Arealpress i utmark

Av Bjørn Egil FløBjorn E Flo

Utmarka har gått frå å vere beitemark til å bli representasjonar for den symbolkonsumerande middelklassa sin iherdige projisering av flyktige identitetar. Kiting, hundekøyring og massemønstringar der tusenvis av DN-lesande middelklassemenn ivrar etter å simulere åndeleg slektskap med polarheltane våre, bidreg til å omdefinere utmarka og stiller store krav til forvaltingas handverkarar og utfordrar dei tradisjonelle utmarksnæringane.

Eg var på konferanse her om dagen*. Det var ikkje ein av desse store konferansane, her var ingen internasjonale delegasjonar eller anna storfolk, tvert om var det ein konferanse for dei mange små. Det var ein av dei som bidreg til dei små stega i rett lei, ein av dei som fortel oss at “det er det jamne arbeidet som dreg”. For dei var trottige og arbeidssame, folka på konferansen. Dei kom frå dei tradisjonelle utmarksnæringane våre, det var bønder, grunneigarar og reineigarar, det var representantar frå forvalting, politikk og forsking. Alle med fyrstehandskompetanse på det stadig meir konfliktfylte området som utmarka kring om i grendene er.

Kvar dag står det slag om utmarka vår, slag som alle bidreg til at den endrar seg. Kvar dag endrar også vilkåra for dei tradisjonelle brukarane seg. Og endringane kan me lese i landskapet, både det materielle fysiske landskapet og i det sosiale og mentale landskapet. Me kan lese det i røynslene åt dei som lever i og med landskapet og i forteljingane dei fortel.

Endringane er kopla saman med dei same endringane me ser i samfunnet elles og dei er tilnærma identisk med endringa dei norske bygdesamfunna er utsett for. Dei er drivne av dei same prosessane og knytt til skiftande økonomiske og kulturelle forhold som igjen kan skape grunnlag for teknologisk eller institusjonell nyskaping. På same måte kan også sjølve nyskapinga stimulere til betydelige økonomiske eller kulturelle endringar. Slik må også framveksten av den nye bygda forståast (Cloke, 2003, 2006). Oppkomsten av den nye bygda heng saman med at den gamle endrar seg og med endringane følgjer også den nye økonomien (Perkins, 2006; Woods, 2011).

Kommodifisering
Den nye økonomien kan best forståast ved hjelp av omgrepet kommodifisering. Den amerikanske filosofen Steven Best (1989) skildrar framveksten av den nye økonomien gjennom å studere forbruket, og hevdar me går frå varesamfunnet, via skodespelarsamfunnet til simuleringssamfunnet.

Varesamfunnet vaks fram då – lat oss sei gulrota – gjekk frå å vere maten åt bonden til å verte vara som skaffa bonden maten. Altså ein transformasjon frå mat til matvare. Seinare vaks skodespelarsamfunnet fram. Her gjekk gulrota igjennom enno ein transformasjon. No vart det mogeleg å selje sjølve opplevinga av å sjå bonden stå bøygd i ein haustvåt gulrotåker. Bonden var skodespelaren og gulrota kulissene i det me opplevde som eit autentisk teater om bygdekultur. Av og til fekk me også snakke med ekte bønder når me køyrde forbi supermarknadane for å kjøpe gulrøtene frå låveutsala i solveggen. Simuleringssamfunnet er det siste tilskotet på forbruksskamma. No skal bygdene og utmarka festast på smarttelefonanes minnebrikker og postast på facebook saman med fyndige tweets som “urørt, pudder og ubegrenset med melkesyre i låra”.

Kvar av desse overgangane representerer eit skifte av meiningsinnhaldet ved ressursen, bygda og utmarka. Utmarka har gått frå å vere beitemark via ei råvare for eksport ut av bygda til å bli representasjonar for den symbolkonsumerande middeklassa, seier gjerne sosiologane. Den har blitt eit symbol i vårt iaugefallande konsum (Veblen, 2005) og ein rekvisitt i vår iherdige projisering av flyktige identitetar. Den nye økonomien har ikkje berre omdefinert ressursen, den har også ført med seg nye brukarar som søkjer legitimitet for sine interesser og den har komplisert forvaltingsmodellen.

Å leve saman som menneskje
For det handlar om forvalting, eller sagt på ein annan måte; det handla om å leve saman som menneskjer. Og nettopp det er eit av kjernespørsmåla her; korleis evnar me å leve saman som menneskjer?

For me skil oss alle frå kvarandre, me har alle ulike interesser og motiv i kvardagen, me har ulike tradisjonar og religionar og me har ulik mengde kapital – økonomisk so vel som kulturelt – og me høyrer til ulike kulturar. “Sosialt”, hevdar den amerikanske sosiologen Richard Sennet (2012), så “søkjer me å unngå å involvere oss med folk som er ulik oss sjølve”. Me flokkar oss i homogene grupper og oppsøkjer våre like, me lever våre kvardagsliv heilt i tråd med læresetninga om at like born leikar best. Enda i politikken ser me, trass påstandane om at me alle har blitt så globale og mobile, så strevar me etter å gjere fleire folk og kulturar like oss sjølve.

“Samarbeid er eit handverk”, seier Sennet (2009) vidare “eit handverk tufta på evna til å lære og å lytte”. “Me treng å diskutere heller enn å debattere”, seier han og skil dermed mellom desse to omgrepa som for oss vanlege folk kan synast mesta like. For debatten, hevdar han, handlar einast om eit ønskje om posisjonering – sosialt so vel som politisk. I diskusjonen derimot, søkjer me å nå omforeinte mål gjennom dialogiske samtalar mellom jambyrdige anerkjende partar.

Om det er mangel på forståing eller annerkjenning som gjer det, skal eg ikkje seie, men dagens forvalting ser uansett ikkje ut til å ville skode til grunnprinsippa for samarbeid, i alle fall ikkje når det gjeld forvalting av utmarka. Her kan det sjå ut som at dei frelste einast har vorte sterkare og sterkare i trua på dei to autoritære ytterpunkta; privat eigedomsrett og statleg styring.

Det sjølvstyrte lokale forvaltingskollektivet
Det starta ein gong på 60 talet, etter at biologen Garret Hardin (1968) hadde publisert sin artikkel med den missvisande tittelen “The Tragedy of the Commons” (allmenningens tragedie). For det var aldri nokon allmenning Hardin skisserte, og hadde det vore det hadde det heller aldri vore ei tragedie, snarare tvert om. Men det såg ikkje ut til å bety noko for dei statlege forvaltarane og politikarane. Privatisering og statleg kollektivisering vart helde fram som den einaste farbare vegen ut av den imaginære tragedien.

I nyare tid derimot ser det ut som at målet med privatisering ikkje lenger ser ut til å vere å unngå allmenningens tragedie, men snarare å gi insentiv til næringsutvikling. Medan statleg styring på sin side ser ut til å ha fått ansvaret for å ivareta fellesskapets interesser gjennom vern.

“Men”, seier Elinor Ostrom (1990, 2005) – verdas kanskje fremste autoritet på forvalting av fellesressursar og vinnar av Alfred Nobel’s minnepris i økonomi i 2009 – “verken privatisering eller kollektivisering ser ut til å fungere bra”. Til gjengjeld foreslår ho ein tredje veg: det sjølvstyrte lokale forvaltingskollektivet. Dei beste forvaltingsregima, hevdar Ostrom, i tydinga dei mest berekraftige, finn me der folk som har levd saman lenge, og der ein aktar å halde fram med å leve saman, i fellesskap får kontrollere bruk og vern. Det er her me finn regimene som er best tilpassa ressursen dei er tenkt å forvalte, det er her me finn dei mest sofistikerte og finstemte vedtaks- og handhevingsmekanismane og det er her tilliten og legitimiteten til forvaltinga er størst.

Ostrom finn at lokale styringsformer basert på frivillig samarbeid, sjølv mellom konkurrentar, knytt til sameinte spelereglar og praksisar – altså sjølve grunnmodellen åt det sivile samfunnet – under visse vilkår er meir effektive enn både privat og statleg styring.

Ostrom presiserer at vellukka sjølvstyrte lokale forvaltingskollektiv ikkje kan fungere aleine. Det inngår i samfunnet og må ha eit mandat og ei ramme frå storsamfunnet for å sikre legitimitet og autoritet internt i organisasjonen. Ramma må sikre samsvaret mellom storsamfunnets verdiar og lokale styringsprosedyrar. Det sjølvstyrte lokale kollektivet treng reell rett til å lage reglar, til å overvake ressursbruken og til å sanksjonere dei som bryt dei lokale forvaltingsreglane. Vidare, hevdar Ostrom, lyt det vere samsvar mellom ressursgrensene og styringsorganisasjonen. Der ressursen strekkjer seg over fleire bygdesamfunn må den lokale styringsorganisasjonen byggjast opp føderalt. Og ikkje minst veit me at forvaltingssamarbeid krev at alle partar annerkjenner dei innvolverte brukaranes legitime rettar – at ein annerkjenner kvarandre sine rettar heilt på likefot med sine eigne.

Allmenningen
Her til lands er det fyrst og fremst stats- og bygdeallmenningen ein tenkjer på når ein snakkar om allmenningar. Me finn også eit samsvar mellom slik det var tenkt kring reformene i allmenningslovene på 1850 talet og Ostrom si tenking om det sjølvstyrte lokale kollektivet (Flø & Berge, 2009). Fyrst på 1800-talet, etter fleire år med rovhogst i skogen, spekulerte nemleg embetsverket på korleis ein skulle kome seg ut av uføret ein var hamna i. Løysinga dei kom opp med var den same som dagens ideologi tilrår – privatisering – men heller ikkje då verka det. I 1857 og 1863 tok Stortinget to vellukka grep. Dei gav klare rammer for avgjerdsprosedyrane for dei som hadde rett i allmenningane og dei introduserte eit tydeleg skilje mellom grunneigaren sine rettar og allmenningsretten. Allmenningsinstituttet vart tufta på ideen om nettopp sjølvstyrte lokale forvaltingskollektiv, eit prinsipp som også enno er berande i allmenningane våre.

Dei klassiske norske allmenningane har fungert godt, nettopp derfor har også forskinga på allmenningane vore beskjeden. Det er nemleg ikkje ei prioritert oppgåve for norsk forsking å finne ut kvifor ting verkar, men for den som ønskjer betre ressursforvaltning er det ikkje berre viktig, men essensielt. Ostrom ville ikkje fått nobelprisen om ho ikkje hadde kunna dokumentere ut over all rimeleg tvil at allmenningar både i Sveits og Spania har eksistert som velfungerande lokal forvaltingskollektiv i snart 1000 år. Dette er også ein del av den respekten for empirisk kunnskap som Nobelprisen peikar på. I over 40 år har Elinor Ostrom og hennar kollegaer lagt fram empiriske prov på at under dei rette føresetnadane er vanlege folk fullt ut i stand til å ta vare på ressursar til fellesskapets beste. Ho har gjort debatten om ressursforvalting til noko meir enn partielle resonnement innan teoretiske modellar på økonomen sitt skrivebord. Ho har observert kva som skjer i den verkelege verda, ho har systematisk framskaffa kunnskap om korleis det sjølvstyrte lokale kollektivet fungerar som forvaltar.

Me treng å tenke gjennom kva me kan lære av Ostrom sitt arbeid. Me treng å tenke gjennom kva me kan lære av det norske allmenningsinstituttet. Me treng å revitalisere allmenningen og å ta i bruk lærdomen og kunnskapen i forvaltinga av dei mange nye allmenningane me er i ferd med å utforme. Kva kan Ostrom og allmenningsinstituttet fortelje oss om forvaltinga av strandsona, nasjonalparkane, landskapsvernområda, verdsarvområda, jaktvalda, rovdyrområda, finnmarksallmenningen, elvane våre og dei lakseoppdrettsfrie fjordane?

Gå i lære hjå handverkarane
For forvalting er eit handverk og handverk lærer me best ved å gå i lære hjå dei som kan det. Etter mitt syn bør Elinor Ostrom sine empiriske prov – samla saman av eit hundretals forskarteam knytt til the Workshop in Political Theory and Policy Analysis, gjennom studiar av tusenvis av ulike forvaltingsregimar – vere ein inspirasjon for vår heimlege praksis og tenking kring forvalting av rurale ressursar. For det stemmer ikkje det ein ofte høyrer frå forvaltingas retorikkarar; ”at den beste forvaltingsmodellen er den uprøvde” – tvert om er dei beste forvaltingsmodellane velprøvde og ofte har dei fungert i tusenvis av år. Det handlar berre om å sjå dei og ikkje minst om å lære av dei. Det grunnleggande spørsmålet er; kva rolle skal grunneigarar, bygdefolk og lokalsamfunn ha i høve til det statlege byråkratiet?

Kanskje er det svaret dei fryktar – dei statlege forvaltarane. Kanskje er det den enkle grunnen til at me vel å ikkje søkje lærdom frå dei fungerande regima? Uansett, kan det i dag sjå ut til at byråkratiet er sikrare enn nokon gong på at lokalsamfunnet bør ha minst mogleg innverknad.

Eg vil oppfordre alle som i årevis har arbeida jamt og trutt med bruk og forvalting av utmarka vår – alle som har eit ærleg ønskje om ei betre forvalting – om å halde fram arbeidet. Me treng å reflektere kring spørsmålet: Kva ville resultatet vore om ein tok lærdom av Ostrom, eller av prinsippa som låg til grunn for vår tidlege allmenningslovgiving her til lands? Kva ville resultatet vore om me tok lærdom av dei flinkaste forvaltingshandverkarane – dei som kan å leve saman som menneskjer? Ville det vore betre eller dårlegare? Og kven ville eventuelt fått det dårlegare?
Skal me få svar på det trengst det forsking på dei regima som fungerer og me treng mot til å forsøke å forstå. Eg vil utfordre politikarar og forvalting i Kommunal og regionaldepartementet, Miljøverndepartementet og Landbruks- og mat departementet til å vere modige no. Trom saman eit team av kompetente folk – brukarar og byråkratar så vel som forskarar – biologar så vel som samfunnsvitarar, historikarar så vel som juristar og antropologar så vel som økonomar – set dei alle saman i eitt miljø og la dei levere kunnskap om kvifor ting fungerer.

Referansar

Best, Steven. 1989. The Commodification of Reality and the Reality of Commodification: Jean Baudrillard and post-modernism. Current Perspectives in Social Theory 19:23 – 51.
Cloke, Paul. 2003. Knowing ruralities? I Country Visions. Redigert av: P. Cloke. Pearson Prentice Hall. London.
Cloke, Paul. 2006. Conceptualizing rurality. I Handbook of Rural Studies. Redigert av: P. Cloke, T. Marsden & P. H. Mooney. Sage Publications. London.
Flø, Bjørn Egil & Erling Berge. 2009. Den noble allmenning. Nationen, Kronikk, 8.11.2009.
Hardin, Garrett. 1968. The Tragedy of the Commons. Science 162 (3859):1243 – 1248.
Ostrom, Elinor. 1990. Governing the Commons. The Evolution of Institutions for Collective Action. Cambridge University Press. Cambridge.
Ostrom, Elinor. 2005. Understanding Institutional Diversity. Princeton University Press. Princeton.
Perkins, Harvey C. 2006. Commodification: re-resourcing rural areas. I Handbook of Rural Studies. Redigert av: P. Cloke, T. Marsden & P. Mooney. SAGE Publications. London.
Sennett, Richard. 2009. The Craftsman. Yale University Press. New Haven.
Sennett, Richard. 2012. Together: The Rituals, Pleasures, and Politics of Cooperation. Yale University Press. New Haven.
Veblen, Thorstein. 2005. The theory of the leisure class: an economic study of institutions. Aakar Books. Delhi.
Woods, Michael. 2011. Rural. Routledge. Abingdon.

* Konferansen “Arealpress i utmark” vart arrangert av nokre av mine kollegaer ved Norsk senter for bygdeforsking den 6. mars 2012

________

Bjørn Egil Flø

Innlegget har stått på trykk i tidsskriftet PLAN nr 3-4/2012

2 Comments on “Arealpress i utmark

  1. frode writes:Godt skrevet, og stort sett enig. Men også litt uenig selvsagt, men det tar vi etter ferien :-) God sommer!

  2. Hei Frode, eg reknar med me kan ha mange gode diskusjonar etter ferien om dette. Likevel vil eg nytte høve til å utdjupe litt her (du kan ta det som heimelekse før me skal diskutere vidare). Jahn Petter kommenterte innlegget på facebook sida Venner av norsk landbruk og meinte eg «..glemte eit vesentleg poeng. Almenningen forutsetter like fullt eksklusive rettigheter og en stabilitet i antallet brukere. Satt på spissen kan vi si at bygdealmenningene besto fordi alle andre enn odelsguttene måtte finne seg noe anna å gjøre» og vidare hevda han at «allmenningens suksess ikke et resultat av ordningene blant brukerne, men av at de som drog valgte å reise ut i stedet for å utfordre privilegier og rettigheter.»Svaret til Jahn Petter får du (og alle andre lesarar) her:Du har heilt rett, Jahn Petter, i at allmenningen føreset at ein definerer klart kven som har rettar og kva rettar den einskilde har, nett det skil allmenningen frå eit «open access» som Hardin eigentleg skisserte. Derimot tek du feil når du hevdar eg gløymde dette.Elinor Ostrom dreg opp eit sett grunnleggande føresetnadar som alle må oppfyllast om forvaltingsregimet skal vare over tid.1. Klart definerte genser (sosialt og i høve til økosystemet)Forvaltningsinstitusjonar for berekraftig ressursutnytting treng regelverk som avgrensar ressursen, kven som har legitime rettar i ressursen og korleis ressursen skal utnyttast2. Kongruens i fordelinga av rettar og plikterForvaltningsinstitusjonar for berekraftig ressursutnytting fordeler goda frå ressursbruk omlag proporsjonalt med korleis regelverket legg kostnadar på den einskilde brukaren. Og regelverket for bruk er tilpassa den lokale kunnskapen om tilstanden i ressursen.3. Rett til å formulere og revidere bruksreglane (prosedyrar for kollektive val)Forvaltningsinstitusjonar for berekraftig ressursutnytting er brukarstyrt. Dei har ei "grunnlov" som gir prosedyrereglar for legitime avgjerdsprosessar om forvaltninga av ressursen. Dei fleste som er påverka av regelverket har høve til å vere med i utforminga av det.4. Lokalt kontrollerte overvakingsmekanismarForvaltningsinstitusjonar for bærekraftig ressursutnytting har system for overvaking av bruken av ressursen og for informasjonsinnhenting om status og utvikling til ressursen. Dei som vaktar ressursen og hentar inn informasjon er anten brukarane sjølv eller folk som gjer det på oppdrag for brukarane.5. Trinnvis styrke i straff for brot på reguleringaneForvaltningsinstitusjonar for berekraftig ressursutnytting har system for dømming og straff ved regelbrot. Sanksjonane er sterkt differensiert etter situasjon og type regelbrot.6. Lavkostnadsarenaer for konfliktløysingForvaltningsinstitusjonar for berekraftig ressursutnytting har system for konfliktløysing ved interessekonfliktar og konfliktar om regeltolking mellom dei som har legitime rettar i ressursen.7. Det lokale sjølvstyret er respektert av statsmaktaMaktbruken til forvaltningsinstitusjonar for berekraftig ressursutnytting er avgrensa og legitimert av staten.I tillegg drøftar Ostrom den hierarkiske oppbygginga av forvaltingsregimet og hevdar at i komplekse ressurssystem bør forvaltninga vere delegert og fordelt på brukarorganisasjonar tilpassa ressurstype og lokale tilhøve. Forvaltningsinstitusjonen bør byggjast opp omkring samanslutningar av lokale organisasjonar. Ho tek til orde for at ressursbrukarane skal ha rett til å organisere seg sjølve (pkt 7) og at staten må anerkjenne dette på eit minimum. Når det gjeld tilhøvet mellom sentral og lokal forvalting er det til ei viss grad eit uløyst problem, men det er få i dag som ventar å finne ei einskild løysing på dette – her er det tale om skreddarsaum. Forskingsfronten i dag finn me under overskrifta «adaptive co-management» som har kome inn etter kvart som ein har erkjent korleis økosystem stendig endrar seg. Det er nett under desse stendige endringane at det sjølvstyrte forvaltingskollektivet har sitt fortrinn. Forvaltinga må kvart år samle inn kunnskap og tilpasse seg økosystemet, og det er nett denne kunnskapsinnhentinga og tilpassinga som skjer raskast og rimelegast gjennom dei sjølvstyrte einingane.Likevel må det presiserast at lokal forvalting klarar seg ikkje aleine, og det er her omgrepet «poly-sentrisk system» kjem inn – eit omgrep utvikla av Elinor og mannen Vincent Ostrom då dei studerte politi og brannvesenet i Indiana. Eit polysentrisk system består av fleire ulike lokalt organiserte einingar for produksjon av offentlege gode. Det er lite regulert av overordna styringssystem og inneheld mange eigenutvikla «konstitusjonelle» reglar. Det sjølvstyrte systemet er prega av eit regelhierarki:1) Tolking og bruk av reglane. 2) Utforminga av reglane 3) Reglar om å lage reglar og til slutt 4) Meta-reglane (fellesverdiar og trussystem osv.) I dag ser me at storsamfunnet og den statlege forvaltinga ser ut til å ha aukande interesse i å arbeide seg oppover i systemet og ønskjer stadig meir innverknad på utforming, og endatil på tolkinga og bruken, av reglane.Dagens utmark har eit langt breiare spektrum av fellesgode enn det ein har historisk erfaring med. Og brukarane av tradisjonelle fellesgode har ofte lite kunnskap om og interesse i moderne gode som biodiversitet og andre økosystemtenester. Nett derfor er det fellesforvaltning veks fram mange stader i verda. Mangelen på erfaring med fellesforvaltningog nye økosystemtenester burde mane til varsemd og ei eksperimentell haldning til nye reglar. Det finst inga oppskrift på den ”optimale” forvaltningsorganisasjonen. Dette gjeld både for den einskilde organisasjonen og for systemet av slike organisasjonar. Studiar av komplekse sjølvorganiserte system har så langt konkludert med at det er praktisk umogeleg å finne ei optimal løysing reint analytisk. Det poly-sentriske systemet har ein del gunstige eigenskapar som tyder på at det – i det lange løp – vil finne betre løysingar enn eit hierarkisk byråkrati. Ein av dei viktigaste her er evna til å lære og omstille seg raskt. Sentrale styringsorgan kan gjere mykje for å legge til rette for slik læring og omstilling. Ein føresetnad er i so fall at ein lyt akseptere at somme kan komme til å mislukkast (relativt sett), men truleg kan ei form for adaptiv fellesforvaltning gjere, om ikkje alt, så i alle fall noko betre?Det var eit forsøk på å svare deg Jahn Petter, det vart langt…., men sidan du har fleire års fartstid hjå forskingsfronten reknar eg med du evna å henge med.Bjørn E

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s