Tapte jorder

Bjorn E Flo

 

 

 

 

For ei tid sidan sat eg å høyrde på radio. Der hadde ein flokk politikarar og nokre sentrale landbruksbyråkratar samla seg ein stad på sentralaustlandet. Dei hadde stirra seg så forbitra på eit kornjorde som skulle leggast under asfalt, at dei mesta ikkje greidde å snakke reint.

jordvernMen det som aldri vart sagt på radioinnslaget, og som mesta aldri heller vert nemnt i tilsvarande nyhendeoppslag, er at bak ryggen på delegatane, bak ryggen på landbruksbyråkratane og politikarane som rettar all sin merksemd mot flatbygdene austafor, Trøndelag eller Jæren, har nær ein kvart million dekar jordbruksareal gått ut av produksjon berre dei siste 15 åra. For tapet av jordbruksareal, i absolutte tal, er størst i dei tre vestlandsfylka våre frå Hordaland i sør til Møre og Romsdal i nord. Ser me på det prosentvise tapet legg også Troms og Finnmark seg i hop med vestlandsfylka som alle har tapt 10 % eller meir av den matjorda dei hadde i 2000. Tilsaman har altså nær 250 tusen dekar – over halvparten av all jorda som har gått tapt dei siste 15 åra – blitt tappa frå desse fem fylka våre. Årsaka er at innanfor dagens landbrukspolitiske regimet, har ikkje bøndene greidd å gjere det verken økonomisk eller sosialt berekraftig å drifte jorda i bratta og på småplassane lenger.

Så medan delegasjonen på radioen forargar seg over dei lokale politikarane sin veikskap i møte med handelsstanden, ein veikskap som skaper ein politikk som formeleg ”et” matjord til frokost. Er ingen av dei istand til å sjå at også den landbrukspolitikken som kvar av dei er med og forvalte, også har matjord på menyen. Dei siste åra har landbrukspolitikken – under mantraet; større og færre – forsynt seg med nær ein prosent av matjorda kring om i brattlandet og småplasslandet langs kyst- og fjord-Noreg kvar år.

Om norsk jordbruk skal oppretthalde sjølvforsyningsgrada, ja endå auke produksjonen for å halde tritt med folketalsveksten – slik målet er i den enno gjeldande jordbruksmeldinga – trengst det ei nysatsing og ei styrking av den landbruksfaglege kompetansen kring om i kommunane.

utklipp 1-kopiFor der dei små jordlappane ligg spreidd utover i landskapet – mellom kampesteinar, djupmyrer og skogkrullar – er jamt meir areal prega av gjengroing og vanskjøtsel. Det finst eit hundretals av slike grender kring om i landet, men enno har dei fleste ei von att. For mesta alle grendene har ein eller to bønder igjen som gjerne kunne tenkje seg å drive arealet som ligg til grannane sine nedlagde småbruk; men ein ting er å ville det, ein annan ting er å få lov.

Det finst eit utal av grunnar for kvifor bønder lyt køyre kilometervis til nabogrenda for å hauste gras, enno det finst rikeleg med gras i nabolaget. Og kanskje finst det fleire grunnar for kvifor dei lyt køyre milevis med små- og storfe i dyretransport etter riksvegane for å finne beite. Og grunnane ber på ein fellesnemnar; dei er sosiale, og er kjenneteikna av det me sosiologar kallar sosiale feller.

Kanskje ligg det konflikter i botnen, konflikter som hindrar effektiv organisering av ulike interesser. Dei kan vere konkrete og tufta på røynsler; som å handle om husdyr som har brote seg ut og forsynt seg av prydbuskene ein gong eller to for mykje, eller litt for sterkt gjødsellukt ein 17.-maimorgon. Eller dei kan vere langt meir diffuse og stamme generasjonar attende i tid, så langt attende at alle har gløymd opphavet til dei, men likevel ikkje lenger enn at alle veit dei finst. Uansett så lid store delar av jordbruksarealet vårt av at me ikkje greier å få til ei sosial organisering i grendene som sikrar effektiv bruk av arealet til matproduksjon.

Og på landbrukskontora kring i kommunane set dei Ås utdanna agronomane å registrerar vassjuk jord for statistikken, utan å kunne gjere anna enn å uroe seg. For dei veit ikkje korleis dei skal ta tak i dei fastlåste sosiale fellene, dei har ikkje kompetanse i sosial samhandling, konflikthandtering eller mekling. Og ikkje vågar dei å ”rote” seg inn i kinkige situasjonar som dei ikkje eingong har mandat til å blande seg i.

Delegasjonen på radioen fører ein viktig kamp mot asfaltering av kornjord, men eg skulle ønskje dei også hadde løfta blikket. For det er nett dei som kan opprette nokre stillingar med kompetente folk som kan gå inn i bygdesamfunna å løyse opp dei sosiale stengsla som ligg der og hindrar bruk av god jord til matproduksjon. Det er nett dei som kan syte for å gi mandat til jordbrukssjefane i kommunane og fylka til å gripe inn og pålegge grunneigarane i grendene til å lage felles forvaltingsplanar for matjorda som sikrar effektiv produksjon.

Det var berre det eg ville seie, for denne gong.

 

Innlegget er også publisert i kommunal-rapport.no den 10. august 2016

Bjørn Egil Flø

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s