RURALE REFLEKSJONAR

Arkiv

 ”Blue Cow Inn” heitte gjestgiveriet eg tok inn på i den vesle landsbyen South Witham i Lincolnshire. Og dei skal nok få mjølke til dei vert meir enn blå dei 8100 kyrne det no skal byggast fjøs til like nordom her ved småbyen Nocton. Meir enn 250.000 liter mjølk om dagen skal produserast på det som vil verte Europas største mjølkebruk. Rett nok ryktes det at Nocton Daity Ldt. vil nedskalere planane… Les meir

Av Bjørn Egil Flø       Dei kom med fly dei som bygde Snøhvit i Hammerfest. 26.000 mann, inkludert ei og anna kvinne. Dei kom frå Stavanger og Kiev frå Aberdeen og Caracas og frå grendene kringom på vestlandet, ekspertane og fagarbeidarane. Dei kom med pendlarfly frå Stord og samla seg kring lukta av oljedamp og gass som nordausten bar inn frå Barentshavet. For dei hadde det som trengdes, dei multinasjonale… Les meir

Av Bjørn Egil Flø   Det var sinne som dreiv dei, i rein frustrasjon nekta dei å vere med lenger. Inntektene var nede i knappe 60 prosent av industriarbeidarløna, og trongen for investeringar var overhengande for den som ønskte å bli verande i næringa. Året var 1975 og bøndene på Hitra nekta å betale skatt – dei aksjonerte. Skatteaksjonen fekk konsekvensar for eit samla norsk landbruk og endå til for industriarbeidaren på… Les meir

Av Bjørn Egil Flø Når eg hevdar at post-modernismen har fått for stor tyngde i den rådande retorikken kring norsk bygdeutvikling meinar eg ikkje at bønder, bygdeutviklarar eller bygdeforskarar er post-modernistar. Det eg hevdar er at postmoderne teori har gjort noko med oss, den har gjort noko med korleis me betraktar det rurale – altså korleis me ser på bygdene og dermed også for kva rolle bygdene våre har fått tildelt. Det… Les meir

Av Bjørn Egil Flø Dei bygdevennlege prosjektmakarane har forlese seg på kryptiske postmoderne teoriar og er iferd med å gjere bygdene våre om til passive tilbydar av middelklassesymbol mesta ingen eigentleg er nemneverdig interessert i. Over alt gjer grendene seg lekre for ei gruppe folk som kanskje ikkje finst. Som middelmåtige reiselivsbedrifter skal bygde-Noreg selje seg ved hjelp av ’Innovasjon-Norge-finansierte’ reklamepakkar, bønder og bygdefolk skal ”fortelje dei gode historiene” – dei skal… Les meir

Av Bjørn Egil Flø   15 milliardar dollar i almisse er det som skal til for å sikre at vestlege agrobusiness selskap for halde fram sin systematiske plyndring av fattigfolks jordbruksland. For det var omtrent det som kom ut av G8 møtet sine drøftingar av verdas matvarespørsmål i L’Aquila i Italia førre veke. I over 20 år har det internasjonale samfunnet systematisk ignorert matvarespørsmålet og vona at ein eviggrøn revolusjon skulle greie… Les meir

Av Frank Egil Holm og Bjørn Egil Flø     Når gassisk militære kjeppjagar Ravalomanana og set den vasskjemde gutungen Rajoelina i statsleiarstolen handlar det i botnen om slike som Trygve Hegnar og hans meiningsfellar sine grådige krav om stadig billigare mat. For sjølv om årsakene til statskuppet på Madagaskar er mange og kompliserte var det likevel inngåinga av ei jordleigeavtale me ikkje har sett maken til sidan føydalismen som fekk begeret… Les meir

Av Bjørn Egil Flø     I ei tid då tillita til dei vasskjemde stjerneøkonomane i verdsbanken, det internasjonale pengefondet og verdas handelsorganisasjon vert stadig meir frynsete og våre heimlege næringslivsjournalistar skriv lange artiklar om finanskrisa som einast fortel oss at dei manglar grunnleggande kunnskap om kapitalismen, er det godt å lese Rune Skarstein si siste bok; Økonomi på en annen måte. Gjennom eit solid handverk i økonomisk historie, vitskapsteori og statsvitskap… Les meir

Av Bjørn Egil Flø     Eg får dei same assosiasjonane kvar gong eg ser han avbilda. Jeffrey Sachs, denne nyvaska stjerneøkonomen som med sine enkle reknestykke og løysingar føreset konsekvent at alle forslag verkar som dei er tenkt. Han greier på eit underleg vis å setje meg attende til indremisjonsmøta i mi heimlege sunnmørsgrend på slutten av 70- og fyrst på 80-talet. For der står han, emissæren, smilande og nykjemd i… Les meir

På den nyleg avslutta konferansen om matprisar og matvaretryggleik som vart held av dei Sameinte Nasjonar (SN) sin organisasjon for mat og landbruk (FAO) i Roma var det ei syrgjeleg semje om at svaret på verdas elende denne gongen ikkje berre er frihandel, men meir frihandel. Problemet vert større når heller ikkje folk som me ønskjer å ha tillit til greier å rette merksemda mot anna enn skinnproblem og syner seg heilt… Les meir