Bønder som nektar å jage
BJØRN EGIL FLØ

Kvifor driv bønder med utmarksbeiting og setring?
Dei siste åra har eg reist rundt i fjell-Noreg å snakka med bøndene som ventar lenge på våren og balar i brattene. Dei fleste her driv med beitedyr. Dei driv med mjølk eller sau og somtid båe deler, stadig fleire har avvikla mjølkeproduksjonen og driv no med ammeku. Likevel ser me at ein relativt stor del av dei framleis fører dyr fram på setrane. Dei fleste har på ulike måtar tilpassa drifta til å utnytte utmarkas lunnende, som det heiter i fjellova.

Eg var komen for å finne svar på det som i ulike landbrukspolitiske og -faglege samanhengar er eit opplagt spørsmål, nemleg; kvifor driv bønder med utmarksbeiting og setring? For der meiner dei at svaret er enkelt; bøndene driv med utmarksbeiting fordi utmarka gir billeg grovfôr og styrkjer økonomien i drifta. Det er for så vidt eit rett svar, det er eit svar tufta på ein økonomisk rasjonalitet og harmonerer med svaret eg får frå fjellbøndene. For dei òg startar med å snakke om fôrressursen.
Fyrst langt ute i samtala fortel dei meg at det likevel berre er halve sanninga. For då me kom djupare openberra det seg at under dette økonomisk rasjonelle svaret ligg eit svar tufta på ein heilt annan rasjonalitet. Nemleg ein moralsk rasjonalitet som fjellbøndene vel å følgje som del av ein kulturell og politisk motkultur til den dominerande produktivistiske bonde-etosen.
Då dei var ferdige med å snakke om fôreiningar, tilvekst og liknande omgrep som kjenneteiknar den økonomisk logikken, dukkar nye omgrep opp. Omgrep som ikkje er like vanlege å høyre i debatten om jordbruket og som heller ikkje er like lette å talfeste. Då snakka dei om trivsel, glede og kjensle av fridom. Dei snakka om ein annan arbeidsrytme og om «..å vere til stades i landskapet og ikkje berre over det», som ein formulerte det.
Eg undra meg forresten på kva han meinte med å vere over landskapet og fekk vite at det ofte var slik han opplevde det var blitt å drive som bonde i dag. «Eg liksom berre fer over jordene utan å vere på jorda», sa han og utdjupa det med at «... det er slikt kav og jag at eg ikkje greier å ta inn og oppleve det eg er ein del av». Han meinte at det som motiverte han til å bli bonde i utgangspunktet handla om å kjenne på molda med nevane og om å vere i og nær naturen og dyra og om å vere var omgivnadane sine.

Når eg lyttar til utmarksbeitebrukarane kring om i fjell-Noreg slår det meg at dei fleste snakkar mykje om det som motiverer og gir meining til det å vere bønder. Eg høyrer etiske og moralfilosofiske resonnement når dei forklarar vala sine for meg. Dei trekkjer fram at utmarksbruken er det som «gir dei mest som menneskje» og om korleis det moderne jordbruket har «teke noko av meininga vekk» og gjort det til «eit jag for å overleve». Dei snakkar om at dei er redd for å miste det som faktisk gir trivsel. «Eg vil ikkje miste det å ha med borna ein søndags ettermiddag i fjellet for å sjå etter dyra». Ein annan fortalte om då han sat på dørhella på setra saman med den ni år gamle dottera si som fortalte at «Når eg overtek skal eg i alle fall drive på setra, for det er det beste». Kanskje såg ho det same som far sin, kanskje såg ho at utmarksbeiting er ei god utnytting av naturressursane og at det ikkje konkurrerer direkte med menneskemat. Kanskje såg ho god dyrevelferd i utmarksbeitinga, at det gir dyra større plass, meir naturlege rørsler i eit miljø som stimulerer dyras sansar og fysikk. Kanskje såg ho at det held landskapet ope og hindra attgroing, at det sikra leveområda for plante- og dyreartar som er avhengige av beita landskap. For utmarksbeiting, og særleg setring, er del av ei lang norsk kulturhistorie og gjennom sin praksis bidreg bøndene til å ta vare på kulturarven. Det er ein kulturell og sosial praksis som gir meining og livskvalitet til dei som driv, like til alle oss andre.
Men denne sida av jordbruket er vanskeleg å få fram i den offisielle jordbrukspolitiske debatten. Det er ikkje dette dei snakkar om fram mot jordbruksforhandlingane. Det er ikkje dette som kan sporast i budsjettnemndas kalkylar. I den jordbrukspolitiske bonde-etosen – i den normative politiske konteksta der det vert vedtatt kva som skal lønne seg i jordbruket – er det einaste moralsk rette det økonomisk rasjonelle. Dei einaste legitime argumenta er dei som lett kan målast, reknast og effektiviserast. Dei fleste bøndene er med på det, dei er opplærte til å snakke om fôreiningar, ikkje om kjensler. Om kalkylar og ikkje om kva arbeid som gir meining.
Men i fjell-Noreg møtte eg ein annan sort bønder, der møtte eg fjellbønder i ordets rette forstand. Eg møtte dei som slepp dyr på utmarksbeite og som setrar, eg møtte bønder som insisterer på å halde fram slik, fordi dei meiner det er det einaste rette. Slik kan utmarksbeitebruken forståast som ein motkultur. Ikkje ein tradisjonell politisk protest, men ein praksis som held fast ved andre verdiar enn dei dominerande; langsame prosessar, lokal kunnskap, nærleik til ressursane og ei forståing av jordbruk som livsform – ikkje einast som næring.
Bjørn Egil Flø
Teksta har tidlegare vore på trykk i Nationen 26. mars 2026

