Åndeleg tolltull frå jussprofessor

Av Torbjørn Tufte, Statsvitar, Agri AnalyseTorbjørn Tufte

I ei NTB-melding, attgjeven i mellom anna NRK, Aftenposten, VG og Dagens Næringsliv, slår jussprofessor og leiar frå EØS-utgreiinga, Fredrik Sejersted, fast: ”Selv om det kan være rom innenfor avtalen til å velge mellom ulike måter å regne ut tollsatsene på, vil enhver mekanisme som fører til økte tollsatser, gå mot selve ånden eller intensjonen i EØS-avtalens artikkel 19.”

Dette er ei spesiell ytring. Toll og tollsatsar er fastsett i WTO. Nettopp, bruk av tollsatsar er det legetime verkemidlet i WTO-regelverket. Bindingslistene i WTO definerar tollsatsane eit land har rett til å nytte. Såleis har ikkje fastsetjinga av norske tollsatsar overfor tredjeland noko med verken Artikkel 19 eller EU å gjere. Artikkel 19 i EØS-avtala er ei bilateral (tosidig) liberalisering mellom Noreg og EU. Når det vert vist til tollsatsar, ost og Artikkel 19, så er det ostekvota som er liberaliseringa Noreg og EU er samde om. Ostekvota er auka frå 4500 tonn til 7200 tonn i den siste Artikkel 19-avtala (i kraft 1/1-2012). Liberalisering i Artikkel 19-avtala er eksklusiv og importkvota på ost er øyremerka for EU. …

Kort sagt, tollsatsane Noreg handhevar er i samsvarar med det Noreg har rett på i WTO. Det har ingenting med formalia, intensjonar eller ånda i Artikkel 19 å gjere, slik Sejersted søkjer å formidle. Hierarkiet i internasjonale folkerettsleg bindande avtaler må både jussprofessoren og Den europeiske union respektere.

Internasjonalt har Noreg tydeleg uttrykt kva tollsatsar ein vil praktisere. Det står eksplisitt i bindingslista i WTO: ”Hvor både spesifikk [krone] og ad valorem [prosent] tollsats er angitt vil man benytte den sats som til enhver tid er høyest” (Særskilt vedlegg til St.prp.nr. 65(1993-94)). Noreg har, både i ånda og formelt, erklært at den norske handelspolitikken er å handheve eit fungerande norsk tollvern som sikrar norsk jordbruksproduksjon og foredling. Store importkvantum, til dømes av ost, til ordinær toll tilseier at tollvernet ikkje fungerar etter intensjonen.

Osteimport, tollsatsar og skrantne butikkhyller
Lekkasjane, stadfesta i det framlagde statsbudsjettet, om eit skifte frå kronetoll til prosenttoll på nokre få varelinjer har skapt store overskrifter i media kring mangfald og utval i butikkhyller. ”Sannsynligvis blir utvalget i butikkene mindre”, uttalar direktør R. Gulbrandsen i NHO Mat og Drikke. NRK melder at endringa får adm.dir. i Virke, Vibeke H. Madsen til å sjå raudt. Ho seier ”Det er å lure forbrukerne å si at dette ikke får noen konsekvenser for dem. Det kommer til å bety at det blir mindre mangfold av varer i hyllene, og det er stikk i strid med det forbrukerne ønsker”

Vil utvalet forvitre? Vil kvalitetsostar forsvinne? Nokre reine kjensgjerningar rundt osteimporten siste året kan ha relevans i debatten. I fjor vart det importert 10900 tonn ost. 99 % av dette kom frå EU. Største eksportland var Danmark med 4603 tonn og Tyskland med 2114 tonn. Tredjestørst var Frankrike med 1882 tonn. 80 prosent av osten kjem frå desse tre landa.

Importen av ost frå EU til ordinær toll var større enn importen i den tollfrie kvota på 4500 tonn. No er ostekvota utvida til 7200 tonn, som ein del av den gradvise liberaliseringa mellom EU og Noreg, som Sejersted viser til i NTB-meldinga. Liberaliseringa skal òg vere gjensidig fordelaktig, som det står i Artikkel 19. 7200 tonn ost utgjer 10 % av det norske osteforbruket. Det tilseier at det i framtida kan fyllast på med ostar som Parmesan, Manchego, Comté og Roquefort i norske kjøleskap. Føresetnaden er at slike ostar vert importert. Tek importørane inn slike kvalitetsostar – eller føretrekk dei ordinær ferdigriven ost frå Danmark? Det kan importstatistikken svare på.

Roquefort og Parmesan til forbrukarane?
Svaret er at verdskjende kvalitetsostar knappast vert importert. Det er difor Gorgonzola og Feta mest ikkje er å finne i butikkane. Om det er fordi forbrukarane ikkje vil ha spesialostar eller fordi importørane ikkje ynskjer å ta dei inn, det må importørane svare for.

I mangfalddebatten bør det vere relevant om det vert importert kjende spesialostar som sikrar stort utval og freistande ostediskar – eller om importen i hovudsak dreier seg om ordinære volumostar som fyller butikkhyller. Ostar som gjennom store volum pressar ut ost ysta på mjølk frå norske mjølkekyr, det vere seg norske ”billigostar”, dyrare lagra ostar eller norske nisjeostar.

Av dei 10900 tonna importert ost utgjorde Roquefort 52 tonn. Gorgonzola 47 tonn og Camembert 188 tonn. Det kom 133 tonn original Parmesan frå Italia. Når det gjeld ”Feta og fetaliknande ost” dominerar Danmark totalt. Det til trass for at Hellas har einerett på produktnemning ”Feta” i EU. Det vart importert 29 tonn Feta frå Hellas. Tjueni tonn av ein av verdas mest kjente ostetypar produsert på sau og geitemjølk. Samstundes kom det 2188 tonn dansk ”fetakopiert ost” produsert på kumjølk.

Konklusjonen er difor at det i framtida er rom for eit velfungerande tollvern, samstundes som forbrukarane kan få rikeleg med kvalitetsostar gjennom den tollfrie ostekvote på 7200 tonn.

Men i 2011 vart det importert 568 tonn ordinær ferdigriven ost. Det er 119 tonn meir enn det totale importvolumet av ostar som, Roquefort, Gorgonzola, Camembert, Feta og Parmesan frå Italia. Kvifor importørane ikkje tek inn meir og fleire kvalitetsostar når det er ei tollfri kvote på 7200 tonn, framfor rimelege ordinære bulkostar; det bør fleire enn eg lure på.

Torbjørn Tufte
Statsvitar, Landbrukets Utredningskontor

Les også Torbjørn Tufte sitt svar til Strøksnes sin uro for roqueforten i Bergens Tidene 06. oktober 2012

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s