Europaministar på reise med overvekt i bagasjen
Av Torbjørn Tufte
Statsvitar, Agri Analyse
I siste dagane les me at «europaministar» Vidar Helgesen har pakka kofferten stappfull av einsidige innrømmingar til EU i si fyrste vitjing i Brüssel som ministar. Amerikakoffert er velkjent frå visa Julekveld i skogen, der det heiter seg at det ikkje er julenissen som bankar på døri, men derimot amerikasonen som vender attende med kofferten full av alskens herlegdomar.
Eit nyord må kanskje verte Noregskofferten, for det må for Unionen opplevast som å få julenissen på vitjing, når europaministaren trapper opp med gåvedryss frå Noreg utan vederlag. Prosenttoll på ost, lammekjøt og biffar av storfe vert nonsjalant dryssa over gåvebordet for å skape god stemning. Norske bønder og arbeidarane i matindustrien skal betale prisen for gildet.
Ikkje eit ord om at Noreg er lei av tollvernet til EU på fisk og landbruksvarer. Det burde vere rimeleg å minne vertskapet på at Noreg importerer 100 gonger meir meieriprodukt per capita enn EU gjer.
Når det gjeld den mykje såkalla proteksjonismen og tollmuren til Noreg er realitetane i handelsstatistikken at Noreg importerer 11 000 tonn ost til 5 millionar innbyggjarar, der EU importerer 80 000 tonn til 500 millionar innbyggjarar. Kring 15 prosent av forbruksmarknaden i Noreg er dekka av importert ost, medan importen utgjer godt under 1 prosent i EU. Sagt på ein anna måte, i Noreg er importen av ost 2 kg per innbyggjar, mot knappe 15 gram i Unionen. …
Det vert òg ignorert av europaministaren at toll og tollsatsar ligg i WTO, ikkje i EØS. Og at det er nettopp bruk av tollsatsar som er det legitime verkemidlet for å regulere marknadstilgangen mellom land i internasjonal handel. Det er bindingslistene i WTO som avgjer tollsatsane eit land har rett til å nytte. Internasjonalt har Noreg tydeleg uttrykt kva tollsatsar ein vil praktisere. Det er eksplisitt nedfelt i den norske bindingslista i WTO. Her står det:
”Hvor både spesifikk [krone] og ad valorem [prosent] tollsats er angitt vil man benytte den sats som til enhver tid er høyest” (Særskilt vedlegg nr.1 til St. prp. nr. 65 (1993-94)).
Tollprofilane Noreg og EU praktiserer, i følgje berekningane til WTO, at på landbruksvarer er 31 prosent av varelinjene til EU tollfrie og 45 prosent av dei norske.
Talet på varelinjer som er tollfrie fortel rett nok ikkje noko om kor høg tollsatsen er. Men det er eigentleg likegyldig om tollsatsar er 20 kroner eller 40 kroner, all den tid tollsatsen sikrar at den som nyttar tollen oppnår det importvernet ein ynskjer. Difor kan 20 kroner toll på ein biff eller ost vere like effektivt for ein stat, som 40 kroner er for ein annan. Om ein tollsats er effektiv eller ikkje, vert avgjort av tilhøvet mellom importprisen pluss tollsatsen og innlandsprisen.
Vert importprisen pluss toll høgre enn innlandsprisen, er tollsatsen fungerande og gir marknadsvern. Ein enkel sjekk på årsskiftet 2010/11 viser at på skummamjølkpulver gir den norske tollsatsen på 22,87 kr pluss verdsmarknadspris på 17,55 kr, ein pris som er 2,42 kr høgre enn norsk innlandspris. EU har om lag halve tollsatsen med 9,52 kr. Tollsats pluss verdsmarknadspris på 17,55 kr gir på dette tidspunktet ein pris som er 10,57 kr over innlandsprisen i EU. Dermed har både Noreg og EU eit reelt tollvern. Men dersom ein då halverte tollsatsane, ville ein i Noreg få ein importpris på 9 kroner under innlandsprisen og eit tollvern som ikkje fungerer. Medan ein i EU ved ei halvering framleis vil ha eit vern på 3,71 kroner.
Ein hovudårsak til at det renn inn ost frå EU i den norske marknaden er at EU har redusert råvareprisen til produsent. Denne strategien vart starta med landbruksreforma Agenda 2000, der det var eit uttalt mål å betre konkurransekrafta til landbruket og næringsmiddelindustrien ved å redusere prisane på råvarer gjennom å auke den direkte økonomiske stønaden til bøndene. I praksis er dette gjennomført ved ei omfattande omlegging av landbruksoverføringane, frå produksjonsavhengig støtte til produksjonsuavhengig støtte, som i hovudsak er direkte støtte til gardbrukaren uavhengig av krav til produksjon. Jordbruksverket Sverige skildrar endringa i landbrukspolitikken slik:
[I landbruksreformen] Agenda 2000 var målet att gynna [forbetre] det europeiska jordbrukets konkurrenskraft. EU fortsatte sänka stödpriserna och kompenserade genom höjda direktstöd.
Skiftet i landbrukspolitikken til EU har direkte konsekvensar for samhandelen på landbruksvarer mellom Noreg og EU. Rett og slett fordi det har gitt EU råvareprisar som ligg langt nærare verdsmarknadsprisane enn tidlegare, jamfør målet med reformene. Samstundes ligg tollvernet til EU fast. Dermed har EU auka konkurransekrafta i eksportmarknadane og samstundes styrka tollvernet kring eigen heimemarknad, mot både Noreg og resten av verda. Slik har EU sikra både eigen mjølkeproduksjon og meieriindustri mot konkurranse.
Då er det heller ikkje overraskande at utviklinga i handelen til EU på meieriprodukt med omverda viser ein markant vekst i eksportvoluma og kraftig fall i importvoluma. Frå år 2000 til 2011 auka eksportvolumet med 23 prosent, til 3 millionar tonn i 2011. Samstundes falt importvolumet med 51 prosent, til 206 000 tonn (Ernst & Young, 2013).
Så dersom europaministaren òg er ministar for norsk landbruk og matindustri, er det ut frå dette særs vanskeleg å sjå motivasjonen for at Noreg ikkje skal sikre eigen mjølkeproduksjon til liks med EU, og at politikarane i EU bør vere meir enn fornøgde med den tollfrie ostekvota på 7 200 tonn, under Artikkel 19 i EØS-avtala. Dersom det er proteksjonisme han er så arg på, europaministeren, så kunne han kanskje heller slått eit slag for at EU skulle redusere litt på tollvernet på fisk, for her har EU, som resten av verda fri marknadstilgang til Noreg.
Torbjørn Tufte
Statsvitar, Agri Analyse
Innlegget har stått på trykk i Klassekampen den 23. november 2013