Emissæren Sachs og frihandelsdogmet
Av Bjørn Egil Flø
Eg får dei same assosiasjonane kvar gong eg ser han avbilda. Jeffrey Sachs, denne nyvaska stjerneøkonomen som med sine enkle reknestykke og løysingar føreset konsekvent at alle forslag verkar som dei er tenkt. Han greier på eit underleg vis å setje meg attende til indremisjonsmøta i mi heimlege sunnmørsgrend på slutten av 70- og fyrst på 80-talet.
For der står han, emissæren, smilande og nykjemd i blåskjorta si, med ein ulasteleg slipsknute perfekt stramma under adamseplet. Men det er meir enn utsjånaden spesialrådgivar for FN og prestisjeøkonom Sachs har til felles med min barndoms emissærar. Ingen av dei har nemleg nokon sinne spurt etter empiriske prov for læra dei predikar. …
I Aftenposten onsdag den 9. juli er han på ny ute å forfektar frihandel og ein ny ”grøn revolusjon” som løysinga i kampen mot fattigdom og svolt i verda. Ein kvar oppegåande person vil sjølvsagt spørje seg korleis det då heng saman at det kan oppstå ei matvarekrise nett no når det aldri har vore meir frihandel i verda? Eller korleis kan det ha seg at det kan vere matvareknappleik når me aldri heller har nytta større mengder kunstgjødsel og sprøytemiddel og aldri har me hatt større utbreiing av mirakelteknologien GMO i planteproduksjonen heller? Men altså likevel – folk svelt.
Poenget er at medan dette er spørsmål du, ein alminneleg oppegåande verdsborgar, spør deg, så er det samstundes spørsmål som ikkje vedkjem Sachs eller nokon av dei andre frelste Freedman disiplane. For desse karane er ikkje som Peter. Desse karane fornektar ikkje sin herre sjølv om det buttar litt mote, nei dei krummar nakken og går hardare ut enn nokon sinne. Dei er kanskje mest å samanlikne med 70 talets Marxsist-Leninistar som nekta å sjå Stalin sine herjingar, dei tviheld på teorien og fornektar alle empiriske prov som fortel oss at teorien perverterar i praksis.
Men til forskjell frå 70 talets revolusjonære står ikkje Sachs aleine og han står heller ikkje langt frå makta. Kring han surrar nemleg verdas mektigaste politikarar pluss ei handfull avdanka britiske kjendismusikarar som alle innbiller seg å ha fått tildelt vet då dei kjøpte tittelane sine. Og alle ignorerar dei det faktum at medan frihandel einast styrkar dei industrialiserte næringssektorane i dei alt rike landa er det proteksjonisme og eksklusive handelsavtalar som historisk sett har vist seg effektiv for land som har greidd å ta seg ut av fattigdomen. Fattige lands landbruk aleine, vil neppe kunne spele ei tilsvarande viktig rolle sjølv om dei eventuelt skulle lykkast i å gjennomføre ein transformasjon frå småskala hushaldsnæring til agribusiness. Til det er både dei infrastrukturelle og dei institusjonelle føresetnadane i den tredje verda for svake. Då hjelper det heller ikkje at arrogante maktinstitusjonar som WTO og Verdsbanken pressar landa til ytterlegare å bygge ned det vesle dei har av offentlege forvaltning og politisk styring av økonomien.
Skal dei fattige landa greie å utvikle ei sunn agrar næring som kan bidra til sosial likskap og rettferd bør dei halde seg langt unna utvikling av frihandel og agribusiness og eventuelt andre råd Sachs og vennane hans skulle kome med. Då bør ein rette merksemda mot korleis ein skal sikre nasjonalt eigarskap til landets eige distribusjons- og foredlingsledd og hindre at det fell i hendene på multinasjonale selskap. Skal ein greie det lyt ein nok snu seg til heilt andre institusjonar enn WTO, for landbrukspolitikken har langt fleire møtepunkt med både sosial og velferdspolitikken samt med tryggingspolitikken enn den har med både nærings-, industri og handelspolitikken.
Nett det vert også trekt fram i The International Assessment of Agricultural Science and Technology for Development (IAASTD) sin rapport som vart lagt fram 15. april i år. Sidan 2002 har meir enn 400 forskarar frå heile verda vore samla i det som kan kallast jordbrukssektoren sitt svar på FN sitt klimapanel. Arbeidet, som er finansiert av Verdsbanken, har vore under oppsyn av ei styringsgruppe som består av 30 regjeringar, 30 NGOer, deriblant også representantar frå agribusinessinteressene.
Konklusjonane var eintydige for; lokalt eigde småskala agroøkologiske løysingar. Rapporten går kraftig imot storskala industrilandbruk og åtvarar mot risikoen som ligg i monokultur og det dei omtalar som ”industriplantesortar” i jordbruket. Den stiller seg også relativt kritisk til genmanipulerte landbruksprodukt sjølv om dei, noko overraskande, ikkje avviser at GMO kan spele ei viss rolle for matvaresituasjonen. Viktigast av alt er det likevel at den sterkt frihandelskritiske rapporten som er utvikla innanfor Verdsbankens eige institusjonelle system og som utvitydig slaktar dagens handelsregime, vert så fullstendig ignorert i norske media og i den norske offentlege debatten.
Dette skjer samstundes som dei norske næringslivsjournalistane spring føtene av seg for å halde fram mikrofonen for den same mannen som rådde Jeltsin til å gjennomføre Russland sin ”sjokkterapi” i 1991, ein terapi som opna dørene på vidt gap for landets mektige Oligarkar. Utan snev av kritisk evaluering føreskreiv han seinare ei tilsvarande ”sjokkdoktrine” for Irak. Der sendte han over ein halv million offentleg tilsette på gata over natta. Det tragiske resultatet kom til syne då landet brått vart ståande utan både lækjarar, sjukepleiarar og politi. Likevel skal me altså vere nøydde til å akseptere at desse frihandelsemissærane uimotsagt skal få lov å spreie sine dogma i norske næringslivsaviser.
Artikkelen har stått på trykk i Dagens Næringsliv 23.07.2008 .
Les også Erna Solberg sit motinnlegg i Dagbladet 6.august her
Anonymous writes:
Godt gjort å få dette inn i DN. Slikt treng vi meir av.I 1996 gav Magnar Norderhaug ut boka "Verdens Mat". Der skriv han mellom anna:Dersom verden går inn i en epoke med knapphet og prisvekst på mat, er det behov for en ny jordbrukspolitikk som forener-økologiske hensyn-økonomisk lønnsomhet-nasjonale egeninteresser-global solidaritetsitat slutt.I lys av dette, IAASTD-rapporten og uhorvelege mengder annan dokumentasjon, vert Lars Sponheim sin kommentar til brotet i WTO-forhandlingane (Bondenorge på sitt verste)nærast tragikomisk. Eg saknar nokon som tek opp arven etter Magnar Norderhaug. Eg finn dei i alle høve altfor sjeldan i media. -p.g.sætre
Anton Teig writes:
Dette er meget bra Flø. Jeg leste innlegget til Erna Solberg i Dagbladet (http://www.dagbladet.no/kultur/2008/08/06/542740.html) og fant ut at jeg måtte finne innlegget ditt ogsåA. Teig