjon av ruralitet og tilhøvet mellom by og land. Etter kvart som byane veks og pendlaromlandet strekkjer seg lenger og lenger ut over bygdene skjer der også ei utviklinga av urbaniteten like fult som av ruraliteten. Dette var noko også den franske antropologen og reiselivsforskaren Jean Didier Urbain påpeika i 2002 då han hevda at det skjer ei ruralisering av svært viktige delar av det urbane.
Sentraliseringa har bidrege til at også urbaniteten har endra seg og me finn i dag viktige urbane særtrekk i alle dei mindre tettstadane kring om i landet, det vere seg kaffibarar like fult som narkotikakriminalitet. Men sjølv om moderniteten nok har innhenta den bygda Arne Bendiksen tenkte på då han omdikta Merle Haggard si tekst ”Okie from Muskogee” til norsk, og gav den namnet ”Bonde i fra bygda”, lever likevel representasjonen av den same bygda betre enn nokon gong før – nettopp under moderniteten.
Innlegget har stått på trykk i Nationen den 17. desember 2009