RURALE REFLEKSJONAR

Arkiv

Av Bjørn Egil Flø Når eg hevdar at post-modernismen har fått for stor tyngde i den rådande retorikken kring norsk bygdeutvikling meinar eg ikkje at bønder, bygdeutviklarar eller bygdeforskarar er post-modernistar. Det eg hevdar er at postmoderne teori har gjort noko med oss, den har gjort noko med korleis me betraktar det rurale – altså korleis me ser på bygdene og dermed også for kva rolle bygdene våre har fått tildelt. Det… Les meir

Av Bjørn Egil Flø Dei bygdevennlege prosjektmakarane har forlese seg på kryptiske postmoderne teoriar og er iferd med å gjere bygdene våre om til passive tilbydar av middelklassesymbol mesta ingen eigentleg er nemneverdig interessert i. Over alt gjer grendene seg lekre for ei gruppe folk som kanskje ikkje finst. Som middelmåtige reiselivsbedrifter skal bygde-Noreg selje seg ved hjelp av ’Innovasjon-Norge-finansierte’ reklamepakkar, bønder og bygdefolk skal ”fortelje dei gode historiene” – dei skal… Les meir

Av Bjørn Egil Flø   Neida, dette er inga bokmelding av ein imaginær oppfyljar av Fosse sin roman ’Raudt, Svart’, men einast ein freistnad på å få ut litt frustrasjon kring debatten om raudt og kvitt kjøt som har kome fullstendig på villstrå det siste halve året. Det toppa seg i førre veke då ”distriktsminister” Haga innrømma å vere fargeblind. Etter å fyrst å ha provosert bondestanden og hevda at det beste… Les meir