Lite er stort for landet vårt
Av
Matthew Hoffman og Bjørn Egil Flø
«KOR STORT er stort nok?», spør Wenche Dramstad på Landbruksbloggen den 30. mars, seinare reflekterer Dag Jørund Lønning kring kva den «ideologiske storheitsdyrkinga» fører med seg. Og i skrivande stund les me Kari Gåsvatn sin glitrande kommentar om korleis «vekstmodellen stangar i taket». Alle desse tekstane og fleire med dei, syner oss at jamt fleire uroar seg om kva veg jordbruket skal gå og om kor store norske gardsbruk skal bli.
Midt i den heimlege debatten kan det vere fruktbart å sjå til USA. Alt før nokon kjente til dei negative miljøkonsekvensane av storskala jordbruk – før forureining av vassdrag og grunnvatn som overgjødslinga og sprøytemiddelbruken drog med seg, før ein kjente omfanget av det tapte biologiske mangfaldet – så fanst det kritiske stemmer som såg med uro på utviklinga mot jamt større bruk i det frie Amerika. Med «The Dust Bowl» og 30-talets sandstormar fekk Midt-Vesten bodskapen om kva ukontrollert vekst i jordbruket medførte.
Over halvparten av matjorda forsvann i støvet og tusenvis av amerikanske jordbruksfamiliar vart tvinga frå gard og grunn og dømt til eit liv i fattigdom. Og ei rekkje framståande samfunnsforskarar, politikarar og debattantar tok etter kvart til orde for å bremse veksten i bruksstorleik.
Etter siste verdskrig tinga den amerikanske regjeringa ei rekkje studiar for å undersøkje dei sosiale og økonomiske konsekvensane av industrialiseringa og oppskaleringa av jordbruket. I The Central Valley i California gjorde Walter Goldschmidt ei samanliknande studie av jordbruksregionar som var like i alt med unnatak av bruksstorleiken. Ein region med 722 bruk og ein gjennomsnittleg storleik på 230 mål vart samanlikna med ein region av 133 bruk og ein bruksstorleik på litt over 2000 mål. Sjølv om den økonomiske verdiskapinga frå jordbruket var tilnærma lik i dei to regionane, var likevel den økonomiske verdiskapinga i regionen nær dobbelt så stor der bruka var minst. Fleire små bruk bidrog til større økonomisk aktivitet regionalt, bøndene kjøpte varer og tenester frå lokale tilbydarar og la grunnlaget for ei vital symbiose mellom små og mellomstore føretak og jordbruket. Her florerte det lokale næringslivet og småbedrifter vart løfta fram ved å sørve dei mange gardsbruka. Her var levestandarden høgre og godane var jamnare fordelt i befolkninga. Også dei offentlege tenestane som skule, helse og omsorg var betre i regionane med fleire mindre gardsbruk.
Regionen med færre og større gardsbruk derimot, skåra dårlegare på samlege av kriteria. Her var nær to tredjedelar av befolkninga definert som låglønna. Borna gjorde det dårleg på skulen og levealderen var vesentleg kortare. Det lokale næringslivet var mindre mangfaldig og stod svakare i konkurransen med tilbydarar utanfrå. Goldschmidt var klar i konklusjonen og hevdar at skilnadane skuldast ein einaste ting, nemleg; jordbrukseigedomane sin storleik.
Prinsippa i Goldschmidt sin studie finn støtte i ei serie tilsvarande studiar. Charles Wright Mills og Melville Ulmer sin studie av urbane lokalsamfunn, også frå sist på 40-talet, syner mykje av det same. Byar prega av få store bedrifter hadde eit dårlegare velferdstilbod enn byar prega av mange små og mellomstore bedrifter. Og skilnaden vart forklart med dei ulike økonomiske strukturane. Sameleis finn Thomas Lyson, i ei studie frå 1990, at folks trivselsnivå heng saman med nivået på folk sitt samfunnsengasjement. Og det er eksistensen av mange små og mellomstore bedrifter som bidreg til å auke samfunnsengasjement, seier Lyson, og dermed også folk sin trivsel i neste omgang.
«Med industrialiseringa av landbruket vil den økonomiske makta bli konsentrert, og den amerikanske landsbygda slik me kjenner den – prega av sosial og økonomisk likskap – vil forvitre framom augo våre». åtvara Goldschmidt. I dag, femti år etter, ser me at åtvaringane var svært pressise. I 1999 fant rural sosiologen William Heffernan at det som brukte vere eit klassisk skilje mellom dei amerikanske jordbrukssamfunna og gruvesamfunna er så godt som utviska. Han syner oss at oppskaleringa av det amerikanske jordbruket har marginalisert det rurale Amerika. Bygdene er tydleg prega av låg sosial og human kapital. Og årsaka er den økonomiske strukturen i det industrielle jordbruket.
Lærdomen frå USA ber i seg ein bodskap om at landbrukspolitikk handlar om langt meir enn einast å maksimere matproduksjonen. Det handlar om kva slags bygdesamfunn me ønskjer oss, og om kva slags land me ønskjer å bygge. Det handlar om menneskeverd og om å skape inntekter framfor utgifter. Me har empirisk lærdom om at den jamne vegen mot færre og større gardsbruk har ein svært høg pris. I kjølvatnet av det oppskalerte jordbrukte ligg uttynna bygdesamfunn att og duppar i ein rus av brennevin og klimprar fram falske tonar på vêrslitne banjoar i sin sakte piknik med døden.
Innlegget har stått på trykk i Nationen den 27. april 2016