Arkiv
”Blue Cow Inn” heitte gjestgiveriet eg tok inn på i den vesle landsbyen South Witham i Lincolnshire. Og dei skal nok få mjølke til dei vert meir enn blå dei 8100 kyrne det no skal byggast fjøs til like nordom her ved småbyen Nocton. Meir enn 250.000 liter mjølk om dagen skal produserast på det som vil verte Europas største mjølkebruk. Rett nok ryktes det at Nocton Daity Ldt. vil nedskalere planane… Les meir
Av Bjørn Egil Flø Nokon hadde hengt opp ein kommentar frå Financial Times Weekend Magazine over kaffimaskina – why proper English rules OK, var tittelen. Framom hadde det samla seg ei klynge middelaldrande og litt slitne mannlege akademikarar, gråe i andletet og ikledd beige fløyelsbrøker og ruta pulloverar. Ei lita gruppe britar, alle like mimikklause og evig skadde av streng kostskuledisiplin som har teke frå dei det vesle dei… Les meir
Av Bjørn Egil Flø Dei kom med fly dei som bygde Snøhvit i Hammerfest. 26.000 mann, inkludert ei og anna kvinne. Dei kom frå Stavanger og Kiev frå Aberdeen og Caracas og frå grendene kringom på vestlandet, ekspertane og fagarbeidarane. Dei kom med pendlarfly frå Stord og samla seg kring lukta av oljedamp og gass som nordausten bar inn frå Barentshavet. For dei hadde det som trengdes, dei multinasjonale… Les meir
Av Bjørn Egil Flø “I like Scandinavia but first I like Norway, it is a different landscape – it is a landscape full of contrasts” (Tysk turist M. 50 +). Det var dette sitatet som fyrst rann oss i hug då dei tre lokale kjenningane spurte oss ”ka finn dokk ut da?” Dei sat i sola framom Rødbrygga i Stokmarknes sentrum å drakk inn helga. Det var vist lett… Les meir
Av Jonathon Moses og Bjørn Egil Flø Det kryr av missnøye i bygdene. Det er ubalanse mellom bygdefolk sin forståing av rettferd og myndigheitene sitt ynskje om effektivitet, og ubalansen veks seg større og større for kvart år. Systematisk har me stimulert til jamn avskaling av gardsbruk og oppfordra satsingsvillige bønder til å vekse gjennom å kanibalisere på eigne grannar. Sjukehusa skal samlast og folk lyt setje sin lit til oskefrie… Les meir
Av Bjørn Egil Flø Då Direktoratet for naturforvalting starta tildele norske grender og bygdesamfunn statusen nasjonalparklandsby vitna det om eit snev av underliggjande urban bygdeforakt. Målet åt dei velmeinande miljøbyråkratane er edelt nok, dei vil gi lokalsamfunna ein kompensasjon for eit opplevd tap. I det høvet delar dei ut landsbystatusar som grendene kan nytte i marknadsføringa, dei kan nytte den når dei skal selje seg sjølv og sine fordelar… Les meir
Av Bjørn Egil Flø Dei er like trufaste mot våren som tjelden – rånarane. Nett i det vinteren slepp taket og let asfalten gi feste for lågprofilerte sumardekk kjem dei. Kåte som orrar glir dei runde på runde i bygdebyane til stor irritasjon for vårt nyurbaneiserte rurale småborgarskap og den kaffelattedrikkande sentrumssnobben. For dei spelar ikkje på fotballaget – rånarane. Dei deltek ikkje i det besteborgelege selskapet som… Les meir
Av Bjørn Egil Flø Det var sinne som dreiv dei, i rein frustrasjon nekta dei å vere med lenger. Inntektene var nede i knappe 60 prosent av industriarbeidarløna, og trongen for investeringar var overhengande for den som ønskte å bli verande i næringa. Året var 1975 og bøndene på Hitra nekta å betale skatt – dei aksjonerte. Skatteaksjonen fekk konsekvensar for eit samla norsk landbruk og endå til for industriarbeidaren på… Les meir
Av Reidar Almås og Bjørn Egil Flø Dei er på leit innlandsbygdene og dei har leita lenge. Dei har leita etter alternative inntekter og levevegar, dei har leita etter nye næringar som kan skape strukturelle ringverknadar utover seg sjølv og som har kraft nok til å vekse til noko meir enn ein og annan spesialost. Saman med seg har dei hatt eit hopetal med gode hjelparar som alle har bore med… Les meir
Av Bjørn Egil Flø Det ligg ein søknad på kontorpulten åt miljøvernkonsulenten i Canterbury distrikt på New Zealand, ein søknad om å få bygge eit mjølkebruk kostnadsrekna til tett på 450 millionar norske kroner. Dei skrur opp tempoet no, Kiwiane. Ein stadig veksande asiamarknad har gitt dei von, von om at det kan gå an å svare ein halv milliard i investeringar. Kvar einaste dag, heilt sidan midten på 80 talet… Les meir

