Ein kritikk av økonomien

Av Bjørn Egil Flø

 

 

I ei tid då tillita til dei vasskjemde stjerneøkonomane i verdsbanken, det internasjonale pengefondet og verdas handelsorganisasjon vert stadig meir frynsete og våre heimlege næringslivsjournalistar skriv lange artiklar om finanskrisa som einast fortel oss at dei manglar grunnleggande kunnskap om kapitalismen, er det godt å lese Rune Skarstein si siste bok; Økonomi på en annen måte.

Gjennom eit solid handverk i økonomisk historie, vitskapsteori og statsvitskap syner samfunnsøkonom Skarstein oss at han er ein heil vitskapsmann. Boka ber undertittelen ”Makt og penger fra europeisk føydalisme til globalisert kapitalisme” og skapar med det forventingar om ei grundig og omfattande framstilling. Då er det gledelig å kunne seie at boka innfrir. ’Økonomi på en annen måte’ er med andre ord ei sjeldan bok frå ein sjeldan økonom. …

Skarstein tek oss med gjennom utviklinga av det me kallar kapitalismen og som me trudde me kjente. Vidare losar han oss gjennom etterkrigstidas omfattande endringar i verdsøkonomiens strukturar og utviklinga av den globaliserte politiske økonomien. I kapittelet ’Frihandel og økonomisk underutvikling’ leverer han eit kraftig bidrag til frihandelskritikken, eit kapittel som også vert fylgt opp med ei veldokumentert analyse av pengefondets kondisjonalitet, altså om krava som føl hjelpa frå det internasjonale pengefondet. I kapittelet ”Ingen tårer for Argentina” gjer Skarstein eit interessant grep. Kapittelet er ikkje berre fasinerande i seg sjølv, det fungerar også som eit vellukka pedagogisk knep då mykje av det han har vore innom tidlegare i boka her vert aktualisert gjennom tilfellet Argentina.

Det siste kapittelet ”Et utsnitt av motstandens koordinater”, er kanskje det mest aktuelle. For her kjem Skarstein endeleg inn på finanskapitalens dominans og krisa me no så vidt ser byrjinga av i verdsøkonomien. Likevel manglar dette kapittelet litt av den same grundigheita som pregar boka elles og kanskje ser me her politikaren Skarstein tydlegare enn vitskapsmannen Skarstein.

I fyrstninga var eg lenge usikker på Skarsteins mål og motivasjon for boka. Bokas grundige gjennomgong av kapitalismens framvekst og ikkje minst av kapitalismen i seg sjølv kan synest noko omstendeleg for den som har lest litt økonomisk historie tidlegare, men etter kvart går det opp for meg at boka også er skriven for fagfellar.

Det norske økonomifagets hegemoni er kjenneteikna av ei einerådande grunnhaldning som gjennomsyrar tenkemåten der økonomar vert utdanna og sosialisert. Dei siste tretti åra har den rådande retninga vore det økonomane sjølve kallar nyklassisk økonomisk teori. Ei retning som lettast let seg identifisere gjennom sine føresetnadar, analyseteknikkar og ikkje minst sin spesielle bruk av matematikk.

Dei fleste samfunnsvitarar må vel innrømme å i det minste ha smilt litt for seg sjølv når dei har hamna i vitskapsteoretiske diskusjonar med økonomar. Deira ekstreme forståing av rasjonalitet og naive tru på likevekt kombinert med ei slags matematikkfetisjisme ser ut til å ha skapt eit fag fullstendig utan kritisk potens. Det er eit fag som ikkje ser ut til å vere brukande til anna enn å oppretthalde makta og posisjonen dei velgjødde vestlege rikingane har røva til seg opp gjennom historia.

Kanskje er dette tydlegast å lese i debatten om frihandel og utviklingsland. Ein debatt der nyklassisismen har posisjonert seg til å meine at frihandel alltid er å føretrekke. Sjølv om det kvart år vert produsert bøttevis med rapportar og vitskapleg arbeid om kven som taper og kven som vinn på frihandel, om positive og negative ringverknadar som føl i frihandelens kjølvatn og om kven som utviklar seg og kven som står stille, så ignorerar maktøkonomane alt av denne kunnskapen. Dagstøtt vitnar me ei kunnskapsfornekting som ikkje står attende for amerikanske kreasjonistar sin avvising av Darwin.

Derfor er det neppe tilfeldig at Skarstein opnar det andre kapittelet i boka si ”Å forstå kapitalismen” med å sitere Joan Robinson sin kritikk av studentar som vert professorar før dei har rekt å stille eitt einaste kritisk spørsmål til sitt eige fagfelt, og som på den måten reproduserar nyklassisismens sjuskete tenkevanar.

Bjørn Egil Flø

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s