Sauer er ålreite dyr

Av Rose Bergslid, Bioforsk økologisk
Bjørn Egil Flø, Bygdeforskning
Unni Støbet Lande, Bioforsk økologisk

Unni Støbet LandeBjorn E FloRose Bergslid

 

Då den relativt lite landbrukskunnige RV politikaren Liv Finstad vart sett i NRK- studio for å forsvare Raud Valallianse sitt partiprogram i 1983, vart ho konfrontert med RV`s programfesta landbrukspolitiske mål om å auke sauetalet i Noreg. I mangel av noko meir fornuftig å seie leverte ho det NRK- legenda Herbjørn Sørebø seinare skulle hevda var den mest minneverdige «one-lineren» frå alle 80-talets valsendingar. «Sauer er ålreite dyr» sa ho, og RV har vel ikkje nokon gong nådd folkedjupet betre enn med nett denne eine kommentaren.

Sau_8

For folk flest er sauer nettopp «ålreite» dyr. Ingen annan representerer vel norsk landbruk betre enn nettopp sauen. Skal landbruket portrettere seg på sin aller mest tiltalande måte, er det sauen som kjem på framsida. Kvit og fin står den der og tronar med sine to lam, inneråma i eit frodig fjellbeite. Den representerer det reine, det sunne og det smakfulle norske landbruket. Sauen er sjølve gallionsfiguren åt den multifunksjonelle landbruksskuta. Den har produsert kollektive gode som vakre landskap og biologisk mangfald og sikra ein sårt tiltrengt legitimitet åt det norske landbruket i ein stadig meir brutal marknad. Den har styrka skattebetalarane sin vilje til å betale for det norske landbruket. Og til gjengjeld har den levert levande småbruk, distriktsbusetnad, vakkert kulturlandskap, julemat og gode biotopar for sumarens ivrige pollinatorar, lenger attende enn kva sjølv historikarane evnar å tenkje. Men no røyner det på, sjølv for sauen.

Rotnande beiteressursar

Berre i dei tre midtnorske fylka Møre og Romsdal, Sør- og Nord-Trøndelag har talet på vinterfôra sau gått attende med meir enn 11 000 individ dei siste 10 åra, altså om lag 30 000 sau og lam på sumarbeite. Det til tross for at me her finn kommunar som mellom anna Oppdal, kjent som ein av våre fremste  sauekommunar i landet.

Resultatet av denne tilbakegangen kan me lese i landskapet: Det står store beiteressursar og rotnar i grendene våre. Verdiar som ei tid var verdsette og høgt skatta i jordbruksgrendene våre står i dag ubrukte. I takt med dei omfattande strukturendringane i jordbruket er jamt større ressursar i ferd med å forsvinne frå grendene til fordel for rismark og kratt. Berre i dei tre midtnorske fylka våre har meir enn 130 000 mål jordbruksareal gått ut av drift sidan fyrst på 2000 talet, mykje av dette skriv seg frå bruksnedleggingar. Det som ein gong var drivverdige jordlappar, nøysamt skjøtta av flittige småbrukarar, står seg ikkje lenger i konkurranse med den framveksande ny-produktivistiske ideologien som rir dagens ordskifte om norsk landbruk.

Behov for beite

Samstundes er behovet for beiteressursar stort for dei som enno klorar seg fast i næringa, og særleg er det nett dei såkalla heimebeita som er knappleiksressursen. Desse heimenære beita som sau og lam skal beite på dei fyrste vekene om våren før dei vert sleppt til fjells og etter at dei vert henta att på hausten, har blitt ein knappleiksressurs for mange sauebønder som i dag – heilt i tråd med tilrådinga frå landbruksmyndigheitene – har større besetningar enn kva dei før brukte ha.

Nett difor har Bioforsk Økologisk i samarbeid med Norsk senter for bygdeforskning og aktørar frå sauenæringa starta opp prosjektet «Beiteressurs». Prosjektet ønskjer å finne alternative løysingar for å ta i bruk att den brakklagde beitemarka kring om i grendene våre. Er det mogeleg å finne ordningar der sauebønder kan få tilgang til dei beita som i dag står ubrukte og samstundes bidra til det landbrukspolitiske målet om å auke den totale matproduksjonen vår, slik at den held fylgje med folketalsauken? Me treng å hugse på at Noreg har ei underdekking på sauekjøt på om lag 2000 tonn i året, ei underdekking som i dag vert erstatta av import. Me trur betre utnytting av ressursane våre vil kunne bidra til å redusere importbehovet, men spørsmålet er: kva må på plass om sauebønder skal sjå seg syn med å sleppe sau på dei beita som i dag står ubrukte? Og kva skal til for at eigarane av desse areala vil sleppe andre sin sau inn på beita sine?

For å finne ut av dette treng me å høyre kva dei som eig beita sjølve meiner. Me treng å finne ut om det finst alternative måtar å tenkje på som kan opne opp for at beita kan takast i bruk igjen slik at me på ny kan oppleve å sjå beitande husdyr i nærområda våre, med alle dei positive ringverknadane det måtte ha.

Sauen attende til grendene

Er det mogeleg å sjå føre seg at også andre enn einast sauebønder og grunneigarar involverer seg i å få sauen attende til grendene, altså at andre som har interesse av å ha sau på beite i nærområdet sitt også kan vere villige til å gjere ein aktiv innsats for å  få beitebruken til å fungere? Er det aktuelt å tenkje seg at kanskje skuleklassar eller grendelag vil kunne bidra med gjerding og ettersyn i samarbeid med sauebønder og grunneigarar? Kanskje kan det inngå i læring og det lokale kulturarbeidet i grenda, kanskje kan ein samlast om ei forståing av at sau på beite og den meirverdien det representerer for grendesamfunnet og folka som bur og verkar i grenda, gir grunnlag for ein viss eigeninnsats for andre enn einast sauebøndene og dei eventuelle grunneigarane som leiger ut beita?

Vil det vedlikehaldsarbeidet sauen gjer i landskapet vere stort nok – eller verdifullt nok – for folk i grendene til at ein er villig til å ta meirarbeidet og eventuelle ulemper som følgjer med å gjere areala beitbare for sauen? For kor direkte er koplinga mellom sauen sine såkalla økosystemtenester og folk sin vilje til å yte ein innsats for faktisk å ha den i nærområdet? Kor høgt verdset me eigentleg jordbruket sin påståtte «kollektiv-gode-produksjon»? Kor «ålreit» er eigentleg sauen?

Kontakt oss

Er du ein sauebonde som treng meir heimebeite og kanskje også veit at det står mykje ledig beite i eit område nær deg, eller er du grunneigar og sit på brukbare beiter som ligg ubrukt og samstundes kan tenkje deg å la andre få sleppe beitedyr der, så ta kontakt med oss. Er du skuleelev, lærar eller med i eit grendelag, eller berre bur du i ei grend der det finst areal som kan nyttast som beite, og har du lyst å vere med på prosjektet, så ta kontakt med oss. Me leitar no etter eit studieområde som kan hjelpe oss i arbeidet med å finne alternative måtar for å få utgått jordbruksareal inn att i produksjon.

Helst ser me føre oss eit lokalsamfunn der det finst ein del areal som ligg ubrukt eller som kan nyttast som beiteareal for husdyr. Idealområdet er altså ei bygd eller ei grend som har ein del areal tilgjengeleg for beiting. Samstundes bør dei ikkje ligge lengre vekk frå potensielle beitebrukarar enn at det er praktisk mogeleg å få til bruk av beita.

Av Rose Bergslid, Bjørn Egil Flø og Unni Støbet Lande

Innlegget har stått på trykk i ei rekkje lokalaviser i Midt-Noreg

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s