Kjøt og kjensler i Elgbygda

Av Bjørn Egil FløBjorn E Flo

 

 

”Dei hevdar det”, sa Arvid. Eg hadde nett konfrontert den staute jaktlagsleiaren med at eg trudde elgkjøtet var vorte mindre viktig no når dei fleste av oss har råd til å kjøpe all den maten me ønskjer. ”Men”, held han fram ”.. eg trur likevel ingen på laget her ville ha jakta om det ikkje vart kjøt utav det”. Han trur tvert om at mykje av meininga med elgjakta er tufta på nettopp kjøtet.

I ei tid der postmoderne teori har lært oss at symbolikken har fått forrang for materialiteten er altså kjøtet likevel essensielt for jakta i Elgbygda. ”Ja det er det!”, seier Signe, ho er seint i 60 åra og driv eit lite bruk saman med sin eldre bror Bjarne. Dei har tett på tretti folk som meir eller mindre fast mottek elgkjøt frå dei. ”Alle syskena skal ha”, seier ho og fortel at dei var ni born til saman men no er dei berre seks att. Ein av dei bur på Sørlandet, men kjem alltid oppover i løpet av jakta får å få med seg litt kjøt heimatt. ”Det er så kjekt at han kjem”, seier Signe og meinar at broren ”..har rett på litt kjøt”, og legg til; ”.. i alle fall så lenge me har så mykje”. …

Sjølv Ellen, dottera til Signe si yngre søster, som bur i Trysil og er gift med ein ivrig elgjeger der, må ta med elgkjøt når ho er innom og ser til tanta og onkelen. ”Vi har meir enn nok elgkjøt, men eg greier ikkje seie nei takk. Eg har prøvt, men då har ho berre flira og sagt at me treng å smake litt ordentlig elg også og ikkje berre den seige trysilelgen”.

”Det er vår einaste overskotsvare”, seier Bjarne og refererar til ressursane naturen byd på. Her finn du tilitersspanner med nyplukka blåbær på trappa når du kjem på vitjing. Her vert du bydd på raksik så ram at rakauren i butikkhyllene vert mesta som luft å rekne. Dei saftar og rører og dei kokar og saltar i Elgbygda. Fisk, bær og kjøt, vert verdsett og skatta og om ikkje det reelt sett løner seg, så hjelpe det likevel på det moralske sjølvbildet.

Nøysemd er ein av bygdas sentrale dygder. Ein skal nyttiggjere seg av ”.. gratisressursane” som let seg hauste. I Elgbygda vert studentar og skuleelevar sendt tilbake på studenthybelen med kjølebaggar fulle av blåbær, molter og viltkjøt. For som Bjarne sa; dei haustbare ressursane er småbrukarens ”… overskotsvare”, for jordbruket aggregerar ikkje inntekter nok til at ein har råd til å sende kjøpekjøt i skreppa åt studentspirane.

Kanskje er det fleire som opplever det likt som Stein, minst tredje generasjon eigedomslaus elgjeger når han ein dag kjem seg med på eit lag. Han fortel at; ”.. det er litt kult å kome tilbake på hybelen med ei svær elgsteik – då blir det fest”. Han meinar det ikkje hadde vore det same om det var oksesteik han fekk med, og legg til: ”.. for elg er liksom ein del av meg det”.

Elgsteika som Stein serverar til sine studentvener i byen er altså den materielle representasjonen av kven Stein er. Ved å ta med seg elgkjøtet til universitetsbyen tek han også med seg si eiga historie og syner den fram for sine vener der. Han tek med seg bror sin, far sin og sin gamle bestefar – tre generasjonar elgjegerar – og han tek med seg mor, for han veit det var ho som la steika i skreppa. Han knyt band attende til der han høyrer til, attende til bygda og slekta.

Når søskena til Signe og Bjarne kjem innom barndomsheimen og får med seg litt elgkjøt heimatt, gjer dei det neppe berre fordi det er billig – dei gjer det fordi elgkjøtet er det som enno bind søskena til barndomsheimen. Og når Ellen set seg til bordet heime i Trysil ein dag, så fortel ho kanskje mannen sin og dei tre borna at ”i dag er det ordentleg kjøt på bordet, for i dag er det nemleg elgkjøt heimafrå”. Og kanskje vil borna juble og snakke om gammelonkel Bjarne og om kor kjekt det er å vere med ”tante” Signe å lage pølse.

Kjøtet bind Elgbygda saman. Når jegeren ber kjøtet til gards bind han ikkje berre seg sjølv til hushaldet han bind samstundes hushaldet til elgjakta. Kjøtet involverar hushaldet i jakta og gjer den relevant også for dei som ikkje ber gevær eller set på koia å sjauar. Kjøtet sikrar at elgjakta strekkjer seg inn i bygda, ikkje berre som eit framhald av den maskuline sosialiseringa på koia når medlemmar frå ulike jaktlag møtes på butikken, på jobb eller kanskje utfor porten på den kommunale barnehagen, men også inn i dei kvinnelege sfærar, til borna og til dei gamle – og endå til dei kvitmåla stovene på Sørlandet og til gråbeinsgårdane i studentbyane.

Bjørn Egil Flø

Ein kortare versjon av denne teksta vart trykt i Nationen den 20. juni 2001

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s