Skal me eller dei eige naturressursane?

Av Torbjørn Tufte

Statsvitar, AgriAnalyse

 

 

 

 

Blekket var knapt turt på framlegget om å avvikle konsesjonslovane på eigedom, før regjeringa fremja at dei vil utgreie privatisering av Statskog.

Målet om å selje seg ut av Ambita, Baneservice , Cermaq, Entra Holding, Flytoget, Mesta, SAS og Veterinærmedisinsk Oppdragssenter var alt kunngjort. Det får så vere, for fleire vil komme på denne lista i tida framover.

jakt statskog

 

Arealressursar som, skog, fisk, kontinentalsokkel og bergverksressursar er noko anna og meir alvorleg. Dette er grunnressursar for eit land. Naturressursar som er avgjerande for det meste av menneskeleg aktivitet, som vatn og luft. Det er difor grunn til å undre på om våre folkevalte politikarar eigar fellesressursane? Er dei ikkje eigentleg meir valt som forvaltarar av våre felleseigde ressursar? Forvaltarar utan rett til å selje det som tilhøyrar alle som bur og skal bu i landet. Også ungar, sjølv om dei ikkje har røysterett, er eigarar. Ungar er dei aller viktigaste eigarane. For det er dei som vil stå att med svarteper i framtida, fordi formyndaren har selt gard og grunn for å spekulere på børs.

På toppmøtet i Forests Asia, formulerte økonomen Pavan Sukhdev det slik: «Godane skogane sikrar, som tilgang og lagring av vatn, fotosyntese, karbonlagring, biologisk mangfald med meir, er fellesgodar og tenester – dette tilhøyrar ingen; det tilhøyrar alle. Dagens modellar kring politikk, prisar og institusjonar konverterer eit stort omfang av velferda til fellesskapet til eit lite beløp privat velferd».

Pavan SukhdevDet er tankevekkjande at folkevalte politikarar i Noreg meiner det er deira fulle rett til å gjere våre felles eigde ressursar til privatressursar, fordi dei er valt for fire år. Fellesrussar som innbyggjarar skal leve av og på i hundre, ja tusenvis av år framover skal berre overføras til nokre få kapitaleigarar for dollars – er det fordi me ikkje treng dei?

Skribenten Morten Strøksnes skreiv nyleg i kommentaren «Vi som solgte landet» at «Norge ble bygget av geologi og mange generasjoners hardt arbeid. Nå selges det unna som om vi hadde fanden selv i hælene.» Dette vart sterk kost for næringspolitisk talsperson i Høgre, Gunnar Gundersen. Slik er det ikkje seier han til NTB, 7. januar. Men: «Høyre mener privat eierskap skal være hovedregelen i norsk næringsliv. Den statlige eierandelen i norsk næringsliv er meget høy og langt høyere enn land vi vanligvis sammenligner oss med. Statens eierskap skal begrunnes», heldt han fram.

Tuften statskog-kopiDet er sikkert vel og bra. Men kva med å grunngjeve kvifor det på død og liv skal seljast ut òg. Kva har me som no sit som eigarar gjennom staten å tene på at nokon annan skal overta eigarskapet vårt? Og er det no slik at det norske eigarskapet alltid er langt høgre, som Gundersen seier, enn land me vanlegvis samanliknar oss med.

I årsmeldinga til Statskog kan ein lese at i Norge er det nasjonale eigarskapet på skog 14 prosent, medan det er 20 prosent i Danmark. Deretter føl det på med: 26 % i Frankrike, 27 % i Sverige, 30 % i Finland, 31 % i USA, 34 % i Storbritannia og 52 % i Tyskland. Me har alle høyrt om dei canadiske skogane, og sjølvsagt toppar det seg der, med eit nasjonalt eigarskap på 92 prosent. Eg veit ikkje kva land Høgre meiner me vanlegvis samanliknar oss med, men er det nokon av desse som utløyste lengsla etter å selje Statskog?

______

Torbjørn Tufte

Innlegget har tidlegare stått på trykk i Nationen

One Comment on “Skal me eller dei eige naturressursane?

  1. Ja Tufte har rett. Det er folket som eier naturressursene slik som fisket, høyfjellet – de indre og de ytre allmenninger. Staten kan ikke selge noe som staten forvalter for folket. Her er det kun en ting å si; Høyre får nå be om folkets syn: Folkeavstemning om salg av folkets eiendom!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s