Me og dei andre – om lindukar, Framstegspartiet og bygda som sosial konstruksjon
Ho ville berre verte kvitt litt «dårleg samvit», dottera til bror min, då ho leverte søknaden om å få rive den gamle løa som fylgde med tilleggsjorda ho kjøpte fyrst på 2000 talet. No gledde ho seg til ho fekk svaret på søknaden og kunne få fjerne skampletten.

Foto: Yvonne Flø
Men svaret var heller nedslåande. Kommunen hadde sendt saka til høyring hjå Fylkeskonservatoren som gjekk imot riving. Mest interessant var likevel ordlyden i brevet. Grunngjevinga bar nemleg lite konservatorfaglege argument i seg. Derimot var argumentet for bevaring at ”Flø er ein svært spennande stad…”. Og vidare seier konservatoren; ”Med tanke på turisme har Flø stort potensiale for å bli ei riktig perle”.
Så går konservatoren utanlands og meiner at ”Nordmenn verdset dei kvite tette og krunglete greske byane på øyane der”, for so å trekke inn ”Aidensfield..” som ”.. sel stort i turismesamanheng i Storbritannia, og sjølv kalde Svalbard er ein stor attraksjon”, for til slutt å hevde at ”Flø er ein slik stad dersom godt vertskap tek i mot”. Derfor kan altså ikkje fylkeskonservatoren tilrå riving.
”Dette er då vanvit”, sa ho og såg på meg.
”Kva er det dokke tenker på?”
”Dokke?”
”Ja dei er då sånn som deg alle i hop, universitetsutdanna forstårsegpåarar som har gått seg fast i ei fantasiverd og trur det går ann å leve av å selje såpe og lindukar frå ei gamal løe i sørvest kuling og regn”. …
Les brevet frå Konservatoren her
Frå kuling til moods
Og nettopp sørvest kuling og regn har vore varemerket for bygda Flø. I styggevêret kom folk i bilane sine for å sjå. Elles var Flø berre ei av fleire grender i Ulstein kommune. Til forskjell frå andre grender fekk ikkje Flø byggefelt, til gjengeld hadde me ordføraren, noko enkelte også meinte var grunnen til at byggefeltsaka vart trenert i 30 år. Og medan folket krangla om byggjefelt, døyde gradvis bygda.
Men fyrst på 2000 talet skjedde skiftet. Nokre arkitektar, skodespelarar, stylistar og baristaer etablerte seg med sine arkitektteikna hus og eigne preferansar om det rurale. Grenda fekk nytt liv og ein ny dimensjon i debatten om kva grenda er og kva den skal vere.
Med etableringa av moods of norway sin butikk og det nyopna kunstgalleriet som alt hadde hatt profilar som Damien Hirst på vitjing, vaks Flø fram som eit av dei hippaste reisemåla i regionen. Populariteten kvilar ikkje kun på lyset og estetikken, anna enn også på regionen sin rivande økonomiske utvikling. Viktigast er likevel innsatsen åt nykomarane sjølve, i kombinasjon med ein generell ny-rural trend der grendene inngår som perfekt tilpassa representasjonar for ei veksande norsk middelklasse med sans for havlys, blomstra dressjakker og kløyvde oksekalvar på sprit.
Spørsmålet
Det var i denne konteksta at dottera til bror min skulda meg for å vere delansvarleg for vedtaket, og ho har eit poeng. For det er slike som oss som er skuld i dette. Slike Olve Krange og Ketil Skogen kallar representantar for ”det statsfinansierte segmentet av middelklassen”. Me er agentar for dei autoriserte sanningane og forvaltarar av hegemonisk makt, kontinuerlig opptatt av å skape eit bygde-Noreg i vårt eige bilete. Det er me som gir råda, held foredrag og skriv artiklar om suksessar i bygde-Noreg. Det er me som meiner ei vindskeiv løe på Flø har ”… stort potensiale om ein tenkjer seg næringsutvikling og turisme”, ingen andre.
Bonden sin reaksjon fekk meg til å tenkje. For kva er det me gjer med bygde-Noreg…, alle oss velmeinande prosjektfinansierte bygdeutviklarane? Har me vorte grendenes nye emissærar, slike som har «sett lyset» og meiner å ha fått kallet om å spreie ein bodskap einast oss sjølve trur på?
Ligg framtida for grendene i fremjing av den «lokale sjarmen» for å verte sett av tilfeldig forbipasserande? Eller er det einast med på å skape nye og djuptgripande ideologiske spenningar om kva bygda er og kva den skal vere?
Framstegspartiet
«Du veit det er slikt som gjer at me har slik framgang på meiningsmålingane”, sa kompissen min då eg synte han brevet. Kompisen min var ny-innmeldt i Framstegspartiet og no meinte han at slike brev er med på å fyre opp under folk flest sin grunnleggande mistru til forvaltinga.
Dermed plasserte han løesaka midt inn i debatten som då rasa i den norske offentlegheita. For året var 2007 og landet var i gong med å drøfte kva som var årsaka til FrP sin enorme framgang.
Sjølv hadde eg nett lese ein artikkel av Olve Krange og Ketil Skogen i Nytt Norsk Tidsskrift, og tenkte kompisen min kan ha rett. Medan bygdefolk i Østerdalen avviser rovdyrforskarane sine bestandsestimat og ignorerer ekspertanes råd om helse og ernæring, undrar folk på Flø seg over kva som held på å skje i forvaltinga som trur det går ann å gjere pengar på såpekoking og lindukar.
Pynte dokka
Prosjektmakarar, arkitektar so vel som fotografar, grafikarar, tekstforfattarar og stilistar, alle driver dei aktivt og presenterer grendene og det rurale. Dei framstiller røyndomen slik dei meiner kunden vil ha den, dei flyttar den nyaste traktoren ut av biletet og let den gamle stå. Dei leier mjølkekyra inn på setervollen, vaskar og steller ho og børstar både rompa og panna slik at ho framstår like lytefri som ein pin-up modell i bilreklamane. Bygde-Noreg skal seljast for millionar og då lyt dokka pyntast. Alle bidreg dei til konstruksjonen av ein simulert ruralitet som inngår i den kontinuerlige definisjonen av kva det rurale er og kva det skal vere og fyrer godt under fetisjiseringa av rurale klisjear og mytar.
Kommodifisering
Frå å ha handla om “hard-core” verkemiddel som infrastruktur, distriktsutjamning, kanaliseringspolitikk og differensiert arbeidsgivaravgift har me sett ei aukande interesse for dei kulturelle faktorane sin betyding for distrikta. Dei agrare grendene har gått inn i den post-produktivistiske tida og frå no av skal det produserast spesialprodukt for middelklassa. Bygdekulturen skal kommodifiserast, og i utmarka som på innmarka vert godar som hittil har vore som fellesgodar å rekne omgjort til kapitalaggregerande varer. Med tillagde verdiar og identitetsskapande opplevingar skal det bøtast på låge potetprisar. Med “gode historier” og «solskinsbileter» vert bygde-Noreg presentert til liks som ei vare og grendene tek steget inn i den nye økonomien.
Kontraurbanisering
I land som England og USA, har me sett ei tilstrøyming av urbane menneskjer til bygdene. Dels er dette sett saman med byane sine vekstsmerter og dels med auken av folk i “frie yrkjer”. Den utprega fleksibiliteten i desse yrkja, kombinert med god infrastruktur innan transport og kommunikasjonsteknologi, mogleggjer “flukta” frå dei trasige byane til «idylliske» liv i landlege omgivnadar.
Men me finn lite kontraurbanisering her heime. Kanskje skuldast det at byane våre er for gode? Eller at det er for kort veg til bymarka og at bylufta er for rein til at ein finn bygda meir attraktiv? Kanskje skuldast det at byens lokalsamfunn har like mykje å tilby som grendesamfunna? Kanskje er tomtene i bustadområda kring byane våre passe store til at me opplever å ha armslag nok? Eller er hyttekulturen vår med på å demme opp for kontraurbaniseringa, “shoppar” me berre ruralitet når me ønskjer det? Treng me ikkje bygda nok til at det slår ut på flyttestatistikkane?
Elitisme
Ideen om den urbane småbarnsfamilien som set og ventar på å realisere draumen om småbruket har likevel sett seg i norsk forvaltning gjennom ei serie av tilbakeflyttarprosjekt og bulyst-middlar. Når bygdene gjer seg lekre for unge nyutdanna urbane par, stadfestar dei det veterinær og “riksprovokatør” Anne Viken skriv i Syn og Segn. Nemleg at: ”Norsk distriktsmarknadsføring har eit snev av elitisme over seg”.
Kontraurbaniseringa kviler på eit ønskje om folk i grendene. Samstundes kvilar den på romantiserte kjensler for ein stilisert rural idyll, ein idyll forvalta og dyrka gjennom prosjektmakarane sin bodskap om at alle skal leve ut draumen om det lukkelege livet på landet.
Misstillit og kulturell motstand
I vårt strev etter å gjere oss lekre for turistar, tilreisande og potensielle tilbakeflyttarar, gløymer me kvarandre. Me gløymer bygdefolket og dei som bur og alltid har budd der. Me overser og ignorerer kvardagslivet åt bygdefolket og formar bygdene etter det me trur dei andre vil ha.
Budalsbonden Arve Sæter fortel til bladet Jakt og Fiske at: “Mange tilflyttere drar sin vei […], jeg kunne kanskje tenkt meg litt mer fokus på oss som tross alt blir her. Og helst med overskriften; En vanlig familie på landet”. Med det illustrerer han den ideologiske spenninga mellom synet på kva bygda er og kva den skal vere. Han set ord på kjensla av å ikkje bli sett og verdsett med det han og hans like bidreg med til bygde-Noreg.
For dei trur ikkje på det, bygdefolket. Dei opplever seg tilsidesett og umyndiggjort i den offentlege debatten om kva retning bygdene skal utvikle seg i. I den offentlege debatten om framtidige vegval for bygdene opplever bygdefolket at deira “standing” er redusert, at deira praksis vert utfordra av andre – av nye naboar, besøkande og tilfeldig forbipasserande. Tradisjonelle rurale interesser vert utfordra med nye aspekt som rein natur, stillheit, estetikk og villmark, aspekt med høgre standing i den offentlege debatt livleg forfekta av “buktalaren som snakkar i offentlegheitas namn”, for å sitere stjernesosiologen Pierre Bourdieu.
Eg snakka med fleire Flø-folk desse dagane. Og måten dei omtalte løesaka på gav meg assosiasjonar til dei same studiane som Krange og Skogen nytta som grunnlag for sin tidlegare nemnde artikkel. Studiar som syner at vanlege folk sin avvising av offisiell kunnskap er viktige element i eigen sjølvhevding og identitetskonstruksjon. Og eg tenkte det er grunn til å minne politikarar så vel som forskarar og prosjektmakarar på at me treng vere varsame, me treng å erkjenne vår eigen privilegerte posisjon. Me treng å vere vare for kor langt me kan hevde å ha forlate våre eigne førestillingar og interesser i bygdeutviklinga, gitt at det mesta alltid er oss sjølve som har initiert og definert prosjekta.
Bjørn Egil Flø
Norsk senter for bygdeforskning
Dette er ein kortversjon av ein artikkel trykt i Sosiologisk Tidsskrift nr 2, 2013
Les også oppslaget i Framtida.no
Anonymous writes:Hei,Jeg vil bare berømme deg for en meget interessant artikkel i Sosiologisk tidsskrift om spenningene mellom "den statsfinansierte middelklasseeliten" og bygdefolket. Min forlovede er vokst opp på Hareid og min svigerfar på Flø. For meg er Flø et paradis på jord hvor man kan sitte på moloen med en is kjøpt på campingplassen i sommervarmen og nyte den deilige, friske havluften. Jeg kunne gjerne tenkt meg å bo på Flø og pendle til en interessant jobb i f.eks. Ålesund eller Volda. Kombinert med min universitetsutdannelse og jobb i offentlig forvaltning tilhører jeg i så måte definitivt "den statsfinansierte middelklasseeliten".Konfliktlinjene du skisserer kjenner jeg igjen fra hvordan de som har bodd på Flø i generasjoner beskriver tilflytterne. Men det er en ting jeg har spurt meg, og som du nok har reflektert over: finnes det et alternativ for bygde-Norge?Småbonden møter stadig større konkurranse fra både utenlandske spesialprodukter (tilgangen på «gourmet»-mat fra utlandet har aldri vært så stor, og samtidig så billig som nå) og store, hypereffektive landbruksfabrikker på Østlandet. I denne sammenhengen holder det ikke lenger med 10 kuer og et par høns hvis man skal ha landbruk som hovednæring, og de naturgitte forholdene på steder som Flø vanskeliggjør storbruk som kan konkurrere med gigantene på Østlandet.Flø er jo faktisk en av de aller mest gunstige plasserte bygdene i landet med kort avstand til flere byer, slik at man kan både lokke turister og fungere som en slags rural forstad for sånne som meg. Min hjembygd, Engeløya i Nord-Norge, ligger tre timer fra nærmeste skikkelige by (Bodø) og har få slike muligheter. Dermed dør den sakte, men sikkert ut.Hvorvidt den kursen som er valgt nå ved å gjøre bygde-Norge til et eneste stort museum er den rette er jeg ikke sikker på, men står man ikke i praksis foran et valg mellom å gjøre seg selv til en turistattraksjon/forstad eller være vitne til hvordan bygda sakte dør ut?Vennlig hilsen,Lasse
Hei LasseFyrst takk for tilbakemeldinga og takk også for at du gav den direkte på bloggen. På den måten vert både din kommentar og mitt svar tilgjengeleg for fleire enn einast oss sjølve.Spørsmålet du dreg opp: «..finst det eit alternativ for bygde-Noreg?» .. er absolutt eit relevant spørsmål å stille og eg forstår også at du stiller nett det spørsmålet etter å ha lese artikkelen min. Likevel vil eg presisere at eg eigentleg ikkje er einsidig negativ til ideen om at grendene kan ha noko å hente på verken reiseliv eller på å sørve «den symbolkonsumerande middelkassa» sin hunger etter rurale identitetsmarkørar, anten dei no kjem frå byar eller tettstadar. Eg er berre kritisk til den einsidige dominansen denne ideen har fått i førestillingane åt dei som er sett til å skape og iverksetje prosjekta.Eg meiner at lokalsamfunnet sjølve treng å definere kva som skal vere den farbare vegen ut av uføret fleire av våre rurale grendene ser ut til å kunne hamne i. Ein treng å ha med seg nye så vel som gamle stemmer i debatten om bygdeutviklinga og alle må verte synt den same respekten og anerkjenninga. Det er ikkje opp til kommunale sakshandsamarar å definere kva slags næringsliv ein skal satse på kring om i grenden, det treng å vekse ut av viljen åt dei som ønskjer å drive. Den som reiser litt kring om i landet vil fort sjå – i alle fall den som evnar å forstå det ein ser kring seg – at det framleis gror godt kring dei rurale næringane. Langs kysten dominerer den marine industrien anten det er fiskeri eller akvakultur og den maritime mekaniske og teknologiske industrien blomstrar enno godt, trass dusinvis av syrgjelege spådomar frå handelshøgskuleutdanna forståsegpåarar som på 80- og 90-talet spådde dei ein snarleg død. Enda mineralressursane kan sjå ut til å ha potensiale for å igjen kunne verte lukrative næringar som med politisk klokskap (om ein kan få lov å drøyme om noko slikt i dag) kan vere viktige bidragsytarar for fleire rurale lokalsamfunn. Bygde-Noreg ligg ikkje for døden. I kvar ei grend og på kvar ein tettstad finst potente bedrifter som eksporterar høgteknologiske kvalitetsprodukt til ein verdsmarknad som kvar dag handlar for milliardar. Små og mellomstore bedrifter som kvar kjøper tenester frå underleverandørar som har spesialisert seg på å levere tenester nett til dei lokale bedriftene. Desse bedriftene treng å bli sett og dei treng å få handlingsrom og driftsvilkår som kan sikre framtidige satsingar der dei er. Då kan ein ikkje halde seg med retro-romantiske drøymarar som ivrar etter å ivareta ein rural idyll som aldri har eksistert. Livet i norske bygder er arbeid, det er jamt og trutt arbeid. Det er ikkje solnedgangar og svak austavind, men arbeid… nett som livet i norske byar. Men i hovudet åt enkelte kan det sjå ut som om det mentale rurale landskapet er i endring. Jamt fleire søkjer seg til det dei ser som ein autentiske ruralitet og arbeidar aktivt for å fryse ruraliteten i ei forhistorisk fantasitilstand. På dagsrevyen kan ein høyre veltalande unge menneskjer snakke om estetisk forureining av høgspentmaster, ein kan sjå dei verte intervjua gjennom vindauget på batteribilen sin og uttrykke sterk skepsis til vindmølleparkar medan andre protesterar mot mineralutvinning så vel som nye høghallar over skipsverfta sine tørrdokker som er meint å gi skaplege forhold for arbeidsfolka. Ingen av dei har nokon gong sprunge føtene av seg på glatte snødekte røyr langs keisinga ein tidleg februarmorgon i sørvest kuling og sludd. Ingen av dei anar kor mykje kraft som må fraktast frå fjordbotnane om dei skal kunne fylle batteribanken på bilane sine like fort som anna folk fyller disel på pikupen sin. Og ingen av dei tenkjer at dei skal leve av varer produsert for eksport til dei større marknadane utanfor universitets- og høgskulecampusane. Ein høyrer nykomne fjordingar klage over at dei ikkje har flytta til Sunnfjord for å sjå fjorden verte tilgrisa av sjødeponi for bergverksindustrien. Kanskje gjorde dei det for å leve (nokre år) i pakt med naturen, eller for å prøvde seg på økologisk hagebruk og handstøypte stearinlys …eller kva veit eg, men uansett er dei talefør og dei har store delar av den skravlande og skrivande klassa med seg, og dei når fram. Bygdene har enno mykje å leve av, spørsmålet er snarare kva skal ein leve av i byane? Kva skal ein ete og kva for verdipapir skal kunne skifte eigarar om papira ikkje lenger har materielle verdiar knytt til seg? Ein må få lov å produsere om ein skal halde liv i vona. Ei tid trudde mange at ein skulle greie å skifte lesten ein sydde skoen kring. Dei kalla seg marxist-leninistar og ville endre på dei grunnleggande strukturane som me bygde samfunnet på…. det var ein tiltalande tanke, men så store tankar tenker ingen lenger. Så då må me nok gjere det beste ut av det me har. Me må nok produsere for å leve. Det vere seg mat så vel som varer for eksport… sjølvsagt kan ein og annan lykkast med å koke såper og selje lindukar frå ei gamal løe også, men la no endeleg den ideen kome frå den som ønskjer det.
Anonym writes:Tack för intressanta texter! När man som svensk landsbygdsvän läser sådant här känns det lite som om vi lever i skilda, parallella universa, även om länderna ligger sida vid sida. Tänk om vi i Sverige hade en tydlig grupp välmenande, projektfinansierade bygdeutvecklare, vill man utropa med saknad!!När man befinner sig på den, i många avseenden, dystra svenska landsbygden och hör tal om riskerna med att förvandla norska landsbygden till ett bygdemuseum, vet jag inte riktigt hur man skall reagera. Jag förstår nog inte problemet helt enkelt. Varför se behovet av bevarade kulturlandskap osv så mycket som ytliga konsumistiska behov hos tillfälligt passerande turister? Kan vi inte istället se dessa behov som djupt liggande behov av kontinuitet och förankring – behov som annars har svårt att tillfredsställas i det moderna snabbföränderliga samhället?Jag förstår ju att uppstår spänningar ibland mellan å ena sidan mer övergripande teoretiska perspektiv på hur levande bygder bör se ut, och å andra sidan ett mer praktiskt perspektiv. Men allt jag har läst av norska forskare inom bygdeforskningen tyder på att det bland teoretiker finns en inlevelse i praktikers situation så att problemen inte behöver bli allvarliga. Vänliga hälsningar, Jonas Axelsson
Hei JonasEg trur det var den svenske geografen Gunnel Forsberg som – til liks med deg – brukte uttrykket «vi lever i olika univers» då ho skulle beskrive skilnaden mellom den norske og den svenske distriktspolitikken til ein journalist i NRK P1 for nokre år sidan. Og det er sant som du seier, skilnadane mellom den norske og den svenske landsbygda er iaugnefallande for den som av og til ferdast over grensa. Likevel trur eg at Forsberg då tenkte mest på det me i Norge kallar «den store distriktspolitikken» meir enn på «den vesle distriktspolitikken». For der den store distriktspolitikken har handla om distrikta sin posisjon i dei store politikkområda som forsvarspolitikken, samferdselspolitikken, nærings- og handelspolitikken samt fleire av dei andre politikkområda, kan det synast som distriktspolitikken no vert isolert til eit eige separat politikkområde mesta avskoren frå dei tunge politiske spørsmåla. Sjølv om kanskje landbrukspolitikken enno er det politikkområdet som framleis har distriktspolitikken tungt inne skjer det i dag betydelege endringar også her. I kjølvatnet av dei fyrste rapportane om at verda vert jamt meir svolten ser me at det no veks fram ei ny-produktivisme i landbruket – ikkje berre i Noreg anna enn over heile den vestlege verda. Me ser ei jamnt større politisk interesse i å oppskalere det norske landbruket heilt i tråd med læresetninga «meir større og færre». For meg ser det ut til at me no er i ferd med å få både ei konsentrering og ei intensivering av landbruket vårt, der vinnarane vert dei tre alt mest produktive landbruksregionane i landet. Resultatet vert at størstedelen av landet gror att i takt med at bøndene legg ned jordbruksproduksjonen og tømest for folk i takt med at det som for berre få år sidan var levande næringsaktivitet sluttar å aggregere eit minimum av økonomisk aktivitet i grendene.Løysinga som ein kjem opp med frå politisk hald vert altså å putte litt meir pengar inn i den vesle distriktspolitikken som skal stimulere til alternativ næringsutvikling i dei agrare grendene – og her vert altså reiselivet og draumen om tilbakeflyttaren og heile den post-moderne (eller post-produktivistiske om du vil) forståinga av grenda viktig. Kulturlandskapet og dei eldre kulturminna skal inngå som viktige innsatsfaktorar i den «nye økonomien» som skal drivast fram av det stadlege forbruket. Held utviklinga fram vil me sjå ein parallell framvekst av produktivistiske jordbruksgrender på den eine sida og kommodifiserte grender som kivast om å gjere seg lekre for den symbolkonsumerande middelklassa på flyktige visittar til den rurale idyll.Du spør «Varför se behovet av bevarade kulturlandskap osv så mycket som ytliga konsumistiska behov hos tillfälligt passerande turister?» Og spørsmålet er både viktig og relevant. Likevel vil eg påstå at det ikkje er behovet for å ivareta kulturlandskapet og kulturminna i seg sjølv dette handlar om, men snarare om ideen om at kulturminna skal inngå som grunnlaget for næringsutvikling kring ein simulert ruralitet. Det er her forbruket og særleg teorien om det nye forbruket vert viktig. Eg seier ikkje her at dette ikkje kan bli ein farbar veg for fleire av grendene våre reint økonomisk, sjølv om eg for så vidt godt kunne ha sagt at enno har det ikkje synt seg å vere det, men poenget mitt er meir kva som skjer med bygda og bygdebefolkninga i ein slik prosess. Artikkelen min er meir meint som ein refleksjon kring spørsmål eg tykkjer me som bygdeforskarar og velmeinande bygdevener bør reflektere kring i kjølvatnet av den kulturelle vendinga i bygdesosiologien så vel som i den praktiske bygdeutviklinga.
Anonym writes:Tack för ett mycket utförligt och intressant svar! Jag är i hög grad enig med det du skriver. Jag uppfattar som att du förespråkar ett slags "extensiv produktivism" och en omfattande och djupverkande distriktspolitik, och det är något som även jag gillar. Dock kanske en liten invändning är, att jag tycker mig se en lite för stor polarisering mellan "det estetiska" och "det ekonomiska" i ditt resonemang. Livet på landsbygden innebär förstås hårt arbete och ständigt närvarande ekonomiska aspekter, men det innebär också ofta en utvecklad estetisk förståelse och uppfattning, av till exempel kulturlandskap. Här talar jag utifrån egen erfarenhet. Jag bor själv på ett lantbruk och deltar åtminstone i viss utsträckning i lantbruksarbete. Detta boende och dettadeltagande spelar väldigt stor roll när det gäller att kunna värdesätta exempelvis vackra norska kulturlandskap. Vi tycks leva i en tid där estetiska aspekter spelar allt större roll generellt sett. Jag tolkar detta som i mångt och mycket en chans för bygder och bygdeliv. Den småskalighetoch variation som ofta kännetecknar levande bygder står sig helt enkelt väldigt bra när det gäller estetiska värden. Att polarisera det ekonomiska och estetiskatycker jag därmed är onödigt.Jag övertygas inte helt av resonemanget om en "simulerad ruralitet". Jag tror mer att ett slags partiell förståelse för det rurala har börjat att växa fram inom den urbana medelklassen. Vi kan se detta bland annat i det stora intresset för mat och matlagning; för vin och annan alkohol. Helt centralt är förstås att här betona, att förståelsen av det rurala är partiell. Men steget från att kunna intressera sig för vingårdar i Frankrike och Italien till att intresserasig för gårdsliv på den skandinaviska hemmaplanen, är faktiskt inte så stort. Jag tror det finns potential i detta medelklassiga intresse för mat och drycksom ännu inte till fullo har utnyttjats av landsbygdens folk i Skandinavien. Kanske kan man argumentera genom att peka på Frankrike – en utvecklad och exklusiv matkultur i ett samhälle måste vara sammankopplad med påtagligt stöd till bönder, lantbruk och landsbygd generellt.Med vänliga hälsningar, Jonas Axelsson
Hei igjen JonasDu er oppteken av estetikken i grendene og eg trur mange delar din uro for dei visuelle endringane som pågår, meg sjølv inkludert. For det skjer raske endringar om dagen, grendene endrar visuell karakter i eit tempo me ikkje har sett maken til i moderne tid. Paradoksalt nok er nett desse endringane med på å rive fundamentet under sjølve grunnressursen som mykje av den nye økonomien er tufta på. For grendenes estetikk er kulissene for mykje av den nye økonomien, det er grunnressursen for reiselivet og heile den kommodifiserte ruraliteten. Landskapet som representerar dei historiske linjene i ruraliteten som me no sel på glansa papir i turistreklamane vert for kvar dag som går eten opp av jordhungrig kratt og lauvtre som kryp jamt inn over beitemarkane. Skal ein evne å halde landskapet ope og spora etter folks historiske fotefar synlege i landskapet trengst eit berekraftig landbruk. Slik det ser ut no er verken den økonomiske eller sosiale berekrafta solid nok til at neste generasjon bønder vil overta bruka og dermed vert grendene liggande audsleg att i kjølvatnet. Personleg trur eg me nok har hatt ei overdriven tru på «symbolproduksjonslandbruket», rett nok finst det ei handfull, eller to, som tilsynelatande lukkast i den nye økonomien, men dei fleste gjer det simpelten ikkje. Utfordringa er å få dette til utanfor 2,5 timers beltet frå dei store byane, på den andre sida ser me no at i lys av ny-produktivismen så er det nett innanfor 2,5 t. beltet at ein satsar på produksjonslandbruket, medan bøndene på det brattlendte vestlandet og i Nord-Norge som ikkje ser ut til å ha noko val. Uansett er det siste eg vil tilrå bonden i Sørfold eller for den del på Flø, å satse på «symbolprodukt til den urbane middelklassa»… det fryktar eg einast vil innebere gjeld som vanskeleg vil la seg betale av anna enn arbeid utanfor bruket. Og kanskje er det mitt råd til desse bøndene og, skaff dokke arbeid utanfor bruket og trapp ned jordbruksdrifta, folket fortenar ikkje innsatsen dokka.
Anonym writes:Hej! Återigen: tack för utförligt och intressant svar. Jag har några frågor som det vore mycket intressant att höra dina reflektioner kring. 1) Vilka rörelser/tendenser i dagens Norge ser du som mest realistiskt hoppfulla tecknen när det gäller att arbeta för levande bygder, en "extensiv produktivism" osv? (Eller finns det inga hoppfulla tecken?). 2) Varför är inte lokal, ekologiskt inriktad produktion och lokala marknader en betydande möjlighet för småskaligt jordbruk? Själv har jag hittills sett detta som en viktig väg framåt. Men när jag läser det som du skriver, verkar du räkna in detta i den "symbolproduktion" som du inte tror mycket på. Jag ser dock inte medelklassens ökade efterfrågan på ekologiska och närodlade produkter som något rentsymboliskt, så jag skulle gärna höra mer om vad du säger om detta. En bra invändning är förstås att det är jordbruk nära storstäder som kan klara sig just på det här området. Men jag funderar på om det är hela sanningen. I Jämtland tycks det ju finnas betydande satsningar på att göra länet till ett centrum för ekologisk och lokal matproduktionoch detta län ligger ju inte nära storstäder… (jag känner dock inte alls till detaljer om de jämtländska satsningarna). 3) Finns det några andra (jämförbara) länder än Norge som du tycker har lyckats bättre med att bevara levande distrikt och levande småjordbruk? (Utan att vara insatt så är Schweiz och Frankrike två länder som jag har reflekterat kring i detta sammanhang.) Vänliga hälsningar, Jonas Axelsson
Hei,og beklager at eg ikkje har svara deg før. Du stiller tre grunnleggande spørsmål som eg skal prøve å svare på etter beste evne.1) Kva teikn ser eg for framleis levande norske bygder: Det er mange gode teikn i Norge om dagen, men det viktigaste er nok at det enno går tåleleg godt økonomisk. Til forskjel frå korleis gode økonomiske tider tenderar til å virke elles i verda og også historisk sett i Norge så ser me no at sentralisering delvis har slakka av på tempoet. For paradoksalt nok verkar vanlegvis gode økonomiske tider sentraliserande. Det som kan forklare at så ikkje har skjedd i like stor utstrekning som me elles er van med er fyrst og frems utviklinga i den rurale industrien og det faktim at mykje av industrien i Noreg er lokalisert i rurale områder. Det gjeld til særleg marin- og maritim industri. Både havbruk, skipsindustri og industri knytt til olje og gass har hatt stort behov for arbeidskraft. Det me ser av positiv folketalsutvikling i distriktsnorge kan i stor grad forklarast med arbeidsinnvandring. Utfordringa er å få arbeidsinnvandrarane til å bli og til å starte eigne innovative foretak som igjen kan sysselsette folk og bidra til vidare vekst.2) Kvifor er ikkje småskal matmarknaden like viktig i Norge som i fleire andre land: Her finst det nok fleire forklaringar, men ei av dei viktigaste er at norske forbrukarar tenderar til å sjå på det norske konvensjonelle landbruket som både lokalt- og økologisk nok. Det finst lite antiindustrielle haldningar til det norske landbruket. Dei eventuelle antiindustrielle haldningar slår kanskje sterkast ut som eit mentalt grensevern og favoriserar dermed norske produkt framfor importerte. Ei anna forklaring ligg i marknadsstrukturen i norge og særleg avstanden til store urbane marknadar. Norge er eit småbyland der byar som Trondheim, Bergen og Stavanger og endatil Oslo til ei viss grad er som småbyar å rekne i internasjonal samanheng. Gruppa av "high end" consumentar vert lita og kanskje altfor lita til at den kan utgjere det behovet som trengst om ein skal kunne tufte ein betydeleg del av landbruksproduksjonen på det. Ein annan ting er at det skjer og har skjedd mykje positivt på denne marknaden i dei siste åra, men slik det ser ut for den vanlege forbrukar er det lite protest i det å ha stand på f.eks bondens marknad. Dermed framstår bondens marknad like mykje som eit utstillingsvindauge for eit samla norsk landbruk og bidreg like mykje til å betre folk flest sin positive haldningar til norsk landbruk generelt.3) Finst det andre land som har lykkast betre enn Noreg med å sikre levande bygder: Det er vanskeleg å seie, for det finst uansett fleire land som har hatt eit dårlegare utgangspunkt og som kanskje har lukkast med å bremse enno større sentraliseringstrendar enn kva Norge har greidd. Både Sveits og Austerrike har begge oppnådd gode resultat. Og land som England, Wales og Skotland har alle kontraurbanisering – altså ein trend der folk flyttar ut av byane og til bygdene – det same ser me i delar av USA. Likevel trur eg det har meir med trasige byar å gjere enn med trivlege bygder. Den utbreidde norske hyttekulturen trur eg nærast fungerar kontraproduktiv om målet er å få folk til å flytte til bygdene. Så lenge folk har økonomi og høve til å skaffe seg ei hytte i rurale omgivnadar kan ein "shoppe" ruralitet når me ønskjer det og dyrke det trendy urbane livet når det måtte vere ønskjeleg. Utfordringa har er kanskje like mykje å få til ei integrering og ei oppmjuking av skillet mellom fastbuande og helgagjestane slik at ein kan evne å utnytte ressursane som ligg i det å ha store mengder folk i bygdene i helgar og ferietid.Det var fort og gale, men kanskje er her noko som kan sjåast på som eit slags svar på dine konkrete spørsmål.
Anonym writes:Stort tack för ett mycket fylligt och intressant svar! Med vänliga hälsningar, Jonas Axelsson
Tilbakeping: Bygdas bloggstemme | Framtida