Før oss ikkje ut i freisting

Av Bjørn Egil Flø

 

 

Den som har fylgt med i avisa Nationen ei tid, kan umogleg ha unngått å ha lagt merke til ei omvending. Det er ei omvending som ikkje står tilbake for den me lærte å kjenne i vår barndom gjennom søndagsskulens vitnesbyrd frå Galilea og bygdene aust om Jordan. Det var vist ikkje måte på alt som der hadde skjedd og vende me oss berre til trua så skulle enno større ting skje her.

Og no, no tykkjest altså mesta heile Bygde-Noreg vere heimsøkt av same lovnadane om frelse og velstand til grendene om me berre startar å tru. Men denne gongen er det ikkje hyrdane på betlehemsmarkane me får høyre om, nei denne gongen stammar vitnesbyrda frå Rhône, Toscana eller Parma. For ute i verda, hevdar dei, der har folket vendt seg til den franske småbrukarsonen og sosiologen Pierre Bourdieu. Det nye testamentet heiter Distinksjonen og vart utgitt for fyrste gong i 1979. …

Nokre år etter kom han på pensumlista ved dei norske universiteta, ja så altomfattande var Bourdieu si lære at sjølv pølsebuøkonomane ved Noregs handelshøgskule og BI let seg frelse. For verda var vorten post-moderne ser du, den produktivistiske æra var over ein gong for alle. Frå å ha produsert mat og fiber i nær 5000 år skulle det norske landbruket no satse på opplevingar. Bøndene fekk høyre at dei skulle ”fortelle de gode historiene” – dei skulle ”pakke inn” produkta sine i økologisk berekraftig lokalpapir. Gjorde dei det, ville forbrukarane sin hunger etter distingverande symbolprodukt føre bøndene lukst inn i himmelen.

Dette gjekk då greitt det, nokre år. I alle fall så lenge matprestane frå det agronomiske meinigheitsfakultetet på Ås prega innhaldet i landbrukets kulturelle felt. For der stod enno grunnprinsippa støtt i sentrum og langt dei fleste bøndene skjøna at alt dette maset om nisseproduksjon ikkje var noko dei trong ta så nøye.

Men for nokre år sidan såg me at ute i bygdene byrja hopen snu seg imot produktivistane sin hegemoniske makt. Kyrkjelydsbladet mottok sinte lesarbrev frå både Garmo, Skumsnes og Koløyo og kvar det enn måte vere i landet. Alle hadde dei fått nok av sutringa og pessimismen som avisa skapte. Resultatet vart at Nationen, produktivistlandbrukets siste skanse, også laut vende seg til denne symbolherleggjerande nyreligiøsiteten. No tykkjest redaksjonen meine at avisas viktigaste oppgåve er å skape optimisme og tru på framtida for bønder og bygdefolk. Gjennom heilsides eigenreklame vil dei lure bønder til å løfte på seg brokk og det som verre er. Og i spalte opp og spalte ned skriv dei om kor strålande fint det er med både den eine og den andre omvegen og skulle kyrne vere anten halte eller blinde så er det vist enno meir fryd og gammen.

Det at denne omvendinga kan skape ei næring meir usunn enn produksjonslandbruket nokon gong har vore, ser ikkje ut til å uroe nokon. I den nyreligiøse møtelyden går tungetala berre høgare og høgare for kvar gong livsstilsmagasina presenterar enno ein representant for det nye landbruket. På meir eller mindre glansa papir står dei avbilda, smilande med ein brunost i eine handa og flatbrød i andre. Reportasjane er krydra med forteljingar frå Sveits eller Provence, der kvinnene stiller i kostymer som minnar meir om Amish people enn notidig matproduksjon. Det reportasjane sjeldan fortel oss, er at også i Alpane slit den småskala osteproduserande turistverten med altfor lange arbeidsdagar og med ei timeløn som får sjølv thailandske stuepiker utan loveleg arbeidsløyve til å framstå som lønnsvinnarar.

Personleg har eg ei gnagande kjensle av at me er i ferd med å oversjå viktige nyansar om me berre driv gla-journalistikk og lucky-næroset forsking. Me må våge å sjå bak kullissene sjølv om Bourdieu har lært oss at fake er ekte nok.

 

Bjørn Egil Flø

Artikkelen har stått på trykk i Nationen 20. oktober 2008

3 Comments on “Før oss ikkje ut i freisting

  1. Anonymous writes:

    Godt observert! Småskala er selve frelsen fra å måtte forholde seg til annet enn meg og mitt innenfor min egen skigard! En utvikling med flere alternative og nytenkende bedrifter i landbruket er vel og bra. Men dersom disse ikke kan drives med lønnsomhet og fritid har de svært begrenset verdi etter min mening. Dersom det er ønskelig å opprettholde størst mulig overvintring på bygdene slipper man ikke unna at eiere av landbrukseiendommer må snakke åpent sammen, samarbeide og legge til rette for hverandres lønnsomhet og fritid. Jeg tror ikke tradisjonen på bygdene har fremelsket disse egenskapene opp gjennom generasjonene. Det har vel heller strengt tatt ikke vært nødvendig. Men samarbeids-/kommunikasjonsevne og -vilje er nøkkelen for fremtida. Mangelen på nettopp dette hindrer utløsning av mange penger og fritidstimer på bygdene i dag. Det har vi ikke råd til lenger. Men det finnes heldigvis gode unntak, og disse vil jeg gjerne se på førstesida i Nationen!

  2. Anonymous writes:

    Her set du fokus på noko svært viktig.Mange meiner noko om jordbruk og folk meiner svært forskellige ting, men dei fleste har som utgangspunkt at jordbruket sin viktigaste funksjon rett og slett er å produsere mat.Der er dei som hevdar at mennesket tok sitt første steg mot undergangen då dei sådde sitt første frø og at jordbruk pr. definisjon ikkje er berekraftig. (t.d.Peter Salonius, kanadisk mikrobiolog med jordsmonn som spesialitet) Dette inneber at berekraftig folketal på jorda er om lag ein promille av dei vi er i dag.Så er det dei som hevdar at matproduksjonen kun er eit spørsmål om tilgang på kapital, energi og teknologi. Her er det vel unødvendig å nemne døme.Sanninga ligg nok ein stad i mellom, som ho så ofte gjer. Men midt i finanskrisa, med stor uvisse knytt til klimautvikling og tilgang til energi og andre lagerresursar i framtida, og med botnskrapte matvarelager, er det nok på sin plass å fokusere litt meir på hovudoppgåva. Også med omsyn på at lønsemda i svært mange av nisjenæringane er avhengig av at der faktisk finst eit overskot å hauste av og at behova dei stettar ofte held hus i dei høgste etasjane av Maslow sin pyramide.p.g.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s