Kjensler for forvalting

Av Bjørn Egil Flø

Bjorn E Flo

 

 

 

 

 

«Om eg skulle seie kvar i verda eg helst vil vere, så må det vere her», sa den eldre reinsjegeren, utan eingong å ta kikerten vekk frå augo. Me hadde båe sett oss i le av nordausten og venta på at reinen skulle kome til oss, etter veker med sønnavind.

«Men dei trur ikkje på oss, dei lit oss ikkje til å ta vare på dette lenger», held reinsjegeren fram, «Dei trur me kjem til å øyde alt her, om ikkje dei tek over»

«Ja», sa eg berre.

Villrein 2

 

For det var ikkje mykje anna å seie. Eg hadde høyrt det før, eg hadde høyrt lokale fjellfolk snakke om fjella sine med ein kjærleik og ei sårheit ein sjeldan høyrer frå elles så tagale bygdefolk. Eg har høyrt frustrasjonen over å miste mynde i eit område dei har forvalta med omsut i hundrevis av år. Og eg har sett utrykket i andleta deira når busslastar med byråkratar og politikarar køyrer fjellvegane opp og ned på synfaringar i det som skal verte det neste verneområdet dei kan krysse av på lista over «nok eit arbeid utført».

Somtid undrar eg meg på om dei som er sett til å lage lover og reglar – meint for å ta vare på utmarksområda våre – aldri har sete i utmarka saman med slike som han. Har dei aldri høyrt kjærleiken i stemma åt folk som har levd i hop med fjellet i generasjonar og som tenkjer at også etterkomarane skal få leve med dei same fjella? For kvar har dei all misstrua frå? Kva bygger dei ideane sine på, dei som tenkjer at det beste er om staten og miljøverndepartementet involverer seg sterkare i forvaltinga av desse fellesressursane?

«Men det er ikkje slik», seier naturvernbyråktatane og legg til; «lokal medverknad i naturforvaltinga er eit politisk prioritert mål». Dei peikar på at nett i Reinheimen Nasjonalpark, der eg sat i hop med den eldre reinsjegeren, er den lokale medverknaden særleg vektlagt.  Ved etableringa av parken, for ti år sidan no, vart det oppretta eit interkommunalt nasjonalparkstyre med rådgjevande utval der lokale brukarinteresser var representert. Så her er alt i orden.

Men likevel set då slike som min venn og ei rekkje andre lokale brukarar av utmarksområda våre, med ei sterk kjensle av å vere tilsidesett i konkrete forvaltingsspørsmål, særleg i områder råka av vern. Dei ser ikkje effektane av den påståtte «lokale medverknaden». Dei opplever tvert om at «det lokale» i forvaltinga ikkje fungerer, det er ein «vits». Kvifor er det slik?

SkjermbildeLokal medverknad er eit kjernepunkt for ei kunnskapsbasert forvalting. Ideelt sett skal sentrale fagmynde samarbeide med lokale brukarar om kunnskapsgrunnlag, regelverk og iverksetjing. Poenget er ikkje sjølve reglane; men måten reglane vert laga på. Eksperimentelle studiar syner at eit forvaltingsregime fungerer best der brukarane har vore med på å utforme reglane og ikkje berre fått dei diktert av myndigheitene.

Forklaringa ligg i kjensla og lojaliteten folk har til eit system som dei opplever eigarskap til. I eit system der dei sjølve har vore med på å utforme reglane vil ikkje brukarane berre følgje reglane, men dei vil også overvake og passe på at andre følgjer dei same reglane. Men dette krev reell medverknad og ikkje berre ei slik «liksom-deltaking» som folk kring om i den norske fjellheimen opplever i dag.

For utfordringa er at sterke byråkrati slit med å gje frå seg makt til lokale. Rett nok kan me sjå at det har skjedd ei viss delegering av mynde til lokale forvaltingsorgan dei siste åra, men samstundes må me vere klar over at delegering av mynde er noko heilt anna enn å gi frå seg mynde. Og i dag ser me jamt tidare døme på at sentrale mynde gjer om vedtak gjort lokalt; og dermed vert samforvaltinga så vel som den delegerte mynda nettopp ein «vits».

ro på vatnetDen internasjonale forskinga kan gi oss teoretisk innsikt til å tolke dette paradokset. Her finn me ei rekkje omfattande og anerkjende studiar som syner at mektige samfunnsgrupper aktivt vil arbeide mot endringar i politikk så vel som i lover og reglar som kan minke makta deira. Dette inkluderer også byråkratiske strukturar. Eit sterkt velorganisert byråkrati vil under «normale omstende» tolke politiske pålegg, som til dømes desentralisering og lokal medverknad i forvalting, slik at innverknaden på deira langsiktige maktområde og samfunnsmandat vert minst mogeleg. Kvar gong ei slik mektig gruppering vinn fram vil den eksisterande maktfordelinga bli styrkt. Samfunnet er komen inn på ei utviklingsbane, eller ein sti, det tykkjest vanskeleg å komme vekk frå.

Etter kvart som det har etablert seg ei politisk semje om at lokal medverknad i naturforvaltinga er eit gode, har naturvernbyråkratane tolka oppdraget sitt, og valt strategiske mekanismar for iverksetting av dei politiske signala, slik at me har fått ein politikk utan praktisk verknad. Og naturvernbyråkratane har fått halde på makt så vel som på mynda.

Men i reinsfjellet set dei lokale jegerane att og kjenner seg jamt meir framandgjort frå forvaltinga. Og skulle dei møte ein sambygding med ulovlege auregarn i sekken; ja, så kunne dei ikkje brydd seg mindre.

 

Innlegget er også publisert i kommunal-rapport.no den 19. mai 2016

Bjørn Egil Flø

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s