RURALE REFLEKSJONAR

Arkiv

Av Bjørn Egil Flø Dei bygdevennlege prosjektmakarane har forlese seg på kryptiske postmoderne teoriar og er iferd med å gjere bygdene våre om til passive tilbydar av middelklassesymbol mesta ingen eigentleg er nemneverdig interessert i. Over alt gjer grendene seg lekre for ei gruppe folk som kanskje ikkje finst. Som middelmåtige reiselivsbedrifter skal bygde-Noreg selje seg ved hjelp av ’Innovasjon-Norge-finansierte’ reklamepakkar, bønder og bygdefolk skal ”fortelje dei gode historiene” – dei skal… Les meir

Av Bjørn Egil Flø     Den som har fylgt med i avisa Nationen ei tid, kan umogleg ha unngått å ha lagt merke til ei omvending. Det er ei omvending som ikkje står tilbake for den me lærte å kjenne i vår barndom gjennom søndagsskulens vitnesbyrd frå Galilea og bygdene aust om Jordan. Det var vist ikkje måte på alt som der hadde skjedd og vende me oss berre til trua… Les meir

Av Bjørn Egil Flø   Ein ven av meg har kviskra meg i øyro at Fosen trafikklag har foreslått å redusere rutetilbodet til Froan enno ein gong. Dette vesle øysamfunnet som strekker seg nokre titals sjømil nordover omlag ein halvannan time utanfor trøndelagskysten i Frøya kommune vil dermed få ytterlegare innskrenka moglegheiter til å kome seg opp av hengemyra moderniteten har ført med seg. Dette for meg til å tenke på vår… Les meir

Av Bjørn Egil Flø   Det er sjeldan ein er vitne til ein tilsvarande sutring som den reiselivsnæringa i Finnmark la for dagen i førre veke. Mi største bekymring er likevel knytt til den politisk uklokskapen dei avslører når dei i Nordlys og VG sine nettutgåver går ut å angrip Fiskeri- og kystministeren for å ha sagt det me alle veit. Det heile starta då Helga Pedersen hadde vore på NHO sin… Les meir