RURALE REFLEKSJONAR

Arkiv

Av Bjørn Egil Flø     Eg får dei same assosiasjonane kvar gong eg ser han avbilda. Jeffrey Sachs, denne nyvaska stjerneøkonomen som med sine enkle reknestykke og løysingar føreset konsekvent at alle forslag verkar som dei er tenkt. Han greier på eit underleg vis å setje meg attende til indremisjonsmøta i mi heimlege sunnmørsgrend på slutten av 70- og fyrst på 80-talet. For der står han, emissæren, smilande og nykjemd i… Les meir

På den nyleg avslutta konferansen om matprisar og matvaretryggleik som vart held av dei Sameinte Nasjonar (SN) sin organisasjon for mat og landbruk (FAO) i Roma var det ei syrgjeleg semje om at svaret på verdas elende denne gongen ikkje berre er frihandel, men meir frihandel. Problemet vert større når heller ikkje folk som me ønskjer å ha tillit til greier å rette merksemda mot anna enn skinnproblem og syner seg heilt… Les meir

Av Bjørn Egil Flø   Å sprøyte enno meir pengar inn i satsinga på økologisk landbruk og tru ein skal få auka produksjonen av den grunn vil vere jamgodt med å bere fôr til ein daud hest. Den einaste farbare vegen om ein ønskjer å auke produksjonen av norske økologiske landbruksvarer, er å prøve å forstå bondekollektivets moralske verdiar og freiste å tilpasse verkemidla til det ein finn der. Norsk landbruk er,… Les meir

Av Bjørn Egil Flø   Ei matvarekrise har heimsøkt oss igjen. Over heile verda finn me familiar som nett i denne stund kjenner krisa på kroppen. Millionar av menneske i minst eitt dusin land er ute av stand til å skaffe den maten dei treng. Dei lyt gå svoltne ikring i gatene og sjå feittdrypande kyllingar henge på utstilling i kjølediskane. Frå Egypt til Indonesia, frå Haiti til Thailand og i store… Les meir

Av Bjørn Egil Flø   Ein ven av meg har kviskra meg i øyro at Fosen trafikklag har foreslått å redusere rutetilbodet til Froan enno ein gong. Dette vesle øysamfunnet som strekker seg nokre titals sjømil nordover omlag ein halvannan time utanfor trøndelagskysten i Frøya kommune vil dermed få ytterlegare innskrenka moglegheiter til å kome seg opp av hengemyra moderniteten har ført med seg. Dette for meg til å tenke på vår… Les meir

Av Bjørn Egil Flø   Hjå sportsfiskarar verda over er fiske etter anadrome laksefiskar, rekna som det edlaste av alt sportsfiske. Grada av eksklusivitet ser ut til å auke i takt med at vasstemperaturane fell og oksygeninnhaldet i vatnet stig på vegen nordover langs breiddegradskalaen. På kjøpet føl gjerne sceniske omgivnadar og lange lyse sumarnetter som bidreg med sitt til at sjølv dei tettaste myggsvermane lettare kan ignorerast. Stadig fleire, både her… Les meir

Av Bjørn Egil Flø   Det er sjeldan ein er vitne til ein tilsvarande sutring som den reiselivsnæringa i Finnmark la for dagen i førre veke. Mi største bekymring er likevel knytt til den politisk uklokskapen dei avslører når dei i Nordlys og VG sine nettutgåver går ut å angrip Fiskeri- og kystministeren for å ha sagt det me alle veit. Det heile starta då Helga Pedersen hadde vore på NHO sin… Les meir

Av Bjørn Egil Flø   ”Sorry mate, it’s payback time” sa Mark, me stod ved breidda av Oreti River å såg på den svarte ryggen åt ei rettleg storaure på minst 8 kilo. Mark hevda det var hans tur å prøve no, etter å ha gitt alle dei tre føregåande sjansane til meg. Ein middels utvikla rettferdssans fortalde meg at han hadde rett. Etter å ha følgt med i Nationen dei siste… Les meir

Av Bjørn Egil Flø   Han sa det aldri rett ut, far min, men han sa det då likevel. Det var på dei mange endelause helgeturane med vår gamle Austin Cambridge at han indirekte lærte meg at ekte mannfolk ikkje et kliss. Du skjønar eg via nesten to år av livet mitt til denne merkelege forma for helgesyssel som det var å fylgje far min for å sjå på nyfjøsane åt bønder… Les meir