bygda som vare

Av Bjørn Egil Flø Bjorn E Flo

 

DET VEKS OPP ein ny økonomi i grendene. I hjulspora etter det gamle bondesamfunnet veks det fram ein ny rural økonomi. Frå å ha produsertelgjeger med elgfall varer for eksport ut av bygda, varer som vert konsumert i byane og tettstadane under fossane, lokkar den nye bygda til seg forbrukaren for å konsumere vara i grendene. Skilnaden mellom det nye og det gamle ligg i relasjonen mellom nettopp produksjon og konsum, hevdar den britiske geografen Paul Cloke. Den ligg i at dei rurale områda og ruraliteten i aukande grad har vorte gjort til gjenstand for forbruk og ikkje einast produksjon.

Stadig fleire ting vert gjort til vare i den nye økonomien og det skjer ei kommodifisering av det rurale, rural kultur og rurale relasjonar og praksisar. Og i takt med jamt dårlegare inntektsvilkår for jord og skogbruket har bønder og skogeigarar vorte fortalt at dei «treng å ta heile gardens ressurstilfang i bruk», som det heiter i festtalane. Med dei to stortingsmeldingane, Landbruksmeldinga og Skogmeldinga – begge frå kring milleniumsskiftet – vart det lagt store ressursar i å guide grunneigarane inn i jakt og fisketurisme. Og grunneigarorganisasjonane støtta fullt opp om ministerens kommersialiseringsiver. For no skulle utmarksressursane – som dei tidlegare hadde delt rundhanda med dei eigedomslause sambygdingane – gjerast om til kapitalaggregerande gode på den opne marknaden.

2015-05-15 12.57.17Og det gjekk som det måtte gå. Dei eigedomslause jegerane sin fremste våpendragar – informasjonssjef Espen Farstad i Norges Jeger og Fiskerforbund – gjekk ut i riksdekkjande media og kalla kommersialiseringsiveren for ei «krigserklæring». «Dette vil fortrenge den lokale jegeren», meinte Farstad og hevda at «Norges skogeierforbund gir blaffen i norsk kultur».

Med dette som bakteppe tok eg til på arbeidet med ei avhandling om kommodifisering av den rurale kulturen, med elgjaktkulturen som det konkrete caset. Eg reiste til Elgbygda – i tydinga bygder der elgjakta står sentralt som ein nærast altomfattande kollektiv aktivitet – ja for det finst slike bygder, det finst bygder der så godt som alle vaksne menn samt ei og anna kvinne deltek på denne årevisse hendinga. Og eg ønskja å finne ut korleis ein der tek imot den nye økonomien. Eg var nysgjerrig på korleis grende- og bygdesamfunnet, som eit sosialt system, grip inn i kommodifiseringsprosessen. Og undra om det var mogleg å finne ei form på kommodifiseringa som dei fleste i grenda kan leve med?

Då eg kom til Elgbygda fant eg ein himmelvid skilnad frå sinnet som NJFF’s informasjonssjef framførte i media og den relativt avslappa haldninga til det heile som eg fant i Elgbygda. For der løyste folk usemjene over eit smalt stykke kjøpeswissroll på den lokale kafeen, dei løyst usemjene rett og slett ved å snakke saman. Eg fant ei normbasert forvalting som kvilte seg på den lokale kollektive moral, utvikla og forma over lang tids samhandling mellom grannar som alle ber på ein grunnleggande kjærleik og respekt for elgjaktkulturen.

22fb9-elgjeger20og20kjotElgen sin tydlege eksistens i den lokale kvardagskulturen tilseier at kommersialiseringa av elgjakta er altfor kompleks til einast å kvile seg på formelle juridiske reglar, som kven som eig jaktretten. Skal ein få til ei vellukka næringsutvikling med utgangspunkt i elgjakta, trengst det respekt også for dei uformelle reglane og normene som ligg til elgjaktkulturen. I mitt materiale finn eg at lokale grunneigarar, store så vel som små, syner stor respekt for elgjaktkulturen og søkjer å finne ordningar og format for kommersialiseringa som i minst mogleg grad endrar elgjaktkulturen som ein lokalt forankra aktivitet med tydlege forgreiningar inn i lokalsamfunnet.

Truleg kan fleire forvaltings- og utviklingsprosessar gå i leia åt elgjaktentreprenørane i mine case. For til sjuande og sist handlar det om å utvikle berekraftige næringar som skaper verdiar for heile samfunnet og ikkje einast for dei einskilde rettshavarar som ønskjer å profittere på ressursar skapt av fellesskapet. For i den kommodifiserte elgjakta er det ikkje elgen som er vara, men elgjaktkulturen som ei «autentisk» rural oppleving.

Last ned heile avhandlinga i Pdf format her

______

Bjørn Egil Flø

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s