Det blir farleg når bygdefolk ser på bygda med byfolkets auge.
Innanfor eksistensfilosofi nyttar ein metaforen ”å sitja i førarsetet i eige liv” for å illustrera det rom me menneske har til å velja korleis me ønskjer å leva liva våre og kva verdiar som skal leggjast til grunn.

Ønskjer me å styra etter eigne interesser og engasjement, krev dette aktive val og aktiv handling. Det finst så mange rundt oss som står klare til å ta over dersom me sjølve ikkje grip rommet for å skapa og forma. Dersom me let andre verdiar og interesser ta over styringa, er me plent nøydde å følgja der dei ønskjer at ferda skal gå.

Metaforen er svært treffande i ei tid prega av kommersialisme og reklamepress. Forbrukaren er den passive konsumenten – han eller ho som let seg leia av andre sine verdiar. For bygda er implikasjonane potensielt dramatiske: Dei verdiar forbrukar- og reklamesamfunnet forfektar er i stor grad urbane! …

Les meir

Distrikspolitiske røyndomar

Eg har vorte fortalt at folk som meinar å høyre til på vestlandet driv å skriv på ”veggar” og ”twitrar”, og til dels er nokso harme over ein kronikk eg hadde i Bergens Tidene den 16. januar med tittelen ”idylliseringas pris”.

Sjølv undrast eg på kva som kan ha gjort dei så harme, for eg ville då berre gjenfortelje historia til Annie – ei sprek og trivleg eldre dame eg trefte i Nord-London, der eg har budd dei siste månadane. Ho fortalde meg om ein lengt – lengten heimatte – som ho og hundretusenvis av englendarar har bore på i nær 25 år no etter at ein fullstendig skakkøyrd britisk distrikspolitikk har gjort at dei har måtte flytte frå heimbygda si og etablere seg i dei tungt belasta belta kring dei nedslitne britiske storbyane. …

Les meir

Idylliseringas pris

Bjorn E FloMedan stadig fleire velmeinande bygdeutviklingsprosjekt ivrar for at Bygde-Noreg skal gjere seg attraktiv for unge urbane og velutdanna par som etter teorien forvaltar mesta alt som skal til for å skape kreativitet og dynamikk, kan det vere relevant også å gløtte litt til kontraurbaniseringas bakside. Kanskje kan prosjekt som ”Framtidsfylket”, ”Flytt hit” og ”Hardangerlokk” også lære litt av mitt møte med 70 år unge Annie i bydelen Haringey i Nord-London. Kanskje kan me ta med oss at den aktive idylliseringa også kan ha uheldige konsekvensar for lokalbefolkninga og det rurale næringslivet.

”I love the countryside”, seier Annie i det ho forsvinn inn på bakrommet på den vesle dyrebutikken ho passar for dottera. Like fort kjem ho att og syner stolt fram eit bilete av seg sjølv og mannen omkransa av ein brot med ungar. ”Dette var medan me framleis hadde råd til å bu på landet”, fortel ho med ein tydleg lengt. …

Les meir

Landbrukspolitikkens trilemma

I disse dager jobbes det iherdig på mange hold for å utvikle en ny norsk landbrukspolitikk: Regjeringen tar sikte på å legge fram en ny melding til Stortinget til våren, samtidig som det i deler av opposisjonen snekres på alternative tilnærminger, som må være klare til et eventuelt regjeringsskifte. Til disse prosessene hentes det inn synspunkter og tallmateriale fra mange ulike hold. Oppgaven er imidlertid vanskelig for alle parter, som den har vært det i årtier. Ettersom ulike politikere har kommet i posisjon til å prege politikken, og Bondelaget og Bonde- og småbrukerlaget har forhandlet seg fram til ordninger snart her og snart der, har det politiske lappeteppet som utgjør landbrukspolitikken blitt nærmest ubegripelig. Riksrevisjonens påpekning av manglende måloppnåelse i landbrukspolitikken illustrerer problemene ytterligere. Her har vi faktisk å gjøre med et sett av problemer som bare til en viss grad henger sammen med størrelsen på det årlige årlige jordbruksoppgjøret. Problemkomplekset innbefatter bruksstruktur, kulturlandskap, bosetning, solidaritet med verdens bønder, matvaresikkerhet, bøndenes inntekter, samdrift eller ikke samdrift og så videre. …

Les meir

Oppskalering av verdas jordbruk

Bjorn E FloI det eg køyrer ut porten ser eg Hugh i bakspegelen, han har funne ei skåk å stø seg på og vinkar med venstrehanda før han snur og vender attende til arbeidet. Den 56 år gamle mjølkebonden har arbeida hardt siste året og tyktes vere sliten. Sidan planane frå Nocton Dairy Ldt. om å etablere supermjølkebruket på 8100 mjølkekyr vart kjent, har han saman med andre frivillige i lokalsamfunnet organisert den lokale motstanden.

Dei hadde leiinga ved pause og Nocton Dairy Ldt. laut trekke søknaden sin i mars 2010 som fylgje av omfattande motstand, men no skal andre omgang sparkast i gong og søknaden vert truleg lagt på bordet neste veke. Eg hadde ei sterk kjensle av at Hugh frykta at denne omgongen ville gå til fordel superbruket.

Likevel tviheld han på vona om at framveksten av denne typen intensiv husdyrproduksjon vil skape opningar i marknaden for slike som han. Han tviheld på vona om at forbrukarane skal vende ryggen til fabrikklandbruket og få auka interesse for mindre og meir tradisjonelt jordbruk. …

Les meir

Vil det ingen ende ta?

Bjorn E Flo ”Blue Cow Inn” heitte gjestgiveriet eg tok inn på i den vesle landsbyen South Witham i Lincolnshire. Og dei skal nok få mjølke til dei vert meir enn blå dei 8100 kyrne det no skal byggast fjøs til like nordom her ved småbyen Nocton. Meir enn 250.000 liter mjølk om dagen skal produserast på det som vil verte Europas største mjølkebruk. Rett nok ryktes det at Nocton Daity Ldt. vil nedskalere planane sine noko for å møte kritikken frå dyrevelferdsgrupper og aktørar i lokalsamfunnet. Men uansett kva justeringar dei gjer no i siste liten representerar planane eit langt steg i ei retning stadig færre ønskjer.

For medan fleire kjeldresskledde bønder ser ut til å få ein gryande tvil til den landbruksøkonomiske læresetninga om at vegen til velstand og lykke går gjennom mekanisering, utviding og effektivisering, har landbruket vorte jamt meir attraktivt for bønder med slips kring nakken og diplom frå økonomihøgskulane i veska. …

Les meir

De vanskelige kommunene

Ordskiftet om landets kommunestruktur har på nytt blusset opp. Behovet for kommunesammenslåing er tvingende, skal vi tro politikere og representanter for embetsverket. Siden frivillighet ikke hjalp, må det tvang til, hevdes det. Men før man griper til tvang bør flere elementer inkluderes i debatten, hevder gjestebloggerene Svein Frisvoll, Oddveig Storstad og Frank Egil Holm.

Den pågående strukturdebatten springer nok en gang ut fra effektiviserings- og rasjonalitetshensyn, og det er derfor grunn til å tro at dette blir den dominerende arenaen kommuneslaget skal stå på også denne gangen. Det rådende forvaltningsidealet, som henter suksesskriteriene fra privat sektor, premierer nettopp rasjonalitetsargumentene. Andre viktige funksjoner og roller i tillegg til kjerneoppgavene, drukner i en debatt som for lett blir ensporet i sin effektivitetsiver. Etter vårt syn er det minst tre sentrale momenter som bør inkluderes i debatten. …

Les meir

Why England doesn’t rule

Bjorn E FloAv Bjørn Egil Flø

 

 

 

Nokon hadde hengt opp ein kommentar frå Financial Times Weekend Magazine over kaffimaskina – why proper English rules OK, var tittelen. Framom hadde det samla seg ei klynge middelaldrande og litt slitne mannlege akademikarar, gråe i andletet og ikledd beige fløyelsbrøker og ruta pulloverar.

Ei lita gruppe britar, alle like mimikklause og evig skadde av streng kostskuledisiplin som har teke frå dei det vesle dei ein gong hadde av kroppsspråk. Der stod dei altså, rett opp og ned med armane langs sida, og harselerte over ikkje-engelsktalande sin ”globish”, som kunne gjere sjølv dei beste konferansane om til eit sant mareritt for desse toppane av den globale intellektuelle elite. …

Les meir

Bjorn E FloAv Bjørn Egil Flø

 

 

 

Dei kom med fly dei som bygde Snøhvit i Hammerfest. 26.000 mann, inkludert ei og anna kvinne. Dei kom frå Stavanger og Kiev frå Aberdeen og Caracas og frå grendene kringom på vestlandet, ekspertane og fagarbeidarane.

Dei kom med pendlarfly frå Stord og samla seg kring lukta av oljedamp og gass som nordausten bar inn frå Barentshavet. For dei hadde det som trengdes, dei multinasjonale vestlendingane. Dei hadde kompetanse og kapital, produksjonsmiddel og politiske kontaktar og dei hadde veletablerte forretningsrelasjonar og fungerande bedriftsstrukturar. Og finnmarkingane? – dei hadde ingen Rettedal. …

Les meir

Fugl, fisk og folk i Froan

Av Reidar Almås

 

 

Er det plass til både fugl, fisk og folk i øyrekka Froan i Frøya kommune på Trøndelagskysten? No flyttar dei siste fastbuande frå Sauøya inn til fast-Frøya, mens 46 sjeler på Sørburøy held stand.

Ei rekkje innlegg i det siste har reist spørsmålet om det norske samfunn står framfor eit val når det gjeld denne kystperla. Kommentator Erling Kjekstad i Nationen har til og med spurt om dette vil bli den neste Hardangersaka for regjeringa dersom det ikkje lykkest å finne eit kompromiss der også folk kan leva der ute. Sentralt i så måte blir Miljøverndepartementets avgjerd i saka om å tillate varig unntak frå landskapsvernet for å kunne drive oppdrett i anlegget som Salmar har dreve med ei rekkje dispensasjonar sidan slutten på 90-talet. …

Les meir