Spekulantar på fattigfolks åkrar
Medan fattige familiar ligg utarma og makteslause i slumbelta kring dei store byane, drikk spekulantane i Glencore – verdas største råvareselskap – kvitvin og et kanapear i sine svale airconditionerte lokalar i Baar.
For dei feirar ein prisvekst på mat utan sidestykke i historia, råvareselskapa. Dei feirar tørken og forørkninga og folkeauken, dei feirar vestens kjøthunger, flaumskadar og dei dramatiske klimaendringane. Dei feirar energiknappleik og matkorn på tanken og dei feirar at alt saman bidreg til å sende priskurvene for matvarer til himmels og fylle lommebøkene med meir enn dei evnar å bruke. Og neste år ser ut til å bli deira beste år nokon sinne. …
Takket vere ei varmebylje i Midtvesten – verdas største kornområde – ser prognosane for neste år ut til å overgå alt me før har sett. 2013 kan gi oss ein prisauke på mat som får den norske debatten om tollsatsar på roqueforten til å framstå som ein pinlig sketsj klipt ut av ein Monty Python film. Nær halvparten av mais, soyabønne og kveite produksjonen i Midtvesten var registrert som dårleg eller svært dårleg og den totale produksjonen samanlikna med gjennomsnittsåra ligg på i underkant av 30 prosent. Det betyr at me står overfor eit år der me manglar nær 120 millionar tonn korn eller kornekvivalentar. Samanliknar me situasjonen med 2010, då 40 % av Russland sine kornavlingar brann opp, går me altså inn i eit år der matknappleiken er meir enn tre gongar større enn kva den var då. Den gongen vart prisane på korn dobla som resultat av eksportstansen russarane innførte for å berge si eiga befolkning. Enkel hovudrekning fortel oss at om USA vel å gjere det same, kan me rekne med meir enn ei tre-dobling av matvareprisane i kjølvatnet av årets tørke i Midtvesten.
Set me dette saman med alle dei mindre, men likevel vel så alvorlege, situasjonane som me ser elles i verdas landbruk, er det ingen ting som tyder på at andre områder kan bøte på avlingssvikten i USA. I Wales og Midt-England står bøndene til knes i regnvatten og fleire stadar i Afrika, særleg i Tsjad, vert matjorda vaska vekk under føtene på nær ein halv million menneskjer som alt har vore jaga på flukt etter månader og til dels år med utarmande tørke og konflikt.
Reiser me til Russland og Ukraina ser me at også i år har tørken herja hardt med avlingane som enno ikkje har kome seg på fote att etter skadeverknadane frå storbrannen i 2010. Samtidig kan me lese i dei fargerike årsrapportane frå energiselskapa at det samla jordbruksarealet i verda som vert nytta til å produsere drivstoff til rikfolks SUV’ar har auka frå 7 til nær 9 % av verdens totale jordbruksareal. Og enno verre er det om me også trekkjer inn den varsla kollapsen i verdas villfiskressursar. Berre for nokre månader sidan vart det lagt fram ein ny rapport som skisserar ein framtidig kollaps av det vesle som er att av villfiskressursar kring om i store delar av verda. Alt dette, utan at me ser ut til å evne å gjere noko med det.
Alt fortel det oss at me gjer det meste feil. Om målet er å mette dei fattige i Maputos bakgater, så gjer me alt feil. Men sett med augo til Glencore derimot, så gjer me alt heilt rett.
Det tykkjes vere stor semje om at verda treng mat. Ikkje berre her til lands anna enn over heile verda kjem det dagstøtt politiske utspel om at me treng å produsere meir mat. Med ei veksande befolkning, endra matvanar og stadig meir ustabile produksjonstilhøve lyt ein auke matproduksjonen med over 70 prosent innan 2050. Slik sett er situasjonen lik den me hadde på 70 talet då den dåverande generalsekretæren i FN, Kurt Waldheim, kalla inn til Verdas matvarekonferanse i Roma. Det tyktest vere stor semje på møtet om at krisa var både kompleks og mangfaldig, og det vart drege fram tre hovudgrunnar for krisa: 1) usunn demografisk utvikling i store delar av verda, 2) ei fullstendig ignorering av behovet for å utvikle dei rurale områda i verda og 3) konvertering til kjøt som hovudkjelde for protein som fylgje av velstandsauke.
Men leksa frå 70-åra vart aldri lærd. Problemet med usikker matvaretilgang er vel så utbreitt i dag. Fyrst og fremst fordi me står overfor to nye og svært viktige trendar, som begge var fråverande då. Fyrst: Kva rolle spelar ein no globalisert mat og finanssektor? Hedgefond, jordoppkjøp og andre former for spekulasjonar i matvaremarknaden fungerer som «bensin-påkastarar» til «matprisbålet» og er med på å skape eit effektivt bidrag til intensiveringa av svolt, fattigdom og ustabilitet verda over.
Det andre nye er at den utspelar seg i ei tid der effekten av klimaendringane trengjer seg stadig nærmare. Enno har me langt frå sett konsekvensane av den globale oppvarminga, men frykta for konsekvensane og dei mange vitskaplege prediksjonane omkring krisepotensialet er uansett med på både å «snakke» temperaturen opp på jord- og matvaremarknaden og på å pervertere kriseforståinga. Med det som resultat at dei landa som i dag alt er hardast råka av krisa, berre vil verte dregne endå lenger ned i dragsuget av ei systemkrise. Den einaste sjansen dei har om dei vil redusere smertene åt eigne borgarar, er å gjenopplive eige landbruk. For etter kvart som krisa vert sterkare, vert også gjevarviljen til den vestlege verda svakare. Verdas matvareprogram er avhengig av rike gjevarar, men etter kvart som dei vert meir og meir gnitne, lyt FNs matvareprogram førebu seg på å kjøpe inn landbruksvarer lokalt. Det har me også sett dei siste fem – seks åra, då prosentdelen lokale innkjøp utførde av matvareprogrammet har stige frå 13 til 30 prosent berre i Vest-Afrika.
Eksplosjonen i matvareprisane stiller igjen spørsmål om den eigentlege rolla til landbruket. Det burde vere kjernen for arbeidet med å utvikle alt landbruk, både her heime som elles i verda. Ikkje eingong Verdsbanken greier å undertrykkje sanninga lenger. Eit solid nasjonalt landbruk er lykelen til stabil matvaretilgang både nasjonalt og internasjonalt, og det trengst ei fornya kraft i satsinga på dei rurale områda i verda.
Innlegget har stått på trykk som kronikk i Bergens Tidene den 15. oktober 2012