Jubelrus til Dovre fell
Tale på Flø den 17. mai 2014
Av Bjørn Egil Flø
På 17. mai lyt ein snakke om grunnlova, den er forresten 200 år i dag… og det ber den også preg av.
Gratulerer med dagen!
Eg må innrømme at etter at eg sa ja til å halde denne tala så har eg tenkt: «veit dei eigentleg kven dei har invitert til å halde tale?». Eg meiner, rett nok er det opphaveleg ein Ytre-Fløing, men han kan fort vere noko skadde etter alle desse åra utanbygds.
I tillegg er han Sosiolog, og det er ikkje akkurat mat for festtaler det heller. Nei altså korleis kan det vere det? Eg meinar eit fag som fant si moderne form i Noreg med teologen Eilert Sundt sin studie frå mellom anna Haramsøya ,«Om sedlighet og renslighet på Sundmøre», heiter til dømes eit av arbeida hans.
Altså, det vert ikkje festtale av slikt….. ein kan ikkje stille seg opp å snakke om sexlivet og hygienen åt nokre Nordøyingar på sjølvaste 17. mai.
Nei då må ein snakke om noko heilt anna. Då må ein snakke om grunnlova, den er forresten 200 år i dag….
Og jauda, den ber preg av det. Den er framleis blant dei grunnlovene i verda som me kan kalle unge. Ikkje slik at den er heilt slik fersk og nylaga akkurat. Og ikkje er den som ein nykonfirmant å rekne heller…. , konfirmasjonen fekk kanskje grunnlova ved unionsoppløysinga med Sverige i 1905. Nei den norske grunnlova kan best samanliknast med dagens typiske 30 – 40 og endatil 50 åringar, slike som tviheld på ungdomstida og kler seg opp i dressar med moderne snitt for å freiste å dekke til den jamt meir aldrande kroppen.
Men la gå med det, lat oss halde oss til ideen om at grunnlova er ung, for den er langt yngre enn grunnlovene åt mange av dei nasjonane som me likar å samanlikne oss med. Og det; det skal me eigentleg vere glade for. Eigentleg skal me vere glade for at danskane tviheld på oss så lenge som dei gjorde….., og ikkje var dei urimelege med oss heller……, det der om firehundreårsnatta, som enkelte ihuga nasjonalistar har arbeida hardt for å få oss vanlege nordmenn til å tru på, er berre propaganda.
For det fyrste så varte ikkje dansketida i 400 år som ein lett kan bli forleda til å tru når ein høyrer omgrepet 400 årsnatta. Dei fyrste 139 åra var Noreg ein jambyrdig medlem av Kalmarunionen. Då Sverige braut med Kalmarunionen i 1448 held Noreg og Danmark fram i union som sjølvstendige statar med kvar sine eige riksråd. Og det var fyrst i 1536 at Noreg vart lagt under Danmark og den sokalla Dansktida starta. Den varte altså i 278 år, eller til 1814, etter at danskane hadde satsa på feil hest under Napoleonskrigane. Men sjølv ikkje desse 278 åra var noko mørketid for Noreg – tvert om – det var nær 300 år med oppgangstid. Dei nye næringane var trelast og bergverk, resursar som det var eit skrikande behov for i Europa. Og marknaden la grunnlaget for aukane økonomisk så vel som politisk innflytelse for ei framveksande gruppe norske storborgarar og embetsmenn. Og det var dei som la grunnlaget for arbeidet som leda fram mot nettopp grunnlova i 1814.

Dansketida var ei nær 300 år lang oppgangstid for Noreg
Med andre ord, så var det nokre rike jyplingar av nokre oppkomlingar som sat på arva grunnressursar – ikkje ulik dei Marte Gerhardsen, den nyslåtte leiaren i Arbeiderpartiet sin tenketank Agenda, valte å gjere til sine hovudmotstandarar i sin fyrste offisielle uttaling for knapt to veker sidan – det var denne sorten folk som gav oss den, til då, mest framsynte grunnlova nokon nokosinne hadde sett.
Desse oppkomlingane var ikkje bundne opp i eldgamle konvensjonar, dei las skriftene til dei radikale filosofane med nyfiken interesse. Dei las Jean Jacques Rousseau sine kontroversielle idear om at den øvste makta i staten skal liggje hjå folket og dei kalla det folkesuverenitetsprinsippet. Dei las Charles de Montesquieu som meinte det var eit vonde om makta vart for konsentrert og la grunnlaget for eit maktfordelingsprinsipp gjennom ei folkevald nasjonalforsamling, og dei las John Locke sine tankar om menneskerettane og la til rette for domstolar som våga å trekke autorative tankar og konvensjonar i tvil. «Tenk sjølv», sa John Locke, «reflekter kring tradisjonar og sosiale konvensjonar og baser dine domar på korleis ting faktisk er».

Eidsvollsmennene las skriftene til dei radikale filosofane med nyfiken interesse og let seg inspirere av revolusjonane og tidsånda
Dei var inspirerte av tidsånda, av revolusjonane og av opplysningstidas tankar, dei henta inspirasjon frå den franske revolusjonen og frå den amerikanske uavhengigheitserklæringa. …. Me fekk ei moderne og framsynt grunnlov, tufta på tankar frå Europa so vel som frå Amerika, men den var sett saman av norske storborgarar og embetsmenn som valte å la seg inspirere av den moderne tida.
Men spørsmålet er om me er modige nok til å halde grunnlova moderne, eller om me einast kler den opp i hippe designerdressar i festtalane på 17. mai for å dekker til den aldrande kroppen til liks med ein middelaldrande mann som tviheld på ungdomen.
No nærmar eg meg også noko ein helst ikkje skal gjere for mykje av i ei 17. mai tale – eg nærmar meg mine eigne meiningar om politisk omstridde spørsmål. Og eg gjer det vel vitande om at nokre meiner 17. mai ikkje er ein politisk dag, men til det må eg berre seie at; om ikkje 17. mai hadde handla om politikk så ville me ikkje hatt 17. mai. Eg trur ikkje det er Yrefløingen som snakkar no, men kanskje snarare den svartsynte sosiologen som ser problemer der andre berre ser at det funkar då bra nok som det er.
Men uansett; Grunnlova. Den har utvikla seg ein del sidan 1814, og særleg framover mot oppløysinga av unionen med Sverige i 1905. Det var i denne perioden me fekk demokratiet, fyrst og fremst formannskapslova av 1837 og seinare innføringa av parlamentarisme i 1884. Frå då av skulle regjeringa sin samansetjing avgjerast av det folkevalte stortinget. Det same stortinget kunne også avsette ei regjering gjennom eit misstillitsforslag. Men det var fyrst i 2007 at dette prinsippet vart innskrive i grunnlova. Då hadde det altså våre anset som ein konstitusjonell sedvanerett i over 120 år.
Då parlamentarismen altså vart formelt innskriven i grunnlova i 2007 let me samstundes ei rekkje andre paragrafar som direkte motseier parlamentarismen likevel få stå ved lag i grunnlova. Mellom anna heiter det at «Kongen vel sjølv eit råd av røysteføre norske borgarar» og vidare «Kongen fordeler gjeremåla mellom medlemmene av statsrådet slik han meiner det er tenleg». Ja slik står det… no… for heldigvis har dei endeleg greidd å semjast om å gi Grunnlova ei ny språkdrakt. Den ligg no føre i ei moderne nynorskform – og då for det berre våge seg at bokmålsforma vart redusert ein slags quasivariant av eit konservativt Vinje-riksmål for å stette fetisjen åt den aldrande språkprofessoren Finn-Erik Vinje og nokre stålkonservative aftenpolitikarar i Høgre og Framstegspartiet. Personleg kunne eg godt tenkt meg at dei droppa Vinjevarianten og heller prioriterte Samisk, men la gå med det i dag.
Tilbake til Kongen som, altså i følgje grunnlova, skal velje statsrådane….. poenget er at det er ikkje slik det er. Ein treng ikkje å ha fullført ungdomsskulen eingong for å forstå at det er ikkje slikt Kongen driv på med. Han har ei heilt anna rolle han, det er ei viktig rolle og han skjøttar rolla si aldeles eksemplarisk. Ikkje berre klipper han snorer og står i Lærdalselvi å fisker laks, … Ikkje berre sit han i kongelosjen å kjempar mot svevnen under fredspris konserten, men han representerer oss langt betre enn kva nokon annan mann eller kvinne som helst vil kunne ha gjort. Han driv ikkje å peikar ut statsrådspostar, heller ikkje «kongen i statsråd» i tydinga regjeringa gjer det….. for, regjeringa har då gått av den. Berre sjå no sist, ein kan like det eller ikkje, men det var altså Erna Solberg som peika ut statsrådane, det gjorde ho i samarbeid med regjeringspartner FrP. Slik er vår statsskikk. Dette er konstitusjonell sedvanerett. Altså noko heilt anna enn kva som står i grunnlova.
På same måte så finst altså Kongen i rundt rekna 40 av grunnlovas 112 paragrafar. Om han skal drive med alt dette…., ja ja det hadde vel vore fint for laksestamma…, men altså likevel…..
I tillegg ser ein også at bruken av omgrepet «kongen» i grunnlova ikkje berre vert nytta på ein missvisande måte, men også på ein måte som kan skape eit inntrykk av at Kongen er innsett av Gud. Mellom anna heiter det at: «Kongens person er Heilag; han kan ikkje lastast eller skuldast for noko. Ansvaret ligg på rådet hans » Om poenget er at kongen ikkje skal kunne straffast, kan ein vel berre skrive det då, han treng vel ikkje kallast heilag av den grunn.

Kongen kan ikkje straffast, seier grunnlova, men han treng då vel ikkje kallast heilag av den grunn
No greidde ein som sagt å semjast om å gi grunnlova ei meir forståeleg språkdrakt, og det er vel og bra. For i meir enn 50 år har lingvistikkarar og språkforskarar påpeika at den norske grunnlova er langt mindre tilgjengeleg for folk flest enn i land som me likar å samanlikne oss med, som det heiter. Men det ein ikkje har greidd å semjast om er om kor vidt grunnlovsteksta også skal gjerast om slik at den faktisk er i samsvar med røyndomen.
Jussprofessor Fredrik Seiersted hevar at «avstanden mellom den skrivne grunnlova og den faktiske statsforvaltinga er langt større i Norge enn i dei aller fleste andre land». Men frå presidentskapet kan me høyre at det «ikke eksisterer noen presserende politisk situasjon som krever fortgang i arbeidet med å revidere grunnlovsteksten». Neivel, kanskje ikkje, men skal den reviderast er det vel greiast å gjere det før situasjonen vert nettopp presserande.
Noko av det mest alvorlege med grunnlova vår i dag er at den faktisk seier lite om fleire, heilt grunnleggande, trekk ved vårt politiske system. For det fyrste seier den lite om det kommunale styret som vart i gangsett alt i 1837 med formannskapslovene; sameleis om partivesenet som starta i 1880 åra; eller om folkerøysting som fyrst vart nytta i 1905 i samband med unionsoppløysinga med Sverige og seinare om alkoholpolitikken på 1920-talet og sist ved folkerøystinga om EF og EU høvesvis i 1972 og 1994. Det har vore fremma ei heil rekke forslag om å ta inn fleire av desse grunnleggande trekka ved vårt politiske system i den varsla revisjonen av grunnlovsteksta, men enno har lite skjedd.
Spørsmålet er om me i det heile kan ha von om at noko vil skje. Stortinget si handsaming av menneskerettsspørsmålet i grunnlova sist tysdag, gir lite von om at grunnlova vil framstå som like moderne og framtidsretta som 1814 versjonen gjorde i si tid. Kanskje vert den nynorskspråklege varianten av grunnlova den einaste nemneverdige moderniseringa våre folkevalte evna å få til under revisjonen jubileumsåret 2014.
Eit siste poeng som eg vil ta med, om me skal ha von om å også kunne snakke om grunnlova vår som moderne og framsynt også i dei neste 200 åra, er spørsmålet om internasjonale tilknytingar. For heller ikkje her er Grunnlova nemneverdig i harmoni med røyndomen. Gjennom medlemskap i FN, WTO, Nato og EØS har Norge knytt seg tett opp mot ei rekkje overnasjonale bindingar. Grunnlova er i dag langt frå tydeleg nok på kva prinsipp som skal gjelde for denne typen avståing av norsk suverenitet til overnasjonale organ. Så her må noko gjerast, våre tillitsvalde politikarar må rett og slett gjere den jobben dei er sett til å gjere. Eg vil oppmode alle til å følgje med på debattane som går om grunnlova i desse dagar. Det er ikkje irrelevant flisspikkeri, men tvert om høgt relevant for utviklinga av vårt framtidige demokrati.
Dei gjorde eit imponerande stykkje arbeid – Eidsvollsmennene – spørsmålet er om dagens stortingsmenn og kvinner evnar å følgje opp framsynet åt sine føregangsmenn. For me lyt hugse på at; det finst mange sjølvstendige statar som er udemokratiske, men det finst ingen demokrati som ikkje er tufta på nasjonal sjølvstende.
Takk for merksemda og igjen; gratulerer med dagen.
______