RURALE REFLEKSJONAR

Arkiv

Av Bjørn Egil Flø     ”Dei hevdar det”, sa Arvid. Eg hadde nett konfrontert den staute jaktlagsleiaren med at eg trudde elgkjøtet var vorte mindre viktig no når dei fleste av oss har råd til å kjøpe all den maten me ønskjer. ”Men”, held han fram ”.. eg trur likevel ingen på laget her ville ha jakta om det ikkje vart kjøt utav det”. Han trur tvert om at mykje av… Les meir

Eg har vorte fortalt at folk som meinar å høyre til på vestlandet driv å skriv på ”veggar” og ”twitrar”, og til dels er nokso harme over ein kronikk eg hadde i Bergens Tidene den 16. januar med tittelen ”idylliseringas pris”. Sjølv undrast eg på kva som kan ha gjort dei så harme, for eg ville då berre gjenfortelje historia til Annie – ei sprek og trivleg eldre dame eg trefte i… Les meir

Medan stadig fleire velmeinande bygdeutviklingsprosjekt ivrar for at Bygde-Noreg skal gjere seg attraktiv for unge urbane og velutdanna par som etter teorien forvaltar mesta alt som skal til for å skape kreativitet og dynamikk, kan det vere relevant også å gløtte litt til kontraurbaniseringas bakside. Kanskje kan prosjekt som ”Framtidsfylket”, ”Flytt hit” og ”Hardangerlokk” også lære litt av mitt møte med 70 år unge Annie i bydelen Haringey i Nord-London. Kanskje kan… Les meir

Av Bjørn Egil Flø       Då Direktoratet for naturforvalting starta tildele norske grender og bygdesamfunn statusen nasjonalparklandsby vitna det om eit snev av underliggjande urban bygdeforakt. Målet åt dei velmeinande miljøbyråkratane er edelt nok, dei vil gi lokalsamfunna ein kompensasjon for eit opplevd tap. I det høvet delar dei ut landsbystatusar som grendene kan nytte i marknadsføringa, dei kan nytte den når dei skal selje seg sjølv og sine fordelar… Les meir

Av Bjørn Egil Flø         Dei er like trufaste mot våren som tjelden – rånarane. Nett i det vinteren slepp taket og let asfalten gi feste for lågprofilerte sumardekk kjem dei. Kåte som orrar glir dei runde på runde i bygdebyane til stor irritasjon for vårt nyurbaneiserte rurale småborgarskap og den kaffelattedrikkande sentrumssnobben. For dei spelar ikkje på fotballaget – rånarane. Dei deltek ikkje i det besteborgelege selskapet som… Les meir

Av Bjørn Egil Flø     Demografisk utvikling kan seiast både å skape og å vere skapt av økonomiske endringar. I takt med ein kraftig reduksjon i arbeidsstyrken innan primærnæringane har også primærnæringane sin tradisjonelle dominans vorte svekka både nasjonalt og lokalt. Likt med denne svekkinga skjer det også eit gradvis skifte i korleis me aksentuerar det rurale og landskapet i det rurale. Frå nærast utelukkande å ha vore eit produksjonslandskap er… Les meir

Av Bjørn Egil Flø Når eg hevdar at post-modernismen har fått for stor tyngde i den rådande retorikken kring norsk bygdeutvikling meinar eg ikkje at bønder, bygdeutviklarar eller bygdeforskarar er post-modernistar. Det eg hevdar er at postmoderne teori har gjort noko med oss, den har gjort noko med korleis me betraktar det rurale – altså korleis me ser på bygdene og dermed også for kva rolle bygdene våre har fått tildelt. Det… Les meir

Av Bjørn Egil Flø Dei bygdevennlege prosjektmakarane har forlese seg på kryptiske postmoderne teoriar og er iferd med å gjere bygdene våre om til passive tilbydar av middelklassesymbol mesta ingen eigentleg er nemneverdig interessert i. Over alt gjer grendene seg lekre for ei gruppe folk som kanskje ikkje finst. Som middelmåtige reiselivsbedrifter skal bygde-Noreg selje seg ved hjelp av ’Innovasjon-Norge-finansierte’ reklamepakkar, bønder og bygdefolk skal ”fortelje dei gode historiene” – dei skal… Les meir