RURALE REFLEKSJONAR

Arkiv

På den nyleg avslutta konferansen om matprisar og matvaretryggleik som vart held av dei Sameinte Nasjonar (SN) sin organisasjon for mat og landbruk (FAO) i Roma var det ei syrgjeleg semje om at svaret på verdas elende denne gongen ikkje berre er frihandel, men meir frihandel. Problemet vert større når heller ikkje folk som me ønskjer å ha tillit til greier å rette merksemda mot anna enn skinnproblem og syner seg heilt… Les meir

Av Bjørn Egil Flø   Å sprøyte enno meir pengar inn i satsinga på økologisk landbruk og tru ein skal få auka produksjonen av den grunn vil vere jamgodt med å bere fôr til ein daud hest. Den einaste farbare vegen om ein ønskjer å auke produksjonen av norske økologiske landbruksvarer, er å prøve å forstå bondekollektivets moralske verdiar og freiste å tilpasse verkemidla til det ein finn der. Norsk landbruk er,… Les meir

Av Bjørn Egil Flø   Ei matvarekrise har heimsøkt oss igjen. Over heile verda finn me familiar som nett i denne stund kjenner krisa på kroppen. Millionar av menneske i minst eitt dusin land er ute av stand til å skaffe den maten dei treng. Dei lyt gå svoltne ikring i gatene og sjå feittdrypande kyllingar henge på utstilling i kjølediskane. Frå Egypt til Indonesia, frå Haiti til Thailand og i store… Les meir

Av Bjørn Egil Flø   ”Sorry mate, it’s payback time” sa Mark, me stod ved breidda av Oreti River å såg på den svarte ryggen åt ei rettleg storaure på minst 8 kilo. Mark hevda det var hans tur å prøve no, etter å ha gitt alle dei tre føregåande sjansane til meg. Ein middels utvikla rettferdssans fortalde meg at han hadde rett. Etter å ha følgt med i Nationen dei siste… Les meir

Av Bjørn Egil Flø   Under dekket av å skulle verne den sårbare Australske naturen mot levande organismar frå framande kontinent har bøndene hand i hand med miljøvernarar og politikarar bygd opp eit grensevern meir effektiv enn dei mest ekstreme tollstsar, dei kallar det Bio-security. Men no kan det vere slutt og dei fyrste som må tole smertene er fruktdyrkarane i det enorme nedbørsfeltet Murray Darling bassenget i delstatane New South Wales… Les meir

Av Bjørn Egil Flø     Dei omtalar seg som overlevarane, eller The Survivors, og utgjer omlag halvparten av bondestanden frå 1985. Det var då den New Zealandske finansministeren Roger Douglas, arkitekten bak den storstilte liberaliseringspolitikken, fjerna subsidiane til landbruket nærast over natta. Fram til då vart det meste av det Kiwiane produserte eksportert til England, men no gjorde EU reglementet sitt til at dei ikkje fekk nyte godt av det tvilsame… Les meir