Ny dag, nye moglegheiter
Av Jostein Vik og Bjørn Egil Flø
Han har vore på misjonsferd dei siste vekene – statsråd Lar Peder Brekk – og i veska har han bore på det landbrukspolitiske ny-testamentet “Landbruks- og matpolitikken. Velkommen til bords”. Eit ordrikt dokument på 301 sider, den tjukkaste landbruksmeldinga nokon sinne. Og på dei bondetillitsvalte sin felleslunsj slår dei vitsar om den til melodien frå Ole Ivars “Nei så tjukk du har blitt”, men eigentleg er bondeeliten langt meir nøgde med meldinga enn kva vitsane fortel. “Den beste på lang tid”, seier dei, og slik me forstår meldinga har dei også grunn til å tykkje nettopp det.
Landbrukspolitikken har vore eit umogeleg “kinderegg”, der ein har prøvd å innfri tre delvis motstridande ønskjer samstundes. Den norske landbrukspolitikken – til liks med landbrukspolitikken over det meste av den vestlege verda – har utspelt seg innanfor eit landbrukspolitisk trilemma der ein har søkt å oppnå stabil bruksstruktur, teknologisk og organisatorisk utvikling, samt stabil produksjon på ein og same tid, noko som aldri har hange i hop. No, derimot, har landbruket fått ei melding som teiknar opp ein heilt ny situasjon. Framleis ønskjer statsråden å oppretthalde eit landbruk over heile landet – han høyrer då trass alt til sjølve distriktspartiet – og framleis vil han ha ein bruksstruktur tilnærma lik den me har i dag. Framleis ønskjer han også å utvikle landbruket teknologisk so vel som organisatorisk. Det nye er at det ikkje lenger handlar om å halde produksjonen stabil – snarare tvert om – no handlar det om å mette verda. Ved å løfte taket for produksjon treng han ikkje lenger ofre nokon av dei andre landbrukspolitiske måla, snarare treng han å styrkje dei. Slik sett representerer den nye meldinga eit landbrukspolitisk vasskilje. …
Landbrukets trilemma har, i Noreg så vel som i heile den vestlege verda, ridd landbrukspolitikken som ei mare i lang tid. Politisk har ein nærma seg trilemmaet på ulike måtar til ulike tider. I oppbygginga av norsk landbruk etter Øksnesutvalet – fødselshjelpa for jamstillingsvedtaket etter Hitra aksjonen i 1975 (då bønder på Hitra nekta å betala skatt som protest mot dårlege rammevilkår i landbruket) – vart det sett som naudsynt å redusere talet på bruk. Bøndene skulle jamstillast inntektsmessig med industriarbeidarane gjennom effektivisering. Meir, større og færre var mantraet og slik vart det. Sist på 70-talet og fyrst på 80-talet hadde bøndene gode tider. Me såg brøytar stå i myrane å grave veiter og på gardane røyste ny-fjøsa og tårnsiloane seg, alt gav det grendene ei heilt ny visuell utforming. Dei som ikkje ville vere med var ettertrakta arbeidskraft i den nye økonomien som fylgde i kjølvatnet av kløktig industripolitikk, i ein veksande oljeindustri og ein stadig større offentleg sektor. Men det var i landbruket som i Moseboka, tida i edens hage varte ikkje evig. Om det var tidligare departementsråd Grue eller Gud sin straffedom skal ikkje me seie her, men utover på 80-talet greidde ikkje bondeinntektene å henge med industrien lenger. For få bønder hadde gitt seg og for mange hadde vorte for effektive.
I tida under Øyangen og seinare Sponheim vart trilemmaet freista omgått ved at bøndenes overkapasitet vart kanalisert over i andre marknader enn mat. Landbruk pluss (ein samla politikk for nyskaping og sysselsetting på gardane) og tilleggsnæringar vart den nye greia. Men det var langt frå nok og nedbygginga av landbruket held fram med full stim. Nedbygging vart lenge ikkje berre godteke og akseptert anna enn også sett på som naudsynt og fullt i tråd med det gamle mantraet som framleis rådde – meir, større og færre.
Med den nye landbruksmeldinga derimot har det teikna seg ein ny situasjon. Både nasjonalt og internasjonalt står landbruket overfor ein ny røyndom, ein røyndom som kan gi bøndene høve til å ta eitt nytt steg i retning av å forbetre sin eigen situasjon både inntekts- og velferdsmessig. Trilemmaet er ikkje lenger beskrivande for dei omsyna landbrukspolitikarane treng å ta, me har vakna til ein ny dag med nye moglegheiter.
Den nye meldinga dreg opp eit nytt bakteppe, eit bakteppe av matvareknappleik heller enn overproduksjon. Som følgje av tiår med produksjonsavgrensing presiserer meldinga at me opplever underdekning på fleire viktige vareslag som mjølk, storfekjøt, korn og sau, ei underdekning som ikkje står i samsvar med auken i folketalet, nasjonalt so vel som internasjonalt. Meldinga legg opp til ei betydeleg auke i produksjonen: 1 prosent i året, 5 prosent på 5 år! Etter at pilane har peika nedover i fleire år står me overfor ein veritabel snuoperasjon – eit landbrukspolitisk vendepunkt.
Likevel, skal den nye røyndomen realiserast må bøndene velja han. Ingen landbrukspolitiske mål kan nåast utan gjennom bondens daglege val. Gløymer ein det, gjer ein opp rekning utan vert. Bøndene treng rom for å utvikle både seg sjølve og bruka sine og dei treng trua på framtida. Den nye landbruksmeldinga ber i seg eit bodskap om eit moglegheitsrom. Den hevdar me treng ein ny veg, men vegen er på langt nær ferdig teikna og slett ikkje prosjektert – til det trengst politiske vedtak og modige landbrukspolitikarar som vågar å sette meldinga sine gode intensjonar ut i livet. I botnen ligg trongen om betre bondeøkonomi og då er heva kraftfôrpris, som enkelte tek til orde for, ein vanskeleg veg å gå når me veit at alternativet til reduserte kostander er auke i overføringar eller auke i matprisar.
Men me kan nok kjenne oss rimeleg trygge på at ei vesentleg auke i anten overføringane eller i matvareprisane sit langt inne hjå regjeringspartnarane til statsråd Brekk. Det spørs difor om ikkje Brekk, til liks med Moses, står i fare for einast å måtte sjå inn i det lova landet utan sjølv å få gå heile vegen.
Jostein Vik og Bjørn Egil Flø
Norsk senter for bygdeforskning
Innlegget har stått på trykk i Klassekampen den 1. februar 2012
Les også motinnlegg frå Ole-Jacob Christensen i Klassekampen den 4. februar 2012