RURALE REFLEKSJONAR

Arkiv

Av Jostein Vik og Bjørn Egil Flø     Han har vore på misjonsferd dei siste vekene – statsråd Lar Peder Brekk – og i veska har han bore på det landbrukspolitiske ny-testamentet “Landbruks- og matpolitikken. Velkommen til bords”. Eit ordrikt dokument på 301 sider, den tjukkaste landbruksmeldinga nokon sinne. Og på dei bondetillitsvalte sin felleslunsj slår dei vitsar om den til melodien frå Ole Ivars “Nei så tjukk du har blitt”,… Les meir

Av Bjørn Egil Flø     For fjerde år på rad arrangerer FN-sambandet, Bondelaget, Bygdeforskning og NTNU markeringa av den internasjonale matvaredagen. Ettermiddagen måndag den 17. oktober samlast me i Suhmhuset i Trondheim for å diskutere den internasjonale matvaresituasjonen. Eit lite arrangement om eit stort emne, men ein type arrangement som me ser stadig fleire av, ikkje einast her til lands anna enn kring om i heile verda. Vanlege folk er nemleg… Les meir

Av Bjørn Egil Flø     All this dirt comes from bad politics, it is a consequence of our leading elite’s political ideology Dette var kommentaren Rick Davis, frontfiguren i det britiske progrock bandet Supertramp, gav journalistane som ville ha forklaringar for kvifor dei hadde valt eit så dystert coverbilete til sit fjerde album “Crisis? What crisis?”. Det same kan me seie om det som i dag veks fram som ei stadig… Les meir

  Duften av fersk ved er noe av det du seinest vil glømme når slørene trekkes for …   ”Hans Børli”, sa han. ”Kjenner du til han?” Eg må innrømme at eg ikkje forstod at han nett hadde deklamert byrjinga av eit dikt, for det passa liksom så godt inn i forteljinga hans. Han snakka om nyingen, dette bålet som både skogeigarane og jegerane snakka om, og som ikkje eingong trong vere… Les meir

Eg såg dei på fjernsynet, to unge jenter, sjølv om dei freista å skjule andletet sitt kunne eg sjå at dei verka slitne, men nøgd. Halve natta hadde dei vore med mobben i bydelen Haringey i Nord London og synte villig fram nattas fangst til reporteren. Jeans, toppar i alle slags fargar og fleire kardigans, den eine av dei hadde også ein hang til eksklusivt undertøy og hadde nytta høvet til å… Les meir

Av Bjørn Egil Flø     ”Dei hevdar det”, sa Arvid. Eg hadde nett konfrontert den staute jaktlagsleiaren med at eg trudde elgkjøtet var vorte mindre viktig no når dei fleste av oss har råd til å kjøpe all den maten me ønskjer. ”Men”, held han fram ”.. eg trur likevel ingen på laget her ville ha jakta om det ikkje vart kjøt utav det”. Han trur tvert om at mykje av… Les meir

“Me har knapt sett eitt einaste gardsbruk”, sa den hollandske kvinna, ho var mesta overraska over spørsmåla me stilte. Vår interesse for kva turistane ser i det norske landskapet og særleg kva rolle jordbruket sitt kulturlandskap spelar for deira oppleving av Noreg var berre underleg for ho. Ho var då slett ikkje komen til Noreg for å sjå på jordbrukslandskap, snarare var det fråveret av dei flate monotone rapsåkrane som trakk ho,… Les meir

Eg har vorte fortalt at folk som meinar å høyre til på vestlandet driv å skriv på ”veggar” og ”twitrar”, og til dels er nokso harme over ein kronikk eg hadde i Bergens Tidene den 16. januar med tittelen ”idylliseringas pris”. Sjølv undrast eg på kva som kan ha gjort dei så harme, for eg ville då berre gjenfortelje historia til Annie – ei sprek og trivleg eldre dame eg trefte i… Les meir

Medan stadig fleire velmeinande bygdeutviklingsprosjekt ivrar for at Bygde-Noreg skal gjere seg attraktiv for unge urbane og velutdanna par som etter teorien forvaltar mesta alt som skal til for å skape kreativitet og dynamikk, kan det vere relevant også å gløtte litt til kontraurbaniseringas bakside. Kanskje kan prosjekt som ”Framtidsfylket”, ”Flytt hit” og ”Hardangerlokk” også lære litt av mitt møte med 70 år unge Annie i bydelen Haringey i Nord-London. Kanskje kan… Les meir

I det eg køyrer ut porten ser eg Hugh i bakspegelen, han har funne ei skåk å stø seg på og vinkar med venstrehanda før han snur og vender attende til arbeidet. Den 56 år gamle mjølkebonden har arbeida hardt siste året og tyktes vere sliten. Sidan planane frå Nocton Dairy Ldt. om å etablere supermjølkebruket på 8100 mjølkekyr vart kjent, har han saman med andre frivillige i lokalsamfunnet organisert den lokale… Les meir