Om Rurale refleksjonar
Bloggen Rurale refleksjonar er drifta av Bjørn Egil Flø. Sidan 2006 har han drive denne bloggen som ein lekk i sin populærvitskaplege formidling av meir eller mindre forskingsbaserte refleksjonar om det å leve og bu i det rurale.
Flø er utdanna sosiolog og har ei doktorgrad i bygdesosiologi. Han har arbeida som bygdeforskar sidan 1998 og sidan 2015 har han vore tilsett ved Norsk Institutt for Bioøkonomi (NIBIO), Matdivisjonen avdeling for Politikk og Samfunn.
Alt av innhald på bloggen står for forfattaren si eiga rekning og er på ingen måte ein del av NIBIO sitt interne kvalitetssikringssystem.
Bloggen er også open for gjestebloggarar og tek gjerne imot tekstar frå lesarane. Har du lyst å publisere på bloggen så sender du berre eit tekstutkast på epost til bjorn.flo@gmail.com


For ein kosteleg, og godt skriven! artikkel om Me og dei andre!
Ja, for meg er Flø gjerne solnedgang, mykje og store fjøresteinar, kvite strender og mykje sjø og båre.
Flott er det i alla fall.
Beste helsing ein sia lang tid attende utflytta Hjørungavågar
Tove Hjørungdal
Göteborg
Takk for det, kjekt at artikkelen har nådd ein Hjørungavågar i Gøteborg
Leer este blog es una delicia para los ojos. He seguido tu trabajo desde hace algunos años, pues tuve la oporrdd asistir a un congreso en Ås, en el año 2019 y quedé enamorada del trabajo sobre los paisajes.
Saludos desde México.
Me encantaría poder escribir algo sobre la ruralidad de mi país, en tu blog, soy maestra en la Universidad Veracruzana
Talía.