RURALE REFLEKSJONAR

Arkiv

Av Bjørn Egil Flø   Medan fattige familiar ligg utarma og makteslause i slumbelta kring dei store byane, drikk spekulantane i Glencore – verdas største råvareselskap – kvitvin og et kanapear i sine svale airconditionerte lokalar i Baar.  For dei feirar ein prisvekst på mat utan sidestykke i historia, råvareselskapa. Dei feirar tørken og forørkninga og folkeauken, dei feirar vestens kjøthunger, flaumskadar og dei dramatiske klimaendringane. Dei feirar energiknappleik og matkorn på… Les meir

Av Torbjørn Tufte, Statsvitar, Agri Analyse I ei NTB-melding, attgjeven i mellom anna NRK, Aftenposten, VG og Dagens Næringsliv, slår jussprofessor og leiar frå EØS-utgreiinga, Fredrik Sejersted, fast: ”Selv om det kan være rom innenfor avtalen til å velge mellom ulike måter å regne ut tollsatsene på, vil enhver mekanisme som fører til økte tollsatser, gå mot selve ånden eller intensjonen i EØS-avtalens artikkel 19.” Dette er ei spesiell ytring. Toll og… Les meir

Av Jostein Vik     I den norske landbruksdebatten har vi fått den noe merkelige situasjonen at flere av de sterkeste forsvarerne av norsk landbruk også ønsker at en av de viktigste innsatsfaktorene i produksjonen – kraftfôret – skal være dyrt. Dette er kompliserte greier, men jeg tviler sterkt på om det er en god idé. Argumentet for dyrere kraftfôr har et moralsk element og ett instrumentelt element. Det instrumentelle argumentet synes… Les meir

Av Jostein Vik og Bjørn Egil Flø   Me hadde skrive ein kronikk der me ønskja å syne at med den nye landbruksmeldinga har det oppstått ein ny situasjon for det norske landbruket. ”Nei da, det er slett ingen ny situasjon” høyrer me frå Vikabråten (Les motinnlegget frå Ole-Jacob Christensen her) ”… det har vore god latin i mange tiår at matproduksjonen skal følje folkeauken”. Mogleg det, men sjølv ikkje Ole-Jacob Christensen… Les meir

Av Jostein Vik og Bjørn Egil Flø     Han har vore på misjonsferd dei siste vekene – statsråd Lar Peder Brekk – og i veska har han bore på det landbrukspolitiske ny-testamentet “Landbruks- og matpolitikken. Velkommen til bords”. Eit ordrikt dokument på 301 sider, den tjukkaste landbruksmeldinga nokon sinne. Og på dei bondetillitsvalte sin felleslunsj slår dei vitsar om den til melodien frå Ole Ivars “Nei så tjukk du har blitt”,… Les meir

Av Bjørn Egil Flø     For fjerde år på rad arrangerer FN-sambandet, Bondelaget, Bygdeforskning og NTNU markeringa av den internasjonale matvaredagen. Ettermiddagen måndag den 17. oktober samlast me i Suhmhuset i Trondheim for å diskutere den internasjonale matvaresituasjonen. Eit lite arrangement om eit stort emne, men ein type arrangement som me ser stadig fleire av, ikkje einast her til lands anna enn kring om i heile verda. Vanlege folk er nemleg… Les meir

Av Bjørn Egil Flø     All this dirt comes from bad politics, it is a consequence of our leading elite’s political ideology Dette var kommentaren Rick Davis, frontfiguren i det britiske progrock bandet Supertramp, gav journalistane som ville ha forklaringar for kvifor dei hadde valt eit så dystert coverbilete til sit fjerde album “Crisis? What crisis?”. Det same kan me seie om det som i dag veks fram som ei stadig… Les meir

I det eg køyrer ut porten ser eg Hugh i bakspegelen, han har funne ei skåk å stø seg på og vinkar med venstrehanda før han snur og vender attende til arbeidet. Den 56 år gamle mjølkebonden har arbeida hardt siste året og tyktes vere sliten. Sidan planane frå Nocton Dairy Ldt. om å etablere supermjølkebruket på 8100 mjølkekyr vart kjent, har han saman med andre frivillige i lokalsamfunnet organisert den lokale… Les meir

 ”Blue Cow Inn” heitte gjestgiveriet eg tok inn på i den vesle landsbyen South Witham i Lincolnshire. Og dei skal nok få mjølke til dei vert meir enn blå dei 8100 kyrne det no skal byggast fjøs til like nordom her ved småbyen Nocton. Meir enn 250.000 liter mjølk om dagen skal produserast på det som vil verte Europas største mjølkebruk. Rett nok ryktes det at Nocton Daity Ldt. vil nedskalere planane… Les meir

Av Bjørn Egil Flø       “I like Scandinavia but first I like Norway, it is a different landscape – it is a landscape full of contrasts” (Tysk turist M. 50 +). Det var dette sitatet som fyrst rann oss i hug då dei tre lokale kjenningane spurte oss ”ka finn dokk ut da?” Dei sat i sola framom Rødbrygga i Stokmarknes sentrum å drakk inn helga. Det var vist lett… Les meir