noko er gale i jordbruket

Av Bjørn Egil Flø Bjorn E Flo

 

I DAG STÅR fjøset heime tomt. Dottera til bror min prøvde det beste ho kunne, men innsåg at ei utbygging av drifta mot nye 10 – 15 år, ville gjere både velferda og inntekta ringare, samstundes som det einaste som ville auke var gjelda.

Tollesgarden

Same kor effektiv ho gjorde drifta, så lét ikkje mjølkeproduksjonen seg berge på garden der eg voks opp. På under 40 år har produksjonen og storleiken på bruket der far min og mor mi fødde seg sjølv og seks born, tredobla seg. Arealet har auka frå 120 til 450 mål, besetninga er auka frå 10 til 30 mjølkekyr og mjølkeytinga per ku er nær dobla, men likevel var ikkje det nok til å henge med på kapplaupet.

Korleis har me kome dit? Korleis har det skjedd at eit mjølkebruk med 30 mjølkekyr og 450 mål jord ikkje lenger lèt seg drive, sjølv med eit inntektskrav monaleg under gjennomsnittet? Ikkje veit eg, men det eg veit er at; noko er gale i jordbruket.

 

ut av uføret

Dei kan sete så samla dei berre vil i Landbruks- og matdepartementet og på Landbrukets Hus i Schweigaardsgate i Oslo, men det rokkar ikkje på erkjenninga om at noko er gale i jordbruket. Dei kan kappast om å hylle den norske landbruksmodellen som ei suksesshistorie, men den som tek steget utom bygrensa vil straks sjå at noko er gale.

skal landet gro attOg det er nett denne galskapen Siri Helle påpeikar i si nye bok «Skal landet gro att? Korleis berge norsk jordbruk». Ja det er ein lovande tittel. Ikkje berre startar ho ut med eit retorisk spørsmål, men ho meiner også å kunne vise vegen ut av uføret me har sett jordbruket i.

vågar seg lenger

Lesarane av Dag og Tid kjenner Siri Helle godt. Som fast spaltist i bladet har ho gledd lesarane med velskrivne og skarpe analysar om mat og jordbruk i lang tid no. Og stilen frå spalta hennar finst også i boka. Ho gjer skarpe faktabaserte analyser av kor skeivt jordbruket har kome ut sidan 50-talet og framover til i dag og ho syner oss at me er på ein lite farbar veg. Dei store linene i Helle si forteljing er ikkje nye, berre oppdatert. Ho plasserer seg i tradisjonen etter Helge Bergo – småbrukarhovdingen frå Eiksingedalen – som var ein aktiv kritikar til den etablerte bondeeliten som har dominert norsk jordbrukspolitikk så altfor lenge. Ho fell seg inn i rekkjene åt fleire av våre samtidige jordbruksdebattantar til venstre for det etablerte sentrum, men ho vågar seg litt lenger i å foreslå løysingar enn dei fleste andre.

ledig og god penn

Eg finn lite feil i analysane hennar, men eg ser at ho av og til tek snarvegar. Ofte dressar ho opp snarvegane i gode retoriske poeng, som ikkje er direkte feil, men som vert «sanne» gjennom retorikken snarare enn gjennom fakta i seg sjølv. Veikskapen med å legge opp ei debattbok om norsk jordbrukspolitikk på denne måten er at ho endar opp med å snakke til sine eigne, snarare enn til dei ho aller helst treng å kome i dialog med. Styrken er at det vert lett og følgje argumentasjonen, Helle har ein ledig og god penn og ho tek seg tid til å forklare grunnleggande agronomiske- så vel som landbrukspolitiske prinsipp.

gjeldstyngde bønder

Det er særleg læresetninga; meir, større og færre, Helle tek eit oppgjer med. Den har dominert norsk jordbruk i heile etterkrigstida og gjort gardane større, produksjonen meir teknologiavhengig og bøndene færre og meir gjeldstynga. Og paradoksalt nok har utviklinga vore støtta av store delar av bondeeliten.

Helle ønskjer å bryte med dette rådande synet og tek til orde for å vri overføringane til jordbruket vekk frå produksjon og over mot areal. Me treng å utnytte beiteområda våre og det kjølige klimaet vårt, seier Helle og argumenterer for å spele på lag med produksjonstilhøva me har her til lands. Me må utvikle teknologi, husdyrrasar og plantesortar som er betre tilpassa dei alpelandbrukstadeigne forholda og gjere oss mindre avhengige av importerte innsatsfaktorar og mindre sårbare.


austerrisk ideal

Idealforteljingane til Helle finn me i Austerrike og hennar skildring frå det austerrikske dømet
er godt, ja sjeldan godt faktisk. Me har lenge høyrt Austerrike vore nemnt i landbruksdebatten,
men oftast har det skorta på detaljert og djup innsikt i den sokalla «økososiale landbrukspolitikken». Ein viktig føresetnad for den austerriske modellen har vore anerkjenninga av deltidsbonden, slik sett står det i kontrast til den norske modellen som har ignorert nettopp deltidsbonden.

moglegheitsjordbruk

Kva set me att med? spør Helle. For sin eigen del svarar ho «endelause moglegheiter». Og det er klart for alle som les boka at Helle sjølv ser på det norske jordbruket som eit moglegheitsjordbruk.

Helle legg ansvaret på tre pilarar. Fyrst politikarane, som må lage reglar og føreskrifter som premierar arealbruk og kompenserer driftsulemper. Vidare forbrukarane, som må vert villige til å betale meir for maten. Og til sist bøndene sjølve, som må vere innovative og kreative og kome opp med ein kvalitet på produkta sine som skil seg frå det me får kjøpt frå agrobusiness selskapa.

 

Bokmeldinga har stått på trykk i Dag og Tid 26. juni 2015

______

Bjørn Egil Flø

 

Kommenter innlegget