RURALE REFLEKSJONAR

Arkiv

Av Bjørn Egil Flø   DET VEKS OPP ein ny økonomi i grendene. I hjulspora etter det gamle bondesamfunnet veks det fram ein ny rural økonomi. Frå å ha produsert varer for eksport ut av bygda, varer som vert konsumert i byane og tettstadane under fossane, lokkar den nye bygda til seg forbrukaren for å konsumere vara i grendene. Skilnaden mellom det nye og det gamle ligg i relasjonen mellom nettopp produksjon… Les meir

Av Torbjørn Tufte Statsvitar, Agri Analyse I siste dagane les me at «europaministar» Vidar Helgesen har pakka kofferten stappfull av einsidige innrømmingar til EU i si fyrste vitjing i Brüssel som ministar. Amerikakoffert er velkjent frå visa Julekveld i skogen, der det heiter seg at det ikkje er julenissen som bankar på døri, men derimot amerikasonen som vender attende med kofferten full av alskens herlegdomar. Eit nyord må kanskje verte Noregskofferten, for… Les meir

Av Bjørn Egil Flø   Medan fattige familiar ligg utarma og makteslause i slumbelta kring dei store byane, drikk spekulantane i Glencore – verdas største råvareselskap – kvitvin og et kanapear i sine svale airconditionerte lokalar i Baar.  For dei feirar ein prisvekst på mat utan sidestykke i historia, råvareselskapa. Dei feirar tørken og forørkninga og folkeauken, dei feirar vestens kjøthunger, flaumskadar og dei dramatiske klimaendringane. Dei feirar energiknappleik og matkorn på… Les meir

Av Torbjørn Tufte, Statsvitar, Agri Analyse I ei NTB-melding, attgjeven i mellom anna NRK, Aftenposten, VG og Dagens Næringsliv, slår jussprofessor og leiar frå EØS-utgreiinga, Fredrik Sejersted, fast: ”Selv om det kan være rom innenfor avtalen til å velge mellom ulike måter å regne ut tollsatsene på, vil enhver mekanisme som fører til økte tollsatser, gå mot selve ånden eller intensjonen i EØS-avtalens artikkel 19.” Dette er ei spesiell ytring. Toll og… Les meir

Av Jostein Vik og Bjørn Egil Flø   Me hadde skrive ein kronikk der me ønskja å syne at med den nye landbruksmeldinga har det oppstått ein ny situasjon for det norske landbruket. ”Nei da, det er slett ingen ny situasjon” høyrer me frå Vikabråten (Les motinnlegget frå Ole-Jacob Christensen her) ”… det har vore god latin i mange tiår at matproduksjonen skal følje folkeauken”. Mogleg det, men sjølv ikkje Ole-Jacob Christensen… Les meir

Av Jostein Vik og Bjørn Egil Flø     Han har vore på misjonsferd dei siste vekene – statsråd Lar Peder Brekk – og i veska har han bore på det landbrukspolitiske ny-testamentet “Landbruks- og matpolitikken. Velkommen til bords”. Eit ordrikt dokument på 301 sider, den tjukkaste landbruksmeldinga nokon sinne. Og på dei bondetillitsvalte sin felleslunsj slår dei vitsar om den til melodien frå Ole Ivars “Nei så tjukk du har blitt”,… Les meir

Av Bjørn Egil Flø     For fjerde år på rad arrangerer FN-sambandet, Bondelaget, Bygdeforskning og NTNU markeringa av den internasjonale matvaredagen. Ettermiddagen måndag den 17. oktober samlast me i Suhmhuset i Trondheim for å diskutere den internasjonale matvaresituasjonen. Eit lite arrangement om eit stort emne, men ein type arrangement som me ser stadig fleire av, ikkje einast her til lands anna enn kring om i heile verda. Vanlege folk er nemleg… Les meir

Av Bjørn Egil Flø     All this dirt comes from bad politics, it is a consequence of our leading elite’s political ideology Dette var kommentaren Rick Davis, frontfiguren i det britiske progrock bandet Supertramp, gav journalistane som ville ha forklaringar for kvifor dei hadde valt eit så dystert coverbilete til sit fjerde album “Crisis? What crisis?”. Det same kan me seie om det som i dag veks fram som ei stadig… Les meir

Eg såg dei på fjernsynet, to unge jenter, sjølv om dei freista å skjule andletet sitt kunne eg sjå at dei verka slitne, men nøgd. Halve natta hadde dei vore med mobben i bydelen Haringey i Nord London og synte villig fram nattas fangst til reporteren. Jeans, toppar i alle slags fargar og fleire kardigans, den eine av dei hadde også ein hang til eksklusivt undertøy og hadde nytta høvet til å… Les meir

Eg har vorte fortalt at folk som meinar å høyre til på vestlandet driv å skriv på ”veggar” og ”twitrar”, og til dels er nokso harme over ein kronikk eg hadde i Bergens Tidene den 16. januar med tittelen ”idylliseringas pris”. Sjølv undrast eg på kva som kan ha gjort dei så harme, for eg ville då berre gjenfortelje historia til Annie – ei sprek og trivleg eldre dame eg trefte i… Les meir