Kraftfôrpris og ei lekk landbruksskute
Av Jostein Vik og Bjørn Egil Flø
Me hadde skrive ein kronikk der me ønskja å syne at med den nye landbruksmeldinga har det oppstått ein ny situasjon for det norske landbruket. ”Nei da, det er slett ingen ny situasjon” høyrer me frå Vikabråten (Les motinnlegget frå Ole-Jacob Christensen her) ”… det har vore god latin i mange tiår at matproduksjonen skal følje folkeauken”.
Mogleg det, men sjølv ikkje Ole-Jacob Christensen kjem ifrå at dei fleste av hans yrkesbrør har stonga hovudet i kvotetaket i lang tid, nettopp fordi landbruksmynde har ønskja å oppretthalde ein nokolunde stabil bruksstruktur. Vårt utgangspunkt er at det er bøndene som skal mobiliserast, ikkje landbrukets ressursar, slik Christensen ser ut til å meine. Landbrukets ressursar vert fyrst teke i bruk om bøndene ser seg tent med det. …
Me må ikkje miste av syne den røyndomen bøndene er i. Økonomien i delar av Norsk landbruk er så dårleg om dagen at situasjonen best kan samanliknast med ei skute som tek inn vatn. Me treng å konsentrere oss om å halde skuta flytande. Fyrst når lekkasjen er tetta kan me diskutere om me skal gå for motor eller segl – begge dele dug lite når båten er søkkt. Det som kjenneteiknar den nye situasjonen, er at den – i teorien – mogleggjer at ein med rett vilje og kloke vedtak kan gi næringa seglingsvind.
Me treng å gjere landbruket robust nok til å kome seg over den kneika som stadig fleire bønder ser røyse seg framom dei. Med bakgrunn i ordlyden i den nye meldinga kan me både få opp bondeinntektene og stabilisere bruksstrukturen over heile landet, nett fordi produksjonstaket no vert heva. Det ligg ei teoretisk moglegheit for at bøndene no kan få gjort dei fornyingane som trengst på bruket – teknologisk så vel som organisatorisk. Dei neste åra kan me også greie å heve den økonomiske so vel som den sosiale berekrafta i landbruket og stogge den djupe deprivasjonen næringa samla har nærma seg dei siste par åra.
Når me då ser at jordbruksarealet går ned – som Christensen påpekar – er dette eit resultat av to ting; (1) at bønder avviklar og (2) at interessa for leigejord er låg. Båe utfordringar som fyrst og fremst utkantjordbruket møter. I Rogaland, det sentrale Austlandet og langs E6-beltet i Trøndelag derimot, er situasjonen motsett. Her er det gode prisar for leige av grovfôrareal, i motsetnad til på Vestlandet, der det einast er venskap og kanskje ei flaske konjakk til jul som får dei få attverande bøndene i grenda til å sveipe over nabojorda ein gong om året. Det er her – på dei minste og mest brattlendte bruka – at kostnaden for grovfôr er høgst. Ei auke i kraftfôrprisen er det siste han ønskjer seg Vestlandsbonden, det vert siste stein til byrda.
Andelen importert kraftfôr må nok reduserast på sikt, for berekraft er eit viktig mål. Her er me samde med Christensen; men til det trengst langt sterkare lut en enkle økonometriske skrivebordsmodellar som bonden frå Vikabråten, overraskande nok, tek til orde for. Det er simpelten ikkje nok å auke kraftfôrprisen og tru at ein kan “frikjøpe” arealtilskotet for kornbøndene for så å sluse det over til husdyrproduksjonen.
Jostein Vik og Bjørn Egil Flø
Norsk senter for bygdeforskning
Dette innlegget er eit svar på kommentaren Ole-Jacob Christensen hadde til vår kronikk i Klassekampen den 1. februar 2012