Av Anders Andgard og Torbjørn Tufte

 

Med politisk vilje kan Doha-runden i WTO sluttføres på en ettermiddag. Den politiske viljen finns imidlertid kun i WTO-sekretariatet, og ikke blant medlemsstatene. Et av landene med minst politisk vilje til å slutte en avtale raskt er USA.

Da WTO-forhandligene gikk inn i en avsluttende fase i juni i fjor var det kun formaliteter igjen før signering – trodde man. Optimisme ble på timer snudd til fullt forhandlingssammenbrudd. Bruddet skyldtes at USA og India ikke klarte å bli enige om bruken av sikkerhetsmekanismene ved alvorlige innenlandske markedsforstyrrelser. Hvem husker vel ikke utenriksminister Jonas Gahr Støres kronikk i Aftenposten fra flyet på vei hjem, der han uttrykte sin skuffelse over forhandlingskollapsen? Siden den gang har det meste stått stille i Genève. …

Les meir

Muskogee og moderniteten

Av Bjørn Egil Flø

 

 

Demografisk utvikling kan seiast både å skape og å vere skapt av økonomiske endringar. I takt med ein kraftig reduksjon i arbeidsstyrken innan primærnæringane har også primærnæringane sin tradisjonelle dominans vorte svekka både nasjonalt og lokalt. Likt med denne svekkinga skjer det også eit gradvis skifte i korleis me aksentuerar det rurale og landskapet i det rurale. Frå nærast utelukkande å ha vore eit produksjonslandskap er me no i ferd med å sjå at det vert gjort om til eit slags forbrukslandskap.

Landbruket skal sørve oss med ei heil rekkje funksjonar som det for så vidt alltid har produsert, men skilnaden no er at desse funksjonane inngår som ein del av oppdraget åt landbruket. Det er ikkje lenger nok å produsere mat og fiber no skal det også produserast kulturlandskap som reiselivsnæringa sine gjestar skal kunne konsumere frå akterdekket på sine meir eller mindre eksklusive fjordcruise. …

Les meir

Hva er en bonde?

Av Lars Rønning, Bjørn Egil Flø, Reidun Heggem og Katrina Rønningen

 

Det foregår en kamp om dagen som tilsynelatende ser ut til å handle om statistikk – bondestatistikk – men som egentlig handler om retten til å bestemme hva en bonde er, eller rettere, hva en bonde skal være. Nationens debatt omkring antall bønder avslører at ”bondestatistikk” er politikk.
Med bonde vil de fleste tenke på en som driver jorda, eventuelt holder husdyr, og produserer mat – altså har jordbruk som levevei. Men fra Nationens debatt forstår vi at en bonde også kan være en som arbeider med helt andre ting, men som bruker en times tid på å sende regning for rundballene naboen har slått, og deretter fyller ut produksjonstilskuddssøknaden til Statens Landbruksforvaltning. Dette er ei gruppe som først og fremst eier og bor på landbrukseiendommer, og som kun administrerer et minimum av drift, for så å bli registrert som bonde i tilskuddstatistikken. Med denne praksisen er vi tilbake til en gammel forståelse av ordet bonde som stammer fra det norrøne ordet búandi via bóndi og betyr boende, det vil si en person som eide mark og hadde hus der. …

Les meir

Dei som sel landet

Av Bjørn Egil Flø

Når eg hevdar at post-modernismen har fått for stor tyngde i den rådande retorikken kring norsk bygdeutvikling meinar eg ikkje at bønder, bygdeutviklarar eller bygdeforskarar er post-modernistar. Det eg hevdar er at postmoderne teori har gjort noko med oss, den har gjort noko med korleis me betraktar det rurale – altså korleis me ser på bygdene og dermed også for kva rolle bygdene våre har fått tildelt. Det er nett denne gjennomslagskrafta og implikasjonane dette har for grendene som uroar meg.

Dette er ei uro som seniorforskar Jostein Vik ved Norsk senter for bygdeforsking tydelegvis ikkje delar. I ein kronikk i Nationen laurdag 7. november, og i eit innlegg her på bloggen den 15. november, går han i debatt med mine to innlegg «Vondtet i norsk bygdeutvikling» (Syn og Seg nr 3, 2009) og ”Middelklassebygda” (Dagen Næringsliv 1. oktober 2009). Han argumenterar for at sidan berre fem prosent av bøndene driv med produksjon av mjuke ostar så eksisterar det ingen retorikk med referanse til post-modernismen i bygdeutviklinga. Men sjølv om bøndene ikkje kastar seg på trenden betyr ikkje det at trenden ikkje finst, det fortel einast at det sunne bondevitet finst. Slik sett har nok bygdeutviklarar og prosjektmakarar noko å lære av norske bønder.

Vik erkjenner ganske enkelt ikkje at det eksisterar tendensar til varedanning, eller kommodifisering som akademikarane gjerne likar å kalle det, kring om i dei norske grendene. Han ser ikkje at satsinga på småskala nisjeproduksjon og marknadsføringa av grendene som attraktive bustadar for hippe kontraurbanistar og flyktige turistar har nokon ulemper. Det verkar ikkje som han ser at det teoretisk sett kan eksistere ulemper heller. Rådet frå Vik, slik eg les han, er berre; meir av same sorten. …

Les meir

Postmoderne bygdeforskning?

Av Jostein Vik

Min gode kollega Bjørn Egil Flø ved Norsk senter for bygdeforskning har invitert til debatt om norsk bygdeforskning og -utvikling gjennom to provokative innlegg, først i Syn og Segn (september), der han introduserte «Vondtet i norsk bygdeutvikling», og deretter i Dagens næringsliv(01.10.09) der han fyrer løs mot ”middelklassebygda”, og alle som driver bygdeutvikling for et kulturkonsumerende middel¬klassemarked.

I starten nikket jeg gjenkjennende da jeg leste Fløs beskrivelser, samtidig som jeg hadde en følelse av at han skjøt fra hofta – med hagle – og at kritikken dermed var vel upresis. Vi fikk i det minste noen gode diskusjoner i nikaffen på Bygdeforskning. Ved nærmere ettertanke finner jeg min egen reaksjon utilstrekkelig. Den tar ikke Fløs kritikk på alvor. Han har fremmet en godt poengtert kritikk av bygdeforskningen i det offentlige rom, og fortjener svar der. Derfor denne responsen på en kollegas ytringer. …

Les meir

Den noble allmenning

Av Bjørn Egil Flø

 

Ved årets Nobelpris i økonomi peikar det svenske Kungliga Vetenskapsakademin ut ei ny retning for økonomifaget med klar relevans for praktisk politikk, ein relevans som strekkjer seg langt inn i norske bygdesamfunn og til spørsmålet om kven, kva og korleis i høve til forvaltinga av rurale ressursar.

Ved å gi prisen til den amerikanske statsvitaren Elinor Ostrom tok ein ikkje berre steget utover skuleøkonomanes rekkjer ein tok også eit steg vekk frå den neoliberale økonomiske tenkinga og absoluttismen som pregar dei enkle ideane kring eigedom og ressursforvalting. Med tverrfaglege perspektiv og omfattande empiriske prov utfordrar Elinor Ostrom den rådande ortodoksien. I den no klassiske studien ”Governing the Commons” frå 1990, set ho punktum for ein 20 år lang debatt utløyst av biologen Garrett Hardin si tese om allmenningens tragedie. Ei tese som har gitt næring til den blinde trua på kor fortreffeleg den private eigedomsretten er og, paradoksalt nok, ei tilsvarande naiv tru på kor naudsunt og fortreffeleg statleg styring og forvaltning er. Ostrom stilte spørsmål ved grunnlaget for denne enkle styringstenkinga og dokumenterte at verken privatisering eller kollektivisering utan vidare ville fungere bra. For medan privatisering ser ut til einast å føre med seg meirkostnadar og ineffektiv ressursbruk slit dei statlege forvaltingsregima med omfattande informasjonsvanskar og svake overvakings- og sanksjoneringsmekanismar. …

Les meir

Kulturøkonomiens middelklasselogikk

Av Bjørn Egil Flø

Dei bygdevennlege prosjektmakarane har forlese seg på kryptiske postmoderne teoriar og er iferd med å gjere bygdene våre om til passive tilbydar av middelklassesymbol mesta ingen eigentleg er nemneverdig interessert i. Over alt gjer grendene seg lekre for ei gruppe folk som kanskje ikkje finst. Som middelmåtige reiselivsbedrifter skal bygde-Noreg selje seg ved hjelp av ’Innovasjon-Norge-finansierte’ reklamepakkar, bønder og bygdefolk skal ”fortelje dei gode historiene” – dei skal ”pakke inn” produkta sine i stadeigne miljøvennlege symbol. Dei skal stette forbrukarane sin hunger etter distingverande symbolprodukt – greier dei det vil marknaden sjå i nåde til dei med både rikdom og velstand.

Med omgrep som ’den kreative klasse’, ’livsfasebygda’ og ’bulyst’ i veska føl bygdeutviklarane i hælane på sosialkonstuktivistiske bygdesosiologar som hevdar at mange no vil flytte til bygda for å realisere ein postmoderne livsstil med livskvalitet som stikkord. Grendene våre konkurrerar om dei unge para. Dei konkurrerar om dei ressurssterke småbarnsforeldra med frie yrker og med ei dragning mot den rurale idyll. Dei konkurrerar om dei som skal ha funne byane for krevjande og som lengtar etter frisk luft og trygge omgivnadar i pakt med den ”naturlige” ruraliteten. Dei konkurrerar om middelklassedøtrene som bygdesosiologane fortel finst. …

Les meir

Ein kreditnota i Vermont

Av Bjørn Egil Flø

 

Eg har ein kreditnota i Vermont, nærare bestemt i småbyen Dummerston sør i denne lønnetredekte delstaten der alt anna enn språket og landskapet minner deg meir om Skandinavia enn om USA. Ikkje berre finn du Abbas sursild, Jarlsberg og geitost her, du finn også særeigne aspekt i den sosiale veremåten som gjev deg ei intuitiv kjensle av noko heimsleg.

Klokka var snart koma til ti om kvelden då telefonen ringde. Eg fekk eit inntrykk av at kompisen min viste kva det galdt alt før han tok telefonen. Konversasjonen var kort og grei, det einaste eg høyrde han seie var; OK…, Fine … See you tomorrow then. ”Barn rising tomorrow” sa han då han sette seg ved bordet att. “Do you care to join us?”. “Barn rising?” spurte eg, og røpte at eg ikkje skjønte kva han snakka om. ”Dugnad” sa han, på nesten perfekt norsk, og fortalte meg om ein dugnadskultur du skal leite lenge etter for å finne maken til. …

Les meir

Draumen om tilbakeflyttaren

Av Bjørn Egil Flø

 

 

Generelle samfunnsendringar dei siste femti åra har gradvis svekka dei konvensjonelle skilja mellom by og land. Ettersom bygda har nærma seg byen både på det materielle og det immaterielle planet, har også byen nærma seg bygda. Alt i 1984 landserte Andreas Hompland sitt omgrep rurbaniserings- prosessen1, der skildra han nett denne utviklinga og påpeika det stadig meir diffuse skiljet mellom by og land.

Stadig betre kommunikasjon og satsing på infrastruktur har gjort sitt til at dei rurale områda i stort sett heile den vestlege verda har vorte effektivt ”urbanisert” kulturelt sett. Den same mekanismen kan me sjå i høve til forholdet mellom det lokale og det globale, der finn me spesifikke kulturelle særtrekk forma nett i denne brytninga2. Inntrykka og meldingane frå Hollywood, MTV, CNN og Google gjer at den isolerte og tradisjonalistiske ruraliteten er forelda, den har med andre ord blitt ei anakronisme i vår tid. Samstundes ser me at etter kvart som det globale vert større og meir uoversiktleg, vert også det lokale og nære stadig viktigare. Over heile den vestlege verda veks dei lokale matmarknadane fram att og den lokal maten er i fylgje redaktøren for tidsskriftet E – The Environmental Magazine, Brita Belli, i ferd med å erobre posisjonen som ”the new organic”3. …

Les meir

Grend og granne i det moderne Noreg

Av Bjørn Egil Flø

 

 

Finst grendene? Lat meg leike med tanken om å stille dette spørsmålet til mine kollegaer. Eg har nemleg ei sterk kjensle av at svaret dei ville gitt meg ville ha vore svært kontekstavhengig. Hadde eg spurt på lunsjromet på Bygdeforskning ville nok dei fleste svare ”ja vist finst det grender”, men hadde eg stilt spørsmålet under ein fagleg sesjon på ein bygdesosiologisk konferanse ville nok fleire kome opp med referansar til Ulrik Beck, Anthony Giddens og Scott Lash1 som hevdar at det i det seinmoderne eller høgmoderne samfunnet har skjedd ei svekking av kollektiv identitet, stadskjensle og klassemedvit.
Resonnementet til desse tre knektane er langt frå nytt, det har på mange måtar prega bygdesosiologien i generasjonar. Ved berre eit enkelt søk kan ein spore dette attende til Georg Simmel2 sin studie av urbanisme og til Louis Wirth3 som begge meinte at modernisering og urbanisering ville øydelegge dei personlege og varige relasjonane som kjenneteiknar dei rurale samfunna og erstatte dei med fragmenterte, flyktige og upersonlege band. …

Les meir