RURALE REFLEKSJONAR

Arkiv

Av Bjørn Egil Flø   Ein ven av meg har kviskra meg i øyro at Fosen trafikklag har foreslått å redusere rutetilbodet til Froan enno ein gong. Dette vesle øysamfunnet som strekker seg nokre titals sjømil nordover omlag ein halvannan time utanfor trøndelagskysten i Frøya kommune vil dermed få ytterlegare innskrenka moglegheiter til å kome seg opp av hengemyra moderniteten har ført med seg. Dette for meg til å tenke på vår… Les meir

Av Bjørn Egil Flø   Hjå sportsfiskarar verda over er fiske etter anadrome laksefiskar, rekna som det edlaste av alt sportsfiske. Grada av eksklusivitet ser ut til å auke i takt med at vasstemperaturane fell og oksygeninnhaldet i vatnet stig på vegen nordover langs breiddegradskalaen. På kjøpet føl gjerne sceniske omgivnadar og lange lyse sumarnetter som bidreg med sitt til at sjølv dei tettaste myggsvermane lettare kan ignorerast. Stadig fleire, både her… Les meir

Av Bjørn Egil Flø   Det er sjeldan ein er vitne til ein tilsvarande sutring som den reiselivsnæringa i Finnmark la for dagen i førre veke. Mi største bekymring er likevel knytt til den politisk uklokskapen dei avslører når dei i Nordlys og VG sine nettutgåver går ut å angrip Fiskeri- og kystministeren for å ha sagt det me alle veit. Det heile starta då Helga Pedersen hadde vore på NHO sin… Les meir

Av Bjørn Egil Flø   ”Sorry mate, it’s payback time” sa Mark, me stod ved breidda av Oreti River å såg på den svarte ryggen åt ei rettleg storaure på minst 8 kilo. Mark hevda det var hans tur å prøve no, etter å ha gitt alle dei tre føregåande sjansane til meg. Ein middels utvikla rettferdssans fortalde meg at han hadde rett. Etter å ha følgt med i Nationen dei siste… Les meir

Av Bjørn Egil Flø   Han sa det aldri rett ut, far min, men han sa det då likevel. Det var på dei mange endelause helgeturane med vår gamle Austin Cambridge at han indirekte lærte meg at ekte mannfolk ikkje et kliss. Du skjønar eg via nesten to år av livet mitt til denne merkelege forma for helgesyssel som det var å fylgje far min for å sjå på nyfjøsane åt bønder… Les meir