RURALE REFLEKSJONAR

Arkiv

Av Bjørn Egil Flø   Me har 5000 år med jordbrukshistorie i dette landet, men aldri har me vel hatt eit heiltidsjordbruk. Kanskje er det på tide å revitalisere kombinasjonsbonden?   I heile oppveksten min stod far min i veitene. Frå han mønstra av på 50-talet dyrka han jord. Fyrst på sitt eige bruk, og seinare på to nabobruk. To gongar retta han ryggen, fyrste gong i 1971, då tok han med… Les meir

Tale på Flø den 17. mai 2014 Av Bjørn Egil Flø På 17. mai lyt ein snakke om grunnlova, den er forresten 200 år i dag… og det ber den også preg av.   Gratulerer med dagen! Eg må innrømme at etter at eg sa ja til å halde denne tala så har eg tenkt: «veit dei eigentleg kven dei har invitert til å halde tale?». Eg meiner, rett nok er det opphaveleg… Les meir

Av Rose Bergslid, Bioforsk økologisk Bjørn Egil Flø, Bygdeforskning Unni Støbet Lande, Bioforsk økologisk   Då den relativt lite landbrukskunnige RV politikaren Liv Finstad vart sett i NRK- studio for å forsvare Raud Valallianse sitt partiprogram i 1983, vart ho konfrontert med RV`s programfesta landbrukspolitiske mål om å auke sauetalet i Noreg. I mangel av noko meir fornuftig å seie leverte ho det NRK- legenda Herbjørn Sørebø seinare skulle hevda var den… Les meir

Av Bjørn Egil Flø Verdas jordbruks og matvaresystem står overfor omfattande utfordringar på vegen inn i den post-fossile framtida. Ikkje berre lyt ein auke den totale produksjonen i takt med utviklinga i folketalet, men heile matvaresystemet treng gjerast mindre sårbart, det må tole klimaendringane og dei auka energiprisane, samstundes som det lyt minimere sit bidrag til det totale utsleppet av klimagassar. Jamt tittare innslag av uføreseielege vêrfenomen i kjølvatnet av klimaendringane har… Les meir

Av Anders Bryn. Forsker, Naturhistorisk museum, UIO og Bjørn Egil Flø. Forsker, Norsk senter for bygdeforskning Gjennom Klimaforliket ble flertallet i Stortinget enige om en rekke forebyggende og avdempende klimatiltak. Det mest dagsaktuelle forslaget er at skogplanting på nye arealer i Norge kan øke opptaket av klimagassen CO2, og dermed bremse drivhuseffekten. Dagens fagkunnskap tilsier at dette ikke er et effektivt klimatiltak og at de negative bivirkningene er omfattende. Dessuten vil tiltaket… Les meir

Av Bjørn Egil Flø Ho ville berre verte kvitt litt «dårleg samvit», dottera til bror min, då ho leverte søknaden om å få rive den gamle løa som fylgde med tilleggsjorda ho kjøpte fyrst på 2000 talet. No gledde ho seg til ho fekk svaret på søknaden og kunne få fjerne skampletten. Men svaret var heller nedslåande. Kommunen hadde sendt saka til høyring hjå Fylkeskonservatoren som gjekk imot riving. Mest interessant var… Les meir

Av Bjørn Egil Flø   Medan fattige familiar ligg utarma og makteslause i slumbelta kring dei store byane, drikk spekulantane i Glencore – verdas største råvareselskap – kvitvin og et kanapear i sine svale airconditionerte lokalar i Baar.  For dei feirar ein prisvekst på mat utan sidestykke i historia, råvareselskapa. Dei feirar tørken og forørkninga og folkeauken, dei feirar vestens kjøthunger, flaumskadar og dei dramatiske klimaendringane. Dei feirar energiknappleik og matkorn på… Les meir

Av Bjørn Egil Flø     «Garlytestell», sa dei forakteleg, karane på butikken. Dei snakka om Berten, grannen vår, han som brukte gå fjøra å sjå etter rak kvar gong det hadde vore storbåre. «Fare slik å gå» sa dei «…, kunne han ikkje brukt tida på å sette istand løeveggen då..? Ein treng ikkje akkurat vere ingeniør for å sjå at den treng vøling». Han var annleis, Berten. Medan grannane investerte… Les meir

Av Bjørn Egil Flø Utmarka har gått frå å vere beitemark til å bli representasjonar for den symbolkonsumerande middelklassa sin iherdige projisering av flyktige identitetar. Kiting, hundekøyring og massemønstringar der tusenvis av DN-lesande middelklassemenn ivrar etter å simulere åndeleg slektskap med polarheltane våre, bidreg til å omdefinere utmarka og stiller store krav til forvaltingas handverkarar og utfordrar dei tradisjonelle utmarksnæringane. … Eg var på konferanse her om dagen*. Det var ikkje ein av… Les meir

Av Jostein Vik og Bjørn Egil Flø   Me hadde skrive ein kronikk der me ønskja å syne at med den nye landbruksmeldinga har det oppstått ein ny situasjon for det norske landbruket. ”Nei da, det er slett ingen ny situasjon” høyrer me frå Vikabråten (Les motinnlegget frå Ole-Jacob Christensen her) ”… det har vore god latin i mange tiår at matproduksjonen skal følje folkeauken”. Mogleg det, men sjølv ikkje Ole-Jacob Christensen… Les meir