Dei som sel landet

Av Bjørn Egil Flø

Når eg hevdar at post-modernismen har fått for stor tyngde i den rådande retorikken kring norsk bygdeutvikling meinar eg ikkje at bønder, bygdeutviklarar eller bygdeforskarar er post-modernistar. Det eg hevdar er at postmoderne teori har gjort noko med oss, den har gjort noko med korleis me betraktar det rurale – altså korleis me ser på bygdene og dermed også for kva rolle bygdene våre har fått tildelt. Det er nett denne gjennomslagskrafta og implikasjonane dette har for grendene som uroar meg.

Dette er ei uro som seniorforskar Jostein Vik ved Norsk senter for bygdeforsking tydelegvis ikkje delar. I ein kronikk i Nationen laurdag 7. november, og i eit innlegg her på bloggen den 15. november, går han i debatt med mine to innlegg «Vondtet i norsk bygdeutvikling» (Syn og Seg nr 3, 2009) og ”Middelklassebygda” (Dagen Næringsliv 1. oktober 2009). Han argumenterar for at sidan berre fem prosent av bøndene driv med produksjon av mjuke ostar så eksisterar det ingen retorikk med referanse til post-modernismen i bygdeutviklinga. Men sjølv om bøndene ikkje kastar seg på trenden betyr ikkje det at trenden ikkje finst, det fortel einast at det sunne bondevitet finst. Slik sett har nok bygdeutviklarar og prosjektmakarar noko å lære av norske bønder.

Vik erkjenner ganske enkelt ikkje at det eksisterar tendensar til varedanning, eller kommodifisering som akademikarane gjerne likar å kalle det, kring om i dei norske grendene. Han ser ikkje at satsinga på småskala nisjeproduksjon og marknadsføringa av grendene som attraktive bustadar for hippe kontraurbanistar og flyktige turistar har nokon ulemper. Det verkar ikkje som han ser at det teoretisk sett kan eksistere ulemper heller. Rådet frå Vik, slik eg les han, er berre; meir av same sorten. …

Uansett må eg få lov å takke Jostein Vik for at han tek imot min invitasjon til debatt. For det fyrste er dette er ein viktig debatt som no kanskje kan sige inn her heime. For det andre gjev det meg eit høve til å presisere kva eg tidlegare har skrive. For ein ting har Vik rett i; eg har skote frå hofta i mine to tidlegare innlegg, men det er ikkje det same som at eg har bomma.

Varedanninga, eller det å framstille og å skulle selje grendene og det rurale som ei vare, kom som ein konsekvens av det den mangeårige redaktøren for det vitskaplege tidsskriftet Journal of rural studies, Paul Cloke1, kallar ”det kulturelle skiftet” i bygdesosiologien. Eit skift som fylgde i kjølvatnet av moderniteten vert det hevda2. Det kom ein gong kring midten på 90 talet og vart introdusert av det britiske ruralsosiologimiljøet med geografen Keith Halfacree3 i spissen. Inspirert av den franske kultursosiologen og post-modernisten Jean Baudrillard4, som antyder at symbolikken er i ferd med å få forrang framfor materialiteten, tok bygdesosiologifaget inn over seg sosial-konstruktivismen. Me såg med andre ord ei vitskapleg vending i bygdesosiologien. Frå mesta utelukkande å ha vore opptatt av materielle faktorar vart det skapt ein bygdesosiologi som fekk auka interesse for omgrep som meiningsinnhald, identitet og representasjon. Og etter kvart som det vitskaplege miljøet tok opp i seg desse omgrepa fekk dei også gjennomslag i bygdeutviklingsarbeidet.

Eg registrerar at Vik ikkje greier å lese dette ut av det eg har skrive, men vel å tolke meg slik at eg skulle meine at han og andre bygdesosiologar er ihuga post-modernistar. Det lyt eg ta på mi eiga kappe og prøve å vere meir presis og mindre flåkjefta i framtida. Det endrar likevel ikkje på det faktum at postmodernismen sitt inntog i bygdesosiologifaget har hatt implikasjonar på norsk bygdeutvikling generelt og på bygdene våre spesielt.

I praksis har det gitt seg utslag i at det rurale, eller det landlige om du vil, vert nytta som effektar i marknadsføringa av symbolprodukt tett knytt til den urbane middelklasseelite sine interesser. Også sjølve bygda kan seiast å verte marknadsført som ei vare og lagt ut for sal i bitar til flyktige shopparar av den rurale idyll. Bøndene og dei rurale tilbydarane skal ”pakke inn” produkta sine i stadeigne miljøvennlege symbol. Maten skal transformerast frå å vere ei vare meint for å metta folk til no å vere fylt med innhald som natur og kultur5. I festtalane snakkar statsrådane om eit ”sug i markedet”6. Økonomar og marknadsforskarar ber på lovnaden om gevinstar for dei som evnar å legge meirverdiar til produkta7. For dei som hevdar å kjenne marknaden er det ”vanskelig å ikke få en ’før flodbølgen’ følelse når en analyserer markedet”8.

Eg registrerar at Vik meinar at eg ”tegner et altfor ensidig negativt bilde av økonomien i de tilleggsnæringene norske bønder driver med”. La meg då få presisere at økonomien i desse næringane ikkje er nemnt med eitt einaste ord i nokon av mine to innlegg. Når Vik likevel nemner det kjenner eg ei gnagande uro om at det kanskje kan vere verdt å sjå nærare på nettopp økonomien. Representerar desse nye symbolproduserande aktivitetane ei nemneverdig timelønnsforbetring for bønder og bygdefolk? Eller er me berre i ferd med å skape fleire ikkje-berekraftige næringar innan ein landbrukssektor som nett leitar etter måtar å bøte på manglande inntekter? Er det eigentleg einast våre eigne ønskjer om distingverande symbolprodukt som vert stetta?

Uansett er det skapt ein ny retorikk, ein retorikk som gjev vind i segla for symbolprodukta. Stemninga i dei agrare grendene er snudd, vert det sagt. Og der den ikkje vill snu av seg sjølv skal den snuast. Reklamefolk, bygdeforskarar og konsulentar har vorte reisande i bygdeoptimisme og ruralt gladbodskap. Næroset på Ringsaker har utnemnt seg sjølv til fristat og teke merkevarenamnet ’Lucky Næroset’ og har gjort seg landskjende med fjernsynssendte jippoar om fantasi og humor i bygdeutviklinga. Og på Vestlandet har ei gruppe strilar gått saman frå sirklane kring ’Humørbonden’ Geir Styve, og laga ’Humørbygda’ med eigen ’Humør¬vimpel’ og det heile. Og kven veit? Personleg meinar eg det tykkjest fornuftig å tru at det verkar, men likevel ufornuftig å late vere å reflektere over konsekvensane det kan ha.

Det er nett det som er mitt poeng, me treng å stoppe opp å tenke. Me treng å reflektere kring konsekvensane dette fører med seg for bygdene våre. Me treng å stille spørsmål om kva det gjer med dei som bur i grendene når ein til stadigheit skal gjere seg lekker for det urbane blikk. Me treng ei pause i kommodifiseringa av dei norske bygdene og spørje om dette er rette vegen å gå. Me treng å slakke vår iver etter å selje bygde-Noreg og reflektere kring konsekvensane det har både for forholdet mellom bygdefolk og for bygdene i mellom.

Bjørn Egil Flø

Kronikken har stått på trykk i Nationen den 17. november 2009

Notar
__________________

1 Cloke, P. (2006). Conceptualizing rurality. P. Cloke, T. Marsden & P. H. Mooney (red.), I Handbook of Rural Studies. London: Sage Publications.
2 Bell, M. M. (2007). The two-ness of rural life and the ends of rural scholarship. Journal of Rural Studies, 23(4), 402-415.
3 Halfacree, K. H. (1993). Locality and social representation: Space, discourse and alternative definitions of the rural. Ibid., 9(1), 23-37, Halfacree, K. H. (1995). Talking about rurality: Social representations of the rural as expressed by residents of six English parishes. Journal of Rural Studies, 11(1), 1-20.
4 Baudrillard, J. (1983). Simulations. New York: Semiotext(e).
5 Jacobsen, E. (2003). Mat som diskurs. E. Jacobsen, R. Almås & J. P. Johnsen (red.), I Den politiserte maten. Oslo: Abstrakt forlag.
6 Sponheim, L. (2003). Tale for Den nasjonale kongress for økologisk landbruk. Upublisert manuskript, Hamar.
7 Reinert, E. S. (1997). Det tekno-økonomiske paradigmeskift – konsekvenser for norsk distrikts- og ressursbaserte næringer (No. 1/97): Norsk investorforum.
8 Jensen, T. Ø. (2003). Hva hindrer moderne norske forbrukere å velge økologisk? Kritisk blikk på markedsføring og distribusjon. T. Cottis (red.), I Den nasjonale kongress for økologisk landbruk 2003. Elverum: Høgskolen i Hedmark.

3 Comments on “Dei som sel landet

  1. Mona Haugsjø writes:Det kan nesten høres ut som om du mener at bygdekulturen er statisk og at bygda ikke er i utvikling. Min erfaring er at det på bygda som i byen skjer en stadig endring av livssituasjon, næringsgrunnlag og ikke minst kultur. Jeg mener at det er kunstig å stille opp en hypotese om at det i bygda Norge nærmest er en "ubesudlet" upåvirkelig kultur som ikke tar inn over seg de globale trendene som alle i mer eller mindre grad på virkes av. Min erfaring fra både globale strøk og nå som bosatt i utkant Norge, er at det skjer store endringer. Folk på bygda vil også ha kaffe-latte og mykost, tettere sentrumsutvikling, flere sosial møteplasser og differensiert næringsutvikling.

  2. Jon Vogt writes:Hovedproblemet med dagens norske bygdeutvikling mener jeg er at det i altfor stor grad er blitt politisk korrekt å se på støtte til næringslivet (og da spesielt til gårder over en viss størrelse) nesten bestandig som den beste form for bygdeutvikling. Men dagens næringsutvikling betyr jo ikke bestandig at det samtidig blir en god inkluderende «møteplassutvikling» på den norske landsbygda, for en brutal måte å drive næringsutvikling på kan for eksempel bidra til økte klasseskiller, konkurransevridning og splitt og hersk-mentalitet.Sagt på en annen måte så mener jeg dagens norske politikk innen bygdeutvikling tar for lite hensyn til å prøve å få til en god overordnet sosiologi på den norske landsbygda, og at næringsutvikling, som ensbetydende med at man samtidig skaper en god sosiologi, er en altfor forenklet tankegang. Så selv om produksjon av «gardsturismeprodukter» ikke har stor utbredelse blant norske bønder, så mener jeg at selve tankegangen om en slik produksjon er ett av flere ledd i en politisk korrekt næringsdriftstankegang. Så spørs det da om det norske folk i økende grad egentlig ønsker å bli behandlet som turister i eget land. Jeg tror det hadde blitt litt mindre sydenturer på folk hvis de ikke hadde blitt det.

  3. Ole I. Gjerald writes:Fyrst vil eg takke for lenkja til bloggen din og for det siste innlegget ditt i Nationen (17.11.09). Eg vart med det same særleg interessert i den delen av debatten der du syner deg kritisk til ei stadig sterkare tilknyting mellom det eg les som bygdeprosjektutviklarar, næringslivsaktørar, byråkratar som administrerer offentlege støtteordningar og jamvel bygdeforskarar. Du understrekar i det siste innlegget ditt at ’reklamefolk, bygdeforskarar og konsulentar har vorte reisande i bygdeoptimisme og rural gladbodskap’. Dette reiser prinsipielle spørsmål som med jamne mellomrom bør kome til overflata i forskingsverda. Debatten om gladkonstruktivismen freista eg i haust å overføre til nokre av forskingsfelta som me arbeider innanfor ved Vestlandsforsking. Siste året har me m.a. etablert eit tverrfagleg forskingsmiljø innanfor fornybar energi i samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane og NTNU. Eg trur det er lurt at me tek debatten i høve kva for ei rolle me vil spele innanfor ein bransje som truleg vil ha stor vekst i åra som kjem og som har preg av politisk korrekt og tidsriktig optimisme – også i Sogn og Fjordane. Det er venta at talet på arbeidsplassar berre i vindkraftindustrien i EU vil stige frå 150.000 i dag til det doble innan 2020. Også norske målsetjingar er ambisiøse. Ein fellesnemnar med bygdeforskinga kan vere: Korleis stiller me oss som forskarar overfor tema som enkelte aktørar ser på som dei rurale redningsplankane (t.d. gardsturismeprodukt og fornybar energi)? Føremonen ved å arbeide i eit tverrfagleg miljø er sjølvsagt at fleire perspektiv kontinuerleg vert sette opp mot einannan. Gjennom oppdraga me har hatt siste året har me sett at ulike tradisjonar og fagfelt slit tilrådingane våre i kvar sine retningar. Resultat: Me har vore kritiske, skeptiske og særs påpasselege med å peike på ankepunkt mot å satse offensivt på t.d. vindkraft. Nærast varsame. Dette er nok eit sunt utgangspunkt for det arbeidet me gjer, og eg trur ratt det kan vere ein tryggleiksventil mot at me i for lita grad skal evne å stille oss kritiske til utviklinga. Sjølv om me vil bygdeutviklarane og bygdene våre aldri så vel! Det går likevel ei grense. Og det var difor eg i bloggposten 'Forsking og bygdeutvikling'(http://langrennaren.blogspot.com/2009/11/forsking-og-bygdeutvikling.html) slutta meg til Jostein Vik sin konklusjon om at forskinga bør streve etter å studere nyansar og vilkår for utvikling (og ja; avvikling) i distrikta med eit kritisk blikk, ja! MEN: samstundes er det etter mi meining viktig å diskutere, og forske på, potensialet og moglegheitene som ligg i dei ulike marknadane som nye næringar i distrikta rettar seg mot. Innanfor enkelte fag eller retningar er verdinøytraliteten blitt utfordra som oppskrift og mål. Klimaendringar og auka miljøproblem har gjeve opning for forsking med ein uttalt verdi. På same måten som deler av klimaforskinga har som mål å bidra med kunnskap for å sikre ei berekraftig utvikling for planeten, kan kanskje norsk bygdeforsking til ei viss grad ha høve til å ta rolla i forhold til å sikre berekraftige bygdesamfunn? Bør ikkje kunnskapen vår bidra i den rurale utviklinga der han kan, kanskje – også om han i blant skapar konkurransefortrinn for lokale næringsaktørar? Eg kjem ikkje utanom å kommentere også hovudbodskapen i innlegga dine om postmodernistisk teori sin påverknad på korleis me ser på bygdene og rolla bygdene våre får tildelt. I Nationen 17.11. peikar du på at du kjenner ’ei gnagande uro om at det kanskje kan vere verd å sjå nærare på nettopp økonomien’. Eg trur det er lurt. Når eg sjølv ikkje er bygdeforskar, eller sit direkte i desse diskusjonane til dagen, kan det sjå ut som at nettopp økonomiske betraktningar er ein faktor som ligg til grunn for postmodernismen sine tydelege implikasjonar på bygdeutviklinga. For er det ikkje slik at alternativet for mange bønder og næringsdrivande på bygda er avvikling? Representerer ikkje det du kallar symbolproduserande aktivitetar ei naudsynt timelønsforbetring for bønder og bygdefolk? Er me ikkje stadig på leit etter moglegheiter for å behalde ljos i alle husa på bygda – og slik på leit etter marknader som etterspør verdiar og levesett som berre bygda kan tilby? Eg skal sjølvsagt vere varsam med å tale det britiske ruralsosiologimiljøet, med geografen Keith Halfacree i spissen, midt imot. Eg meiner likevel det er verd å setje inn ressursar på å etterspørje nærare kva som faktisk er drivkreftene bak utviklinga me begge observerer. Omgrep som meiningsinnhald, identitet og representasjon er nok viktigare etter ’det kulturelle skiftet’, men undersøkinga som Jostein Vik syner til, ’Trender i norsk landbruk’, syner vel nettopp at også økonomiske betraktningar har ein sentral plass som forklaringsfaktor når det gjeld den delen av bygdeutviklinga som rettar seg mot modernisering og næringsutvikling lokalt. Dersom me skal fange heile breidda av omskiftet som skjer i bygdene no, også det som handlar om modernisering, kreativitet, nye sosiale møtestader og ein ny bygdeidentitet der urbane element er meir synlege, må me truleg ha med både økonomi og kultur, identitetsskaping og symbolproduksjon, sosial struktur og handling i same modellen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s