Mat, miljø og fattigdom

Av Bjørn Egil FløBjorn E Flo

 

 

For fjerde år på rad arrangerer FN-sambandet, Bondelaget, Bygdeforskning og NTNU markeringa av den internasjonale matvaredagen. Ettermiddagen måndag den 17. oktober samlast me i Suhmhuset i Trondheim for å diskutere den internasjonale matvaresituasjonen. Eit lite arrangement om eit stort emne, men ein type arrangement som me ser stadig fleire av, ikkje einast her til lands anna enn kring om i heile verda.

Vanlege folk er nemleg uroa over ein situasjon som ser ut til å forverre seg same kor medvitne me er om den. På nytt ser me bileta flimre over fjernsynsskjermen, utarma og underernærte born, brennande kornåkrar og eingong så bognande markar som no ligg drukna i flom eller i ein ørken av salt. Dei sa det ikkje skulle skje igjen. I 1974 var dei samla i Roma – matvarepolitikarane og rådgivarane – og dei lova at det ikkje skulle skje igjen. Kva gjekk galt? Kvifor greidde me ikkje å styre unna ei ny krise? …

Nobelprisvinnar og professor i økonomi Amartia Sen startar sitt vidgjetne essay ‘Poverty and famines: an essay on entitlement and deprivation’ frå 1983, med påstanden: “Svolt er kjenneteikna av at folk ikkje har nok mat, ikkje ved at det ikkje er nok mat” (eiga omsetjing). Kanskje er det situasjonen enno, kanskje er det slik at det finst nok mat til alle og at utfordringa ligg i ei rettvis fordeling? “Ja”, seier dei amerikanske forfattarane Sharon Astyk og Aaron Newton, i boka ‘A Nation of Farmers’, og påpeikar det faktumet at “..dei fleste som legg seg svoltne, både i rike og fattige land, har gangavstand til marknadar som bognar av mat dei ikkje kan få kjøpt”. Astyk og Newton poengterer at me treng å innrømme at mesta alle tilfelle av under- og feilernæring skuldast urettvis fordelingspolitikk heller enn ein absolutt matvareknappleik.

Me må verte meir effektive, sa dei etter Romamøtet i 74. Og løysinga vart meir teknologi. Me fekk intensivert den alt intensive teknologiseringa av landbruket, ikkje berre fekk me fleire og større plogar og traktorar – me fekk også fleire laboratorieplantar og kjemiingeniørar som lova oss mat og grøne skogar.

Då ingeniørane gjekk tilbake til laboratoria sine var det økonomane som inntok FAO sine korridorar i Roma. Mat aleine er ikkje nok, sa dei, og sjeldan har vel ein økonom snakka meir sant, men der stoppa også sannsnakkinga. Med nyutskrivne embetspapir frå Chicago-skulens menighetsfakultet teikna dei grafar og likevektsmodellar og hevda at den frie marknaden er effektiv og rettvis. Den frie marknaden er sjølvregulerande, sa dei og påstod at forventningane i kapitalistiske økonomiar er rasjonelle. Ligg unna statlege reguleringar og alt som luktar av proteksjonisme, åtvara dei, for det inneber effektivitetstap.

Og slik vart det, no skulle fattige land tene seg rike på å selje maten åt svoltne medborgarar. Berre Brasil eksporterer mat for mellom 25 og 30 milliardar US dollar, samstundes som millionar av menneske går svoltne kring i Rios gater. Eit enda større paradoks er Etiopia, som midt under den enorme svoltkatastrofa i 1984 eksporterte mat for nær 3 milliardar dollar. Dei aller fleste landa – også dei aller fattigaste – er naturressursmessig fullt i stand til å produsere nok mat til at alle kan ete seg mett. Mangelen er styrken til å bygge rettvise institusjonar som sikrar folket grunnleggande rettar som mat, verdigheit og tryggleik.

Men matvarepolitikarane og rådgivarane kliv opp på dei opphøgde talarstolane og tviheld på den mest handterbare utfordringa – nemleg; korleis auke matvareproduksjonen? Og sjølvsagt har me produksjonsutfordringar, men om me ikkje samstundes evnar å diskutere fordelinga vil produksjonsauken einast gjere dei mette mettare. Fattige born i Antananarivos bakgater vil framleis måtte legge seg like svoltne, kanskje registrerer dei at det heng nokre fleire kyllingar i slaktarens vindauge, men smaken av kylling vil dei aldri kjenne. Så Astyk og Newton har rett; me treng å innrømme at fattigfolks svolt fyrst og fremst er tufta på rikfolks val.

For oss som lever våre tilpassa liv i det rike nord kan det vere vanskeleg å sjå alle samanhengane, det kan vere balesamt og tykkjest i overkant politisk korrekt å måtte drage lange filosofiske refleksjonar kvar gong me måtte få lyst på ei tigerreke eller ein kopp kaffi. Er det me og alle våre individuelle val som tek maten or hendene åt svoltne born i Bangladesh, eller er det det økonomiske system og ideologien det er tufta på som har skulda? Eller har kanskje Chicago-økonomane rett? Er det rett og slett slik at me et for lite tigerreker, og at me drikk for lite kaffi? For me har då høyrt det før, me har då høyrt at dei rike lyt verte rikare skal me greie og lyfte dei fattige ut av fattigdomen, eller som John F. Kennedy brukte seie så fint “… a rising tide lifts all boats”. Spørsmålet er berre; trur me på det?

Historisk har den rurale befolkninga alltid vore relativt sett fattigare enn den urbane befolkninga, likevel har svolten sjeldan vore like brutal på landsbygda som i byane. Dei siste åra har derimot dette bilete endra seg, av ein milliard permanent underernærte menneske i dag er 75 prosent bønder og deira familie. Ikkje berre har den stadige industrialiseringa av landbruket, også i den tredje verden, bidrege til ei forsterka urbanisering og ei utarma rural befolkning, men den har også skapt eit sårbart landbruk. Monoproduksjonar og konsentrasjon av vasskrevjande produksjonar i områder der det knapt regnar, utarmar humusen og skaper ein matmarknad som svingar i takt med plasseringa av tilfeldige vêrfenomen. Industrialiseringa av landbruket har gjort bønder og den rurale befolkninga avhengige av innkjøpte innsatsfaktorar og meir vare for skift i pris og tilgjengelegheit. Me ser no at sjølv ørsmå prisauke på kunstgjødsel, diesel eller såkorn legg etter seg tragedier, ikkje berre i bondehushaldet, men også regionalt og nasjonalt, og er med på å skape grobotn for nasjonale og internasjonale opprør.

Bjørn Egil Flø

Møt opp på debattmøte i Suhmhuset mandag den 17. oktober kl 18:00
Les programmet i pdf her

Innlegget har stått som kronikk i Trønderavisa

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s