Bygdeminne
Av Svein Frisvoll
Som mange andre bygder i Romsdalen har òg bygda mi hatt ei levande avhaldsrørsle, og som vanleg var, fylgde fråhaldsrørsla ættene. I mi ætt var det skralt med fråhaldsfolk, så sjølv har eg berre kortvarig praktisert fråhaldet når tømmermennene har banka anger og skam i skallen.
Ska me tru lokalhistorikar Bjarne Skorgen si Gards og ættesoge for Nesset, band VI, er ikkje periodeavhald nok, om ein ynskjer seg ein plass i bygdas kollektive minne. Om heidersmannen, heradskasseraren, bibliotekaren og bygdehøvdingen Bersvein Leirvoll skriv han ”…han var frå sin tidligaste ungdom interessert i kulturelt arbeid. I 1929 stod han i brodden for bygging av ungdomshus i bygda, og seinare fekk han reist losjehus på eiga tomt. Han la ned eit stort arbeide innan fråhaldsrøyrsla.»
Sjølv hugsar eg Bersvein mest som ein eldre kar kjørande kringom bygda i ein grå Simca 1100. Motorrusen tyda på at Bersvein var ein mann som, i alle fall på sine gamle dagar, var raus med clutchbruken der han rakla i veg i gangfart. …
Eg minnest òg Bersvein for innsatsen han la ned når det gjaldt blinklysbruk. Her gjekk han føre bygdefolket som døme på god blinklysbruk. Om det så berre var Storsvingen, og ikkje Skiftet kor bygdevegen kjem ned på riksvegen, stogga ikkje det Bersvein frå å bruke blinklyset. Nei, det var aldri tvil om kva retning Bersvein ynskte seg. Ved oppnådd pensjonsalder i 1973 fekk han fortenestemedalje frå Kongen. Sjølv brukte Bersvein dela ut mjølkesjokolade til meg og leikekameraten min når me kom på vitjing.
Innsats for den andre motkrafta, Indremisjonen, sikrar òg plass i bygdeminnet. Då eg vaks opp, var det ikkje noko tvil om kven ”Emissæren” sette sin lit åt. Forutan å vere gardbrukar var Emissæren ein omreisande i Guds ord. Han reiste romsdalsbygdene rundt med gitar og gild vibrato på stemma og spreidde ljos åt heidningane. Ved luftgeværstasjonen på 17.maifeiringa høyrde eg gamlekarane skjemta om at ”Nei, Emissæren set ikkje føtene sin i kyrkja kan du tru.” Sjølv nikka eg ivrig med, for eg hadde aldri sett han i kyrkja, men eg tykte det var rart; ein måtte då vere rett sterk i trua for å verte kalla emissær? Då eg tok opp saka til drøfting med far min svara han berre at ”…Emissæren trur for sterkt til å gå i kyrkja som vanlege folk”.
Men eg tykte då likevel emissæren var grei nok. Han var trass alt ein av dei tre gardbrukarane i bygda som hadde teke turen over til «Skiri & Berg» på Skjevikåsen og kjøpt seg ein International traktor.
Den andre gardbrukaren som åtte ein International var «Lekk-va-lesa». Han likna den polske kjendiselektrikaren på ein prikk, om enn nok noko tynnare i håret. Ein sumardag var han brått vekk og ingen såg han att før fyrste dag av hjortejakta, men då ikkje lenger like tynn i håret.
Bygdefolket stussa fælt på dette. Endå til Emissæren, som vanlegvis var sterk i trua, tvilte på gjennoppstandelsen av hårmanken. «Kan det ha seg slik at Lekk-va-lesa forma bøner om betre vekstvilkår på skallen, der han sat på kyrkjebenken 17. mai?» høyrde eg Emissæren spørje ein granne ein dag. For det smerta nok Emissæren om Vårherre verkeleg kunne tilgodesjå det eine kyrkjebesøket Lek-va-lesa hadde grunnlovsdagen framfør lang og tru teneste som forkynnar.
Svaret på gåta fekk me ein kveld like før jul då far min hadde vore på kaia og henta kraftfôr. Det hadde seg slik at Lekk-va-lesa hadde kome over ei annonse i VG som lova ny ungdom for den som hadde nok hår på ryggtavla som kunne flyttast opp på skallen. Det er vist ikkje måte på kva ein kan få til på klinikkar i Oslo
Den siste gardbrukaren som hadde International var far min. Den raude 584’en, med beksvart skaiinteriør, servostyring, våte sylinderforingar og kvite felgar var reine nytinga å sjå på. Med varmeapparat og ein kassettspelar som husa anten Kris Kristoffersen eller Inger Lise Rypdal var det reine fryda å sete attom skuldra åt far min på turar heimetter bygdene.
Medan traktorane til Lekk-va-lesa og Emissæren jamt var både sarva og uvaska, var far min sin strigla og omvølt. Siste kvelden før fyrsteslåtten skulle ta til, fekk 584’en seg alltid eit rikeleg lag med turtle-wax så han skulle halde seg blank og fin slåtten igjennom.
Me sat i traktoren frå tidleg morgon til seine kvelden og kunne kjenna vibrasjonane frå motorstempla der dei dundra i veg i dei våte sylinderfôringane. I oskebegeret låg ein pose Kongen av Danmark å minna far min på lovnaden om ikkje å røykje. Då tok han ut eit drops åt kvar av oss og eg kjente det gjorde meg lite at den minste av dei tre Internationalane, den var det far min som åtte.
Svein Frisvoll
Forskar og stipendiat
Norsk senter for bygdeforskning