RURALE REFLEKSJONAR

Arkiv

Av Bjørn Egil Flø Når eg hevdar at post-modernismen har fått for stor tyngde i den rådande retorikken kring norsk bygdeutvikling meinar eg ikkje at bønder, bygdeutviklarar eller bygdeforskarar er post-modernistar. Det eg hevdar er at postmoderne teori har gjort noko med oss, den har gjort noko med korleis me betraktar det rurale – altså korleis me ser på bygdene og dermed også for kva rolle bygdene våre har fått tildelt. Det… Les meir

Av Bjørn Egil Flø   15 milliardar dollar i almisse er det som skal til for å sikre at vestlege agrobusiness selskap for halde fram sin systematiske plyndring av fattigfolks jordbruksland. For det var omtrent det som kom ut av G8 møtet sine drøftingar av verdas matvarespørsmål i L’Aquila i Italia førre veke. I over 20 år har det internasjonale samfunnet systematisk ignorert matvarespørsmålet og vona at ein eviggrøn revolusjon skulle greie… Les meir

Av Frank Egil Holm og Bjørn Egil Flø     Når gassisk militære kjeppjagar Ravalomanana og set den vasskjemde gutungen Rajoelina i statsleiarstolen handlar det i botnen om slike som Trygve Hegnar og hans meiningsfellar sine grådige krav om stadig billigare mat. For sjølv om årsakene til statskuppet på Madagaskar er mange og kompliserte var det likevel inngåinga av ei jordleigeavtale me ikkje har sett maken til sidan føydalismen som fekk begeret… Les meir

Av Bjørn Egil Flø     Tenk deg at eg ringte på døra di ein dag og fortalte deg at hagen din var som skapt for epledyrking. Dette samstundes med at alle solemerke synte skyhøge epleprisar og stadig aukande etterspurnad etter både konsumeple, saft, sider og syltetøy, ja endatil prisane på eplekaker var i ferd med å nå ukjente høgder. Tenk deg so at eg tilbaud deg ti kroner i året for… Les meir

Av Bjørn Egil Flø     Den som har fylgt med i avisa Nationen ei tid, kan umogleg ha unngått å ha lagt merke til ei omvending. Det er ei omvending som ikkje står tilbake for den me lærte å kjenne i vår barndom gjennom søndagsskulens vitnesbyrd frå Galilea og bygdene aust om Jordan. Det var vist ikkje måte på alt som der hadde skjedd og vende me oss berre til trua… Les meir

Av Bjørn Egil Flø     Eg får dei same assosiasjonane kvar gong eg ser han avbilda. Jeffrey Sachs, denne nyvaska stjerneøkonomen som med sine enkle reknestykke og løysingar føreset konsekvent at alle forslag verkar som dei er tenkt. Han greier på eit underleg vis å setje meg attende til indremisjonsmøta i mi heimlege sunnmørsgrend på slutten av 70- og fyrst på 80-talet. For der står han, emissæren, smilande og nykjemd i… Les meir

På den nyleg avslutta konferansen om matprisar og matvaretryggleik som vart held av dei Sameinte Nasjonar (SN) sin organisasjon for mat og landbruk (FAO) i Roma var det ei syrgjeleg semje om at svaret på verdas elende denne gongen ikkje berre er frihandel, men meir frihandel. Problemet vert større når heller ikkje folk som me ønskjer å ha tillit til greier å rette merksemda mot anna enn skinnproblem og syner seg heilt… Les meir

Av Bjørn Egil Flø   Å sprøyte enno meir pengar inn i satsinga på økologisk landbruk og tru ein skal få auka produksjonen av den grunn vil vere jamgodt med å bere fôr til ein daud hest. Den einaste farbare vegen om ein ønskjer å auke produksjonen av norske økologiske landbruksvarer, er å prøve å forstå bondekollektivets moralske verdiar og freiste å tilpasse verkemidla til det ein finn der. Norsk landbruk er,… Les meir

Av Bjørn Egil Flø   Ei matvarekrise har heimsøkt oss igjen. Over heile verda finn me familiar som nett i denne stund kjenner krisa på kroppen. Millionar av menneske i minst eitt dusin land er ute av stand til å skaffe den maten dei treng. Dei lyt gå svoltne ikring i gatene og sjå feittdrypande kyllingar henge på utstilling i kjølediskane. Frå Egypt til Indonesia, frå Haiti til Thailand og i store… Les meir

Av Bjørn Egil Flø   ”Sorry mate, it’s payback time” sa Mark, me stod ved breidda av Oreti River å såg på den svarte ryggen åt ei rettleg storaure på minst 8 kilo. Mark hevda det var hans tur å prøve no, etter å ha gitt alle dei tre føregåande sjansane til meg. Ein middels utvikla rettferdssans fortalde meg at han hadde rett. Etter å ha følgt med i Nationen dei siste… Les meir