Nye røyster frå Bergen

Av Bjørn Egil Flø

Bjorn E Flo

 

 

 

 

DET ER NOKO eige med Bergen. Ikkje berre har dei eit fotballag som ingen heilt greier å forstå seg på, men dei har også så mykje meir som alle oss andre kring om i landet einast kjenner saknet av.

Royst_Omslag_sm

Mellom anna har dei eit heilt særskilt interessant miljø av tenkande. Og sist i førre månad var eg så heldig å få møte ei gruppe slike tenkjarar, ei gruppe unge intellektuelle som har gått saman om å starte eit nytt tidsskrift; Røyst. Politikk og tankeleik på venstresida er undertittelen på tidsskriftet som nyleg kom med sitt andre nummer i rekka. Formålsparagrafen deira fortel at «Røyst er eit uavhengig, tverrfagleg tidsskrift … for diskusjon og nyvinning på tvers av partilinjer på venstresida» og slik det ser ut for meg må eg sei dei fyller formålet sitt.

 

Det siste nummeret deira, det einaste nummeret eg har lese og det andre i rekka, har utkant som tema og er ikkje einast godt tidskriftsarbeid, men det fell også godt inn i siste delen av tidsskriftets formålsparagraf. For i tillegg til å vere eit tverrfagleg venstresidetidsskrift har det også distriktspolitiske ambisjonar. «Tidsskriftet er basert i Bergen og ynskjer å styrke politisk initiativ på Vestlandet, med nasjonalt og internasjonalt utsyn» heiter det vidare i formålsparagrafen. Og for oss som kjenner Bergen er ein slik formålsparagraf mesta heilt naturleg, for der i byen ser ein knapt Oslo.

Som nordvestlending og bygdeforskar må eg innrømme det er god lesnad. Kvar av artiklane i tidsskriftet er interessante og velskrivne, dei ber i seg eit anna perspektiv eit perspektiv me sjeldan møter i dag. Med ein jamt meir sentralisert meiningsdanning der dei riks-media-autoriserte meiningsdannarane set i Oslo og skaper sine eigne røyndomar utan knapt å sjå ut kafévindauget, set Røyst redaksjonen utanfor Oslo og skodar utover verda.

Skjermbilde RøystBidraga i tidsskriftet er delt inn i fire ulike delar. Norske utkantar, Ut av Noreg, Idear frå utkanten og Kulturelle utkantar. Kvar del legg seg godt til kvarandre og skaper eit heilskapleg temanummer som vitnar om godt redaksjonelt arbeid. Nummeret er samansett av alt i alt 22 tekstar med smått og stort, og nett den fine blandinga av smått og stort gjer tidsskriftet til eit spanande tidsskrift. Det fungerer like godt som eit tidskrift der ein kan fordjupe seg i lengre og djuptpløyande tekstar om «kvinneflukt frå Møre og Romsdal», som eit tidskrift der ein kort snutt om «utkantens ytterkant» kan hjelpe deg til å «definere [..] ditt eget sentrum». Alternativt, om det tekstlege vert for krevjande, kan du dvele ved ei fotoreportasje om kalvemerking før du vonleg har samla nok energi til å bryt seg på ein artikkel om «avtalen som skal gjøre Norge best i klassen på retur».

Alt i alt er her mykje godt lesestoff i Røyst. Trass den unge redaksjonen, samansett av 18 redaksjonsmedlemmar med ein gjennomsnittsalder på knapt 26 år, er Røyst eit vakse tidsskrift. Men sjølv om tekstane er utvilsamt gode og sjølv om redaksjonsarbeidet er utøvd med sikker hand og sjølv om variasjonen av korte og lengre tekstar er med på å gjere tidsskriftet anvendeleg, kunne eg likevel ønskt meg enno meir spenst. Eg kunne ønskt meg meir ungdomleg mot, litt meir sinne og aggesjon, litt meir opposisjon. Det tyder ikkje at det ikkje finst kritisk brodd og ein viss porsjon opposisjon i venstre tidsskriftet Røyst, det tyder berre at det godt kunne ha vore litt meir av det.

 

______

Bjørn Egil Flø

Besøk gjerne Røyst på nettsida deira her

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s