Prestesonsyndromet

Av Bjørn Egil FløBjorn E Flo

 

 

 

HAN VAR streng, men lågmælt, kommunalministeren på radioen. Det var like før jul og sjølv med ein søknad om kommunesamanslåing frå Leksvik og Rissa på bordet, var han lite imponert av kommune-Noreg.Sanner prestekarikatur I heile 2015 har han vitna den prestisjetunge kommunereformas støe kurs mot havari, men no var det på tide å syne politiske musklar og økonomisk makt.

Eg kom til å tenke på prestesonen heime, då eg høyrde innslaget. Han brukte sete stille i klasseromet. Salmeversa sat som spikra, det var kanskje ikkje det som imponerte oss mest, han hadde trass alt eit fortrinn i nett den sjangeren. Men han var også godt førebudd til høgtlesinga. Der oss andre stotra oss fram med dårleg diksjon og famlande lydstaving flaut det lett for prestesonen.

Det meste gjekk bra, lenge. Men i løpet av dei siste to åra på ungdomsskulen gjekk han frå å vere sjølve representasjonen av ein vel oppdradd gut til å bli ein ramp av ein ungdom.

Fleire år seinare, kom eg i prat med far hans. Eg sat ved eit fjellvatn med fiskestonga då han – som no var vorten gamlepresten – sette seg ned ved sida av meg.

«Du kjenner son min du», sa han.

«Jau da, eg kjenner då han».

«Ja», sukka han berre. Så sat me der å såg på duppen som låg å vaka i vasskorpa i skarp motsol og fyrst etter eit par minutt knatt det i gamlepresten igjen.

«Prestesonsyndromet», sa han tankefullt, før han røyste seg, ønskte meg skitt fiske og gjekk vidare.

Eg tenkte lenge på kva han hadde meint med det uttrykket, og kom fram til at det vart nytta ei lita periode på 70-talet, etter at Jens Bjørneboe hadde publisert essaysamling ”Vi som elsket Amerika”. Og særleg var det det fyrste essayet  i samlinga, ”Om formyndermennesket”, som var utgangspunktet for omgrepet.

«Formyndermennsket», skriv Bjørneboe, «har selv den eneste, rette sanne tro og innsikt: De som mener noe annet, er anarkister, nihilister, eller rett og slett uvitende, tåpelige og umoralske barn, – som formyndermennesket må formynde».

overformynderiBjørneboe trakk fram både lærarar og prestar som representantar for dette umenneskje og nett det var også opphavet til det medieskapte omgrepet ”prestesonsyndromet”. No trur ikkje eg at verken lærar- eller prestesonar er meir utsette for formyndarmenneskjer en andre, men eg trur overformynderi kan gjere sjølv det beste menneskje om til usympatiske antikollektivistar, og bidra til å svekke den grunnleggande tillita samfunnet er tufta på.

Det Bjørneboe utelet i sitt essay var politikarar, statsrådar, forskarar, byråkratar og ikkje minst alle prosjektmakarane som har yngla fram i kjølvatnet av den nye prosjektøkonomien som har gjennomsyra forvaltinga dei siste 15 – 20 åra. Han utelet også slike som skriv fast i aviser og fagblad for smale ”kyrkelydar” og uttalar seg villig i alle kanalar. For alle ber me på ei sjølvdefinert sanning om den rette veg.

Bjørneboe utelet alle oss som kan kallast; ”det statsfinansierte segmentet av middelklassa”. Folk med ei slags objektiv interesse av å lage lover og ordningar som har til oppgåve å gripe inn i og regulere folk sin livsførsel. Slike som er agentar for dei autoriserte sanningane og forvaltarar av hegemonisk makt og kontinuerlig opptatt av å skape eit Noreg i sitt eige bilete. Han utelet alle oss som ein dag står i fare for å snu eit tillitsbasert forvaltingssystem til politisk avmakt og kulturell motstand.

Vi som elsket Amerika (1)Sanner sin overgang frå ei rein friviljugheitsline til makt og økonomisk tvang er eit steg i retning formyndarstaten og han levere eit sterkt bidrag til prosessen med å svekke vår kollektive sosiale kapital. Han svekker tillita mellom stat og kommune og mellom folk og politikarar. Lågare tillit aukar trongen for overvaking og løfter avgjerdsmekanismane vekk frå det operasjonelle nivået som oftast best ser kva avgjerder som bør takast, det redusere fleksibiliteten og moglegheita for å bygge sofistikerte forvaltingssystem tilpassa stadeigne behov. Sluttsummen vert ineffektivitet, regide lover og reglar, redusert omstillingsevne og ei utbreidd kjensle av urettferd. Med varslet om økonomiske musklar tok Sanner enno eit steg mot nedbygging av det dei danske professorane Gert og Gunnar Svendsen meiner er sjølve kjenneteiknet på den nordiske modellen, nemleg vår kollektive sosiale kapital.

For der framme ligg det nye Noreg. Det er tillita me i ”det statsfinansierte segmentet av middelklassen” syner til folk flest som avgjerd om det skal vere eit samfunn der folk brukar røysteretten sin, er ærlege skattebetalar og ivrige deltakarar i eigne lokalsamfunn, eller om me skal bli en nasjon av svartarbeidande heimesitjarar som taggar våre signaturar på offentlege bygningar og ramponerer skulebussar.

For bak overformynderiet trugar prestesonsyndromet.

 

Innlegget har stått på trykk i Kommunal Rapport nr 7/2016

Bjørn Egil Flø

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s