Ei samtale om samfunnsforsking og gaukungar i trastereiret
BJØRN EGIL FLØ og EIRIK MAGNUS FUGLESTAD
Samfunnsforskinga kan ikkje berre vere kunnskap for dei som allereie har tilgang til kunnskap. Når forskarane sluttar å snakke med folk flest, undergrev dei også legitimiteten til forskinga.

«DOKKE REIRAR dokke som gaukungar i trastereiret», den godt vaksne mjølkebonden brukte analogien som ei innleiing til å påpeike eit paradoks i den moderne samfunnsforskinga. «Det er me – folket – som før dokke opp, men sjølve ser dokke ut til å gi f… i våre born».

Vel, det var kraftig kost, men me kjente til bonden frå før og viste at ho vanlegvis brukar å nyansere seg etter at ho berre får rast frå seg. Det som plaga bonden var at ho meinte at me, samfunnsforskarane, ikkje lenger samtalar med dei me forskar på og for. Me kjem – nett slik me no gjorde – inn på tunet til ein bonde for å intervjue ho, me brukar ein time eller to av tida hennar utan at korkje ho eller hennar like får noko tilbake. Ho finn sjeldan att forskinga vår, meinte ho. Og finn ho den så er det som oftast vanskeleg å sjå relevansen for dei som har gitt forskaren empirien.
Og ho har eit poeng her, sjølv om ho er aldri så spissformulert. Ho peikar på eit sentralt paradoks for vår tids samfunnsforsking. Aldri har samfunnet produsert så mykje forskingsbasert kunnskap som no. Aldri har kunnskapen vore så lett å produsere, lagre og spreie. Men samstundes kan det sjå ut som at avstanden mellom forskinga og dei menneska forskinga omhandlar, har vorte større.
Me samfunnsforskarar tenderar til å skrive jamt meir for kvarandre. Me publiserer i internasjonale tidsskrift som dei færraste utanfor akademia les eller har tilgang til. Tekstane er òg ofte på engelsk og gjerne formidla i ein sjanger med eit hyperakademisk og abstrakt språk. Noko som òg inneber at fagomgrepa me utviklar for å skildre det samfunnet me forskar på, vert framande for dei som har sitt liv og virke i det same samfunnet. Ikkje berre kling det dårleg i daglegspråket, men det fell òg dårleg saman med den historiske, kulturelle og sosiale røyndomen som spelar seg ut i samfunnet me studerer. Slik inviterer me i liten grad lesaren til dialog, til å tenke saman med oss.
Alle me som har vore i forskinga nokre år veit at dette har skjedd, og framleis skjer, på vår vakt. Me treng berre å gå ein generasjon eller to attende i tid så var dei vitskaplege arbeida åt samfunnsforskarane langt meir synleg i det offentlege ordskiftet. Grundige vitskapelege essay var ofte å finne i den rike floraen av skandinaviske tidsskrift som framleis stod i hyllene på dei mange bladkioskane landet rundt. Og dei vart lesne av lek like som av lærd.

Profilar som Hans Skjervheim, Stein Rokkan, Marianne Gullestad, Nils Christie, Ottar Brox og ei rekkje andre av våre mest framståande samfunnsvitarar skreiv i tidsskrift som mellom anna Samtiden, Syn og Segn, Kontrast og Profil, alle tidsskrift som søkte å bryte ned skiljet mellom akademisk kunnskap og offentleg samtale. Dette var forskarar som ikkje skilde skarpt mellom forsking, analyse, samfunnsdebatt og politisk relevans. Dei skreiv ein type samfunnsvitskapleg essayistikk der forsking, erfaring og moralsk refleksjon hang tett saman. Dei meistra faget å skrive akademisk og samtidig gjere det slik at også lesaren utanfor akademia kunne delta i argumentasjonen. Dette er viktig fordi det viser at akademisk presisjon og allmenn tilgjengelegheit ikkje nødvendigvis er motsetningar.
For samfunnsforsking handlar om menneske. Det handlar om arbeidslivet, bygdene, byane, skulen, familien, økonomien, politikken, ulikskapen, naturen og kvardagslivet. Det handlar om korleis menneske lever saman, og om dei samfunnskreftene som formar liva våre – ofte utan at me sjølve har særleg kontroll over dei. Då er det eit demokratisk problem dersom kunnskapen om desse kreftene vert produsert på ein måte som gjer at dei som lever med konsekvensane av dei, korkje får tilgang til kunnskapen eller får delta i skapinga av den.
Ottar Brox omtalte den breie offentlege samtala som «…selve den energiskapende livsprosessen i et demokratisk samfunn, slik fotosyntesen er det i naturen». Det er eit godt bilete. For eit demokrati treng meir enn val og politiske institusjonar. Det treng ein offentlegheit der menneske kan prøve idear mot kvarandre, undersøkje påstandar, vere usamde og endre meining. Og her har samfunnsforskinga eit særskild ansvar, nettopp fordi me forskar på dei institusjonane og relasjonane som sjølve utgjer det demokratiske samfunnet.
Slik kan samfunnsforskinga gi oss noko den politiske debatten manglar, nemleg tid til å undersøkje, systematikk til å samanlikne og metodar til å skilje mellom det me trur og det me veit. Forsking kan hjelpe oss å sjå dei større samfunnsprosessane.
Det var dette C. Wright Mills kalla den «sosiologiske førestellingsevna», evna til å sjå samanhengen mellom personlege røynsler og dei større historiske og samfunnsmessige kreftene som formar dei. Men denne førestillingsevna fungerer dårleg dersom berre forskarane har tilgang til språket og sjangeren som samanhengane vert uttrykt i og til arenaene der samtalane skjer.
Samfunnsvitskapleg forsking handlar ikkje berre om å forske fram kunnskap, det handlar også om noko langt meir grunnleggjande. Det handlar om relasjonen mellom dei som produserer kunnskapen og det samfunnet kunnskapen handlar om. For samfunnsforskinga er også ein del av samfunnet.
Forskarane sit ikkje utanfor og betraktar samfunnet gjennom eit nøytralt vindauge. Me er sjølve ein del av dei institusjonane, språket og maktstrukturane me undersøker. Og når me kjem til folk for å hente ut erfaringane deira, intervjue dei, observere dei og samle inn data, inngår me i ein relasjon med dei. Då må me kunne ha noko å gi tilbake. Ikkje berre ein rapport og ikkje nødvendigvis ei løysing. Men snarare ei forståing, eit språk for noko dei sjølve har erfart, eit anna perspektiv på ein konflikt. Kunnskap som gjer det mogleg å sjå kvardagen sin i ein større samanheng.
Det er her forskinga kan få ein demokratisk funksjon. For dersom samfunnsforskinga berre går frå samfunnet og inn i forskingssystemet, for så å ende opp i eit internasjonalt tidsskrift, har me i realiteten etablert eit system der folk vert brukt til å produsere kunnskap som dei sjølve aldri får ta del i. Då vert gaukungen ein treffande metafor.
Gaukungen sjølv kan lite for at den skyv dei andre ungane ut av reiret, den er berre slik laga. Sameleis er det ikkje nødvendigvis slik at forskinga medvite skyv folk flest ut. Men me bør spørje oss om det likevel er noko av den same dynamikken som er i ferd med å oppstå. Samfunnet finansierer forskinga, menneske stiller opp som informantar og kunnskapsberarar, men kunnskapen vert stadig oftare foredla i eit system der dei som gav frå seg kunnskapen, ikkje lenger er inviterte inn. Og når dei til slutt møter forskinga, kan ho kjennast som noko som kjem utanfrå. Det er eit problem for forskinga, men det er eit større problem for demokratiet. For når kunnskapen vert oppfatta som noko ekspertane sit på, og ikkje noko me som samfunn kan diskutere og bryne oss på, vert også forskinga lett ein autoritet ovanfrå.
Me treng meir samtale om forskinga. Me treng fleire stader der den faglege kunnskapen kan møte andre erfaringar, andre perspektiv og andre språk. Kanskje treng me å gjenoppdage noko av den gamle skandinaviske offentlegheita der akademikarar, journalistar, bønder, arbeidarar og andre borgarar kunne møtest i tekst og samtale. Ikkje fordi den gamle offentlegheita var perfekt, den hadde også sine ekskluderingsmekanismar, men den hadde i det minste ein grunnleggjande idé som me ikkje bør miste. Ein idé om at kunnskap har størst demokratisk verdi når den kan bli ein del av den felles samtala.

Me som skriv denne teksta vil bidra til ei slik felles samtale. I samarbeid med kollegaer frå Sverige og Danmark har me etablert eit nytt tidsskrift; Samtal – Skandinavisk tidsskrift for samfunn, sted og viten. Gjennom det tidsskriftet vil me skape ein arena der forskarar kan snakke med kvarandre, men òg ein stad der forsking, erfaring og samfunnsdebatt kan møtast.
Her skal samfunnsforskarar, like som folk utanfor forskinga, kunne skrive med fagleg tyngde utan å gøyme seg bak korkje betalingsmurar eller eit hyperakademisk språk. Her kan forskarar møte folk utanfor akademia som samtalepartnarar, ikkje berre som informantar. Her kan dei som blir forska på lese forskinga i eit språk som er tilgjengeleg, og her kan kunnskap vere utgangspunktet for ei samtale, ikkje slutten på henne.
For det er kanskje dette me har gløymt. Forskinga si oppgåve er ikkje berre å finne svar. Den skal òg hjelpe oss å stille betre spørsmål. Og dei beste spørsmåla oppstår ikkje alltid inne på universiteta eller på dei internasjonale konferansane.
Nokre av dei oppstår i samtalar på tunet hjå ein mjølkebonde som meiner me forskarar har reira oss som gaukungar.
Bjørn Egil Flø og Eirik Magnus Fuglestad
Ein kortversjon av denne teksta har vore trykka i Klassekampen 5. oktober 2026

