Arkiv
Av Bjørn Egil Flø Verdas jordbruks og matvaresystem står overfor omfattande utfordringar på vegen inn i den post-fossile framtida. Ikkje berre lyt ein auke den totale produksjonen i takt med utviklinga i folketalet, men heile matvaresystemet treng gjerast mindre sårbart, det må tole klimaendringane og dei auka energiprisane, samstundes som det lyt minimere sit bidrag til det totale utsleppet av klimagassar. Jamt tittare innslag av uføreseielege vêrfenomen i kjølvatnet av klimaendringane har… Les meir
Av Bjørn Egil Flø For fjerde år på rad arrangerer FN-sambandet, Bondelaget, Bygdeforskning og NTNU markeringa av den internasjonale matvaredagen. Ettermiddagen måndag den 17. oktober samlast me i Suhmhuset i Trondheim for å diskutere den internasjonale matvaresituasjonen. Eit lite arrangement om eit stort emne, men ein type arrangement som me ser stadig fleire av, ikkje einast her til lands anna enn kring om i heile verda. Vanlege folk er nemleg… Les meir
Av Bjørn Egil Flø All this dirt comes from bad politics, it is a consequence of our leading elite’s political ideology Dette var kommentaren Rick Davis, frontfiguren i det britiske progrock bandet Supertramp, gav journalistane som ville ha forklaringar for kvifor dei hadde valt eit så dystert coverbilete til sit fjerde album “Crisis? What crisis?”. Det same kan me seie om det som i dag veks fram som ei stadig… Les meir
På den nyleg avslutta konferansen om matprisar og matvaretryggleik som vart held av dei Sameinte Nasjonar (SN) sin organisasjon for mat og landbruk (FAO) i Roma var det ei syrgjeleg semje om at svaret på verdas elende denne gongen ikkje berre er frihandel, men meir frihandel. Problemet vert større når heller ikkje folk som me ønskjer å ha tillit til greier å rette merksemda mot anna enn skinnproblem og syner seg heilt… Les meir
Av Bjørn Egil Flø Å sprøyte enno meir pengar inn i satsinga på økologisk landbruk og tru ein skal få auka produksjonen av den grunn vil vere jamgodt med å bere fôr til ein daud hest. Den einaste farbare vegen om ein ønskjer å auke produksjonen av norske økologiske landbruksvarer, er å prøve å forstå bondekollektivets moralske verdiar og freiste å tilpasse verkemidla til det ein finn der. Norsk landbruk er,… Les meir
Av Bjørn Egil Flø Ei matvarekrise har heimsøkt oss igjen. Over heile verda finn me familiar som nett i denne stund kjenner krisa på kroppen. Millionar av menneske i minst eitt dusin land er ute av stand til å skaffe den maten dei treng. Dei lyt gå svoltne ikring i gatene og sjå feittdrypande kyllingar henge på utstilling i kjølediskane. Frå Egypt til Indonesia, frå Haiti til Thailand og i store… Les meir