Av jord lyt det kome

Av Bjørn Egil Flø

Bjorn E Flo

Verdas jordbruks og matvaresystem står overfor omfattande utfordringar på vegen inn i den post-fossile framtida. Ikkje berre lyt ein auke den totale produksjonen i takt med utviklinga i folketalet, men heile matvaresystemet treng gjerast mindre sårbart, det må tole klimaendringane og dei auka energiprisane, samstundes som det lyt minimere sit bidrag til det totale utsleppet av klimagassar.

20110226_ldp004

Jamt tittare innslag av uføreseielege vêrfenomen i kjølvatnet av klimaendringane har synt oss at me har skapt eit matvaresystem langt meir sårbart enn kva me likar å tenkje på. Titt kan me lese om flaum, turke og brann som har sett verdas matproduksjon kraftig attende med tilhøyrande bråe prishopp på mat. Me ser invasjonar av skadedyr, omfattande reduksjonar av nytte-innsektar og plante- og dyresjukdomar av mesta bibelske dimensjonar og alle veit me at noko må gjerast. Dagstøtt kan me lese rapportar som fortel oss at det moderne jordbruket er avhengig av ein energiinnputt som enkelte stadar og for enkelte produksjonar langt overgår energioutputen – ein haustar med andre ord mindre enn ein sår.

Kravet om å produsere meir og billigare har verka strukturerande på landbruket i heile verda. I dag produserer me størsteparten av maten på langt mindre områder enn kva me gjorde for berre få tiår tilbake. Bønder i randsonene – i fjellet, ved fjorden og i arktiske eller dårlegare klimasoner – har tapt i priskapplaupet til fordel for storbønder og agrobusinesselskap som set på jordbrukets indrefiletar. Og dei fleste av oss veit at me, i takt med at me arbeidar for å auke produksjonen i dei beste jordbruksareala våre, også lyt syrgje for å oppretthalde produksjonen i områder som framstår som meir marginale for jordbruksdrift. Men korleis skal me gjere det? Korleis skal me auke produksjonen, korleis skal me auke produktiviteten og effektiviteten i jordbruket utan at me samstundes skvisar ut bøndene som klorar seg fast i brattlente bruk langs fjordarmane under Arktis?

Jordbrukets klimagassutslepp

I dag ser me at jordbruket og det industrielle matvaresystemet er ein av dei viktigaste bidragsytarane til klimaendringane. Skal me tru den internasjonale NGO’en GRAIN[1], er denne sektoren ansvarleg for nær halvparten av all drivhusgassutsleppet i verda. Mellom 10 – 15 prosent av det matrelaterte utsleppet skjer alt på sjølve produksjonssida[2]. Det moderne landbruket er tungt avhengige av industrielt utvikla nitrogengjødsel og driven av dieselhungrig maskineri. Samstundes ser me ein sterkt konsentrert husdyrproduksjon som bidreg til enorme utslepp av metan.

Graf Klima

Mellom 15 – 20 prosent drivhusgassutsleppet skriv seg vidare frå arealbruks­endringar og avskoging som i stor grad er forårsaka av landbruket[3]. Det moderne vestlege landbruket et seg stadig lengre inn på dei afrikanske savannane og dei sør-amerikanske carrados. For kvar dag som går vert jamt større skog- og våtmarksområder lagt under plogen og erstatta av soya-,raps-, sukker-, mais- og palmeoljeplantasjar. Berre dei siste 20 åra har arealet nytta til desse fem produkta auka med nær 40 prosent på verdsbasis, samstundes som arealet nytta til ris og kveite krympar[4]. Her ligg også størstedelen av forklaringa på kvifor utviklingslanda no står for nær 2/3 av klimagassutsleppet frå jordbruket. Det er ikkje det tradisjonelle fattigmannsjordbruket som er klimaverstingen her, men dei jamt meir jordhungrige agrobusinesselskapa.

Mat er verdas største økonomiske sektor og sysselset langt fleire enn nokon annan industri. Sjølv om det er vanskeleg å finne sikre tal på det totale bidraget til klimagassutsleppet som stammar frå foredling, pakking og distribusjon av mat er det rimeleg å anta at det truleg står for mellom 15 og 20 prosent[5].

Det er ei kjent sak at ikkje all den produserte maten vert konsumert. Her kan ein sjølvsagt sette seg på sin moralske kjepphest og appellere til at me lyt kaste mindre, alternativt kan ein sjå på metodar å forbetre distribusjonssystemet på slik at mindre mat vert kasta på vegen til konsumenten. Det industrialiserte matvaresystemet kastar i dag rundt halvparten av all mat som vert produsert. Det er i seg sjølv nok til å mette den svoltne delen av verdas befolkning seks gongar[6], men dessverre hopar matavfallet seg opp på fyllplassane og frigir betydelige mengder klimagassar. Truleg består minst 3 prosent av klimagasutsleppet frå mat som ligg å rotnar på fyllplassane til inga nytte[6].

Det store spørsmålet vert; korleis skal me auke produksjonen av mat og samstundes restrukturere matvaresystemet slik at ein kan evne å redusere det negative bidraget til klimaet og miljøet som me veit jordbruket og matvaresystemet er ansvarleg for?

Av jord er du komen…

Maten startar og endar i jorda. Den veks ut av jorda og den må attende dit for å gi næring slik at ny mat kan vekse. Dette er det grunnleggande økologiske prinsippet, og det har det vore så langt attende som me evnar å tenkje. Så enkelt, men samstundes så vanskeleg.

Dei siste få åra kan det sjå ut som at me har ignorert dette vitale kretslaupet. Me har enda opp i ein situasjon der me har teke frå jorda utan å gi noko attende. Då industrialiseringa av jordbruket starta ta form i Europa og Nord-Amerika byrja me ta ut meir enn kva me gav attende. Me starta utarme den grunnleggande ressursen som heile vår sivilisasjon er tufta på. Me var vitne til ein jordbruksrevolusjon som paradokslt nok fekk namnet «den grøne revolusjon» og baserte seg på at fruktbarheita kunne oppretthaldast gjennom laboratorieutvikla plantesortar og kjemisk gjødsling samstundes som dei eldgamle økologiske grunnprinsippa vart aktivt ignorert. Agroingeniørar og vestlege landbruksrådgivarar reiste på misjonsferd ut i verda med mirakelmedisinen sin og vart ivrige pådrivarar for å implementere sit heimlege dysfunksjonelle laboratorielandbruk.

I dag har me sterke vitskaplege indikasjonar på at våre tradisjonelt sett beste og viktigaste jordbruksområder har mista mellom 30 – 70 prosent av sine organiske livgivande stoff sidan det moderne jordbruket fant sin industrielle form. Og det er liten tvil om at desse tapa har medført ei alvorleg utarming av jordas fruktbarheit samstundes som areala også har vorte langt meir sårbar for både turke og flaum.

Legg ein til grunn sjølv dei mest konservative data frå forskinga finn ein at på verdsbasis har me truleg tapt meir enn 150 milliardar tonn organisk materiale frå matjorda vår det siste hundreåret. Ikkje alt endar opp i atmosfæren som klimagass då ein stor del vert skylt ut i elvar og ferskvatn før det til slutt endar i havet gjennom omfattande og jamt aukande erosjon frå jordbruket. Likevel vert det hevda at mellom 200 og 300 milliardar tonn CO2 har blitt tilført atmosfæren som fylje av utarming av jordkvaliteten verda over.

Likevel finst det von. All CO2 som me har sendt ut i atmosfæren som fylje av øydinga av jordkvaliteten kan førast attende til jorda. Det einaste me treng å gjere er å endre vår agronomiske praksis. Me treng å etablere ein agronomi som bygger opp jordkvaliteten i staden for å bryte den ned.

Alt i dag veit me eigentleg kva som teknisk sett må gjerast får å få det til, og me veit også at det kan gjerast på mindre enn 50 år om me berre gjere dei rette tinga[7]. Utfordringa er einast korleis me skal få det til politisk.

Mot ein politikk for eit berekraftig jordbruks- og matvaresystem

Skal ein lykkast med å få jordbruks- og matvaresystemet vårt på skinner treng me å sjå forbi det industrielle jordbruks- og matvaresystemet vårt og rette merksemda mot meir tradisjonelle og velkjente teknikkar som diversifiserte avlingssystem, betre integrering av husdyr og planteproduksjon, auke innslaget tre og anna vill vegetasjon.

Bonde utviklingsland

Vil me oppnå eit berekraftig jordbruk må me lære av dei nær 500 millionar småbøndene som enno set på den lokalt tilpassa kompetansen om korleis eit jordbrukssystem i balanse fungerer, me må lære av dei naturlege økosystema som har levd ei stund. Jordbruksvekstar må plantast og husdyr må beite på ein måte som erstattar det naturlege økosystemet. Poenget er polykultur framfor monokultur – eller mangold framfor einfold – og multimalisering framfor maksimalisering. Satsing på eit mangfaldig jordbruk er essensielt om ein ønskjer å ta utfordringa jordbruket står overfor på alvor og då er det ikkje nok å på ny sette sin lit til det tabernakelkoret av teknologisk lovsong som ser ut til å dominere retorikken om framtidsjordbruket i dag.

Skal ein lykkast med å auke det framtidige produksjonspotensialet og skape eit berekraftig jordbruks- og matvaresystem lyt ein vere var for dei lokale føresetnadane for produksjon definert av naturen i eit område. Fyrst då vil ein evne å auke jordas kapasitet til å halde på vatnet og redusere sårbarheita for flaum så vel som turke.

Fyrst med rikeleg innblanding av varierte kulturar – skifte mellom eng og åker, mellom kulturmark og villmark, mellom beite og slått – vil ein evne å auke leveområdet for våre viktigaste pollinatorar og redusere omfanget av insektskader. Fyrst då vil ein redusere jorderosjonen og bli kvitt innhaldet av giftstoff i jorda som har blitt eit betydeleg problem i store delar av jordbruksområda våre. Dette vil auke jordas biologiske aktivitet, som igjen vil gjere jordbruket motstandsdyktig mot sjukdom.

Me treng å bygge på den kunnskapen og kompetansen verdas småbønder set på, og ikkje kjeppjage dei frå jordene sine til fordel for multinasjonale agrobusinesselskap sin umettelege jordhunger. Vidare, om ein ønskjer å adressere det jamt stigande utsleppet av drivhusgass frå matvaresystemet,  lyt ein også sjå nærare på tre andre vesentlege tiltak. For det fyrste lyt ein gå over til lokale marknadar og kortare krinsar for distribusjon av mat. Fyrst då vil ein evne å redusere transport-, foredling- , pakking- og kjølebehovet knytt til dagens matvaresystem. Vidare treng me å reintegrere plante og husdyrproduksjonen og dermed redusere behovet for transport av fôr så vel som gjødsel. Og til sist handlar det om å stogge den enorme avskoginga som i dag ser ut til å overgå det meste av kva me har sett før. Det vil krevje omfattande reformer retta mot jordbruket og ei reversering av den iherdige ekspansjonen av monokulturplantasjar for produksjon av fôr og biodiesel som me ser i dag.

Greier me å semjast om å sette desse fire skifta ut i livet, vil me også redusere utsleppet av drivhusgassar med meir enn 50% i løpet av berre nokre få tiår. Det manglar ikkje på den tekniske kunnskap – for den finst der blant verdas småbønder – det manglar einast kunnskap om korleis ein skal skape politisk vilje og legitimitet til å gjere vedtaka som trengst.


[2] IPCC seier 10-12%, OECD seier 14% og WRI seier 14.9%.

IPCC, Climate Change 2007: Mitigation of Climate Change. Chapter 8: Agriculture,

Wilfrid Legg og Hsin Huang. OECD Trade and Agriculture Directorate, Climate change and agriculture

WRI, World GHG Emissions Flow Chart

[3] WRI, World GHG Emissions Flow Chart, And: IPCC. 2004. Climate Change 2001:  Working Group I: 3.4.2 Consequences of Land-use Change.

[4] GRAIN, «Global Agribusiness: two decades of plunder», i: Seedling, Juli 2010.

[5] Eurostat. From farm to fork – a statistical journey along the EU’s food chain – Issue number 27/2011

[6] Tristram Stuart, “Waste: Uncovering the Global Food Scandal”, Penguin, 2009

[7] «Earth matters: tackling the climate crisis from the ground up». In: Seedling October 2009.

______

Bjørn Egil Flø

3 Comments on “Av jord lyt det kome

  1. Takk for dette! Det er den første klare fremstilling av forholdet mellom industrielt matproduksjon og klima som jeg har lest på norsk. Utmerket. Her er også noe den enkelte kan bidra med i det daglige livet, hvis forståelsen av sammenhengene fører til handling. Hilsen Linda Jolly

    • Takk for det Linda. Det er klart at også den einskilde kan bidra med mykje her….

  2. Av jord skal du igjen oppstå. Synes det er godt du skiller på jordbruk og agribusiness fordi klimaendringene er knyttet til den industrielle revolusjon. Det er etter den tiden at den globale gjennomsnittstemperaturen og CO2-utslipp viser en sterk vekst. Når det gjelder matproduksjon er det derfor viktig å «holde tunga rett i munnen», når man foreslår tiltak for å redusere klimagassutslipp fra jordbruket. Det var bison, ku og geit på jorda også før den industrielle revolusjon. Det ble ofret lammekjøtt til guder før vår tidsregning. Derfor er det ikke et enkelt svar på hva som kan og må gjøres for å redusere klimagassutslipp fra jordbruket. I Australia kjemper agrarindustrien for å komme inn i systemet med kjøp og salg av klimakvoter. I India kjemper kvinnelige bønder (Vandana Shiva) for retten til å bruke sitt eget såkorn, og retten til å slippe unna monokulturer i jordbruket. I Afrika viser det gode resultater om økologisk jordbruk. Debatten er utrolig viktig og nødvendig. Gleder meg til neste blogg!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s