Klassestrukturane i landbruket

Av Bjørn Egil Flø

Bjorn E Flo

 

Me har 5000 år med jordbrukshistorie i dette landet, men aldri har me vel hatt eit heiltidsjordbruk. Kanskje er det på tide å revitalisere kombinasjonsbonden?

 

I heile oppveksten min stod far min i veitene. Frå han mønstra av på 50-talet dyrka han jord. Fyrst på sitt eige bruk, og seinare på to nabobruk. To gongar retta han ryggen, fyrste gong i 1971, då tok han med seg dei yngste av oss på bilferie. Og i 1981 fór han og ho mor til Trøndelag. Her møtte han fleire av «bondeeliten». Dei han kjente frå avisene og som han inntil då hadde trudd på, han vitja dei på gardane deira og snakka gardsdrift og landbruk med dei, og han kjende seg jamt meir viss på at desse ikkje var hans like.

I heile min oppvekst stod far min i veitene og dyrka jord

I heile min oppvekst stod far min i veitene og dyrka jord

Han nemnde ofte turen til Trøndelag. Særleg då bror min vart gripen av investeringsiver under «gullåra» på 80-talet. «Modellane deira gjeld ikkje her», sa han, og meinte at dei gjaldt for eit anna landbruk enn det på ytre søre Sunnmøre.«Me har gjort oss for store, men ikkje store nok», sa far min. Og då visste ikkje eg, og ikkje han sjølv, at han gjorde den same analysen som den Cornell-baserte professoren i bygdesosiologi Fred Buttel. I artikkelen «The political economy of part-time farming» frå 1982, avdekte Buttel dei same klassestrukturane i landbruket som far min kjende på då han vitja storgardane i Trøndelag. Etter å ha stått i veitene i 25 år, etter å ha tredobla storleiken på farsbruket, rei han framleis på uroa om at han ikkje ville greie å henge med på kappløpet.

Skjermbilde 3Uttrykket «the disappearing middle» spelar på fenomenet der dei middels store amerikanske bruka såg ut til å forsvinne, samstundes med at andelen store og små bruk auka. Det Buttel fann var at metoden dei middels store bruka nytta for å møte dei fallande inntektene, var å ta arbeid utanfor. Og ulikt dei minste var dei middels store bruka for store til å kombinere. The political economy of part time farmingMedan bøndene på dei minste bruka hadde kombinert med anna arbeid lenge, og også tilpassa både gardsdrifta og arbeidet utanom til ein berekraftig kombinasjon, var det uråd for dei som hadde freista å henge med på tredemølla, å brått skulle kombinere då nauda tvang dei. Der dei minste hadde tileigna seg utdanning og erfaring som kvalifiserte for godt betalte kombinasjonsjobbar, hadde fulltidsbøndene satsa alt på jordbruket og diskvalifisert seg for posisjonar i arbeidslivet som kasta av seg monalege inntekter.

Der dei minste kombinasjonsbøndene representerte ei stabil gruppe bønder som fann seg godt til rette med kombinasjonsdrifta, var dei mellomstore bøndene på veg inn eller ut av næringa. Dei strekte seg etter noko anna enn det dei hadde og strategien vart å vekse eller avvikle. Vekststrategien var driven av ei framtidstru aktivt formidla gjennom autoriserte forteljingar frå landbruksdepartementet og den amerikanske bondeeliten, medan avviklingsstrategien var forankra i vonbrotet.

Ny-samvirke og marknadsnettverk er det nye mantraet for dei framveksande små bruka i USA

Ny-samvirke og marknadsnettverk er det nye mantraet for dei framveksande små bruka i USA

Det same gjeld enno i USA. I perioden 1997 til 2007 høyrde halvparten av dei nedlagde bruka til «gjennomsnittsbruket» – bruk på mellom 700 og 1500 mål. Samstundes vaks talet på bruk i USA med over 4 %, altså nær 100 000 bruk, i same periode. Dei fleste nye bruka var på mellom 50 og 200 mål. Veksten i talet på små bruk skjer over heile USA, men er sterkast i New England. I kjølvatnet av hippierørsla på 70-talet, har ein no kome seg ut på åkrane, og kombinerer kunnskapsbasert agronomi med høgkvalitets landbruksprodukt og kløktig organisering av distribusjons- og foredlingsarbeid. Ny-samvirke og marknadsnettverk er det nye mantraet. Det er ikkje ein positiv respons på verkemiddel, men ein motreaksjon mot maktutøvinga frå det etablerte marknads- og distribusjonssystemet.

Skjermbilde 4Dei nye bøndene gjer motsett av kva økonomane seier, dei insisterer på å vere små. Dei veks seg ikkje større enn at dei overlever. Dei gjer som dei alltid har gjort; dei kombinerer. Dei hentar inntektene sine frå eit mangfald av kjelder. Nokre er skribentar og nokre reviderer rekneskap, nokre gir råd til andre om godt føretakshushald og andre gjer arbeid i lokalsamfunnet. Dei er etterspurde og fagleg dyktige, og drivkrafta er timane dei kan få arbeide med jorda. Dei utviklar nye agronomiske metodar og levere produkt i toppklassa til ein jamt veksande marknad. Det gjeld enno det Buttel og far min såg, kombinasjonen er grunnlaget for at dei små bruka finst. Og bøndene sjølve kjenner sin verdi på marknaden og veit å skaffe seg inntekter og fleksible ordningar. Stimulert av den ideologiske draumen om heiltidsbonden flyt me mot færre og større bruk utan å kome nærare ei berekraftig auke i matproduksjonen.

 

Ein tidlegare arbeidskollega, frå verftet heime på Sunnmøre, minte meg om eit avisintervju med ein av industrihovdingane. Det var på 70-talet, etter at verftet hadde teke leiinga i supplybåtmarknaden, at han takka den sunnmørske bonden for innsatsen i oppbygginga av landets mest solide industrisamfunn. Nokre år etter kom møbelhovdingen på Ekornes med ei liknande utsegn, og for ikkje lenge sidan ytra ein entreprenør på Fosen seg i same lei. Bøndene hadde høg arbeidsmoral og praktisk røynsle, meinte industrieigarane. Dei var vane med sjølvstendig arbeid og hadde eit pragmatisk forhold til fagrørsla. Fagrørsla sin ivrige kamp mot fleksibilitet i arbeidslivet trefte ikkje bonden like godt. Han trong fleksibiliteten, og var like glad då han fekk beskjed om å ikkje kome på arbeid som då han fekk beskjed om å kome. Permittering vart nytta til arbeid på bruket, til gjengjeld gjekk han lange dagar ved behov.

Verftshovdingen takka den sunnmørske bonden for innsatsen i oppbygginga av landets mest solide industrisamfunn

Verftshovdingen takka den sunnmørske bonden for innsatsen i oppbygginga av landets mest solide industrisamfunn

Men industrieigarane gjengjelde aldri bonden sin fleksibilitet. Han gav ikkje bonden rett til å ta fri under slått og sanking utan atterhald. Og ingen stod saman med kombinasjonsbonden og kravde at verftseigarane gjorde det heller, til det var faglaga for opptekne av heiltidsbonden. Kombinasjon var som bannskap for bondeeliten. Dei såg på kombinasjonsbonden som uekte og nekta å sjå kampen han kjempa. Dei stod ved bytesteinane og sikla på jorda i sin vitlause kamp etter sjølve å bli større.

Faglaga må lese seg opp på fagforeiningsarbeid og revitalisere kombinasjonsbonden. Dei tillitsvalte må anerkjenner kombinasjonsbonden som fullverdig bonde. Han treng lovfesta rettar til fleksibilitet i arbeidslivet. Rett til å ta seg fri under sanking, slått og lamming, rett til å stikke på timen om ei ku vert sjuk. Han må ha lovfesta rettar til å kunne ta opp att eit gjennlegg og få orden på grøftene. Me treng ordningar tilpassa eit moderne kombinasjonsbruk som både arbeidsgivar, arbeidstakar og samfunnet er tente med. Til liks med arbeidet med å utforme ein familiepolitikk på 70-talet, som opna dørene for eit moderne familieliv der både mor og far kunne delta i arbeidslivet, treng me ein landbrukspolitikk som ivaretek kombinasjonsbonden sine behov.

Husdyrproduksjonen treng kreative løysingar for små samdrifter og nye og lettare rasar som toler bratt lende, vått og kaldt ver og som beitar betre. Me treng å etterstreve ein nær kraftfôrfri husdyrproduksjon, og løysingar for små og mest mogeleg utegåande besetningar.

Og det hastar. For medan bruka vert større og bøndene færre, minkar mogelegheitene for å kunne kombinere.

 

______

Bjørn Egil Flø

Denne atikkelen har stått på trykk i Klassekampen den 24. mai 2014, artikkelen er ein kortversjon av eit essay i Syn og Segn nr 2/2014, der finn du også fleire artiklar om kva norsk landbruk treng no.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s