Bovaer og bondekultur

BJØRN EGIL FLØ

Kva er motstanden mot Bovaer blant norske bønder eigentleg uttrykk for?

Om Tine og resten av bondeeliten innanfor jordbrukets jarntriangel vel å lese bønder og forbrukarar sin skepsis til metanhemmaren Bovaer einast som eit uttrykk for irrasjonell teknologifrykt trolla ut på sosiale media frå kjellarleilegheiter, så gjer dei ikkje berre seg sjølv ei bjørneteneste, men svekker også jordbrukets sjans til å redusere sektorens klimabelastning.

Skepsisen mange ber på er tvert om ein sosialt- og kulturelt meiningsfull respons på korleis teknologi vert opplevd som inngripande i etablerte moralske kategoriar, tillitsforhold, profesjonelle identitetar og maktstrukturar.

Produsert risiko

For meg er Bovaer eit praktdøme på det den tyske sosiologen Ulrich Beck snakka om då han hevda at «moderne samfunn i aukande grad vert dominert av ‘produserte risikoar’» – med det meinte han risikoar skapt av teknologiske og industrielle intervensjonar som er usynlege, abstrakte og vanskelege å vurdere for lekfolk.

Bovaer er eit syntetisk stoff, det påverkar mikrobiologiske prosessar hjå dyra og er kjenneteikna av ein kunnskapsuvisse som ikkje fullt ut kan eliminerast gjennom tradisjonelle risikovurderingar. Derimot vert det hevda å vere trygt innanfor gitte testparameter som – i tilfellet for Bovaer – er parameter som bonden ikkje har innsyn i eller føresetnadar til å forstå.

Dermed fordrar Bovaer at bonden stolar på industrien og til dels også forvaltinga og forskinga. Sett i samanheng med at tillita til alle desse har blitt jamt svekka dei siste ti åra – med god grunn, spør du meg – så er det mesta naivt å tru at Bovaer ville gli inn utan motstand.

For norske bønder inneber det ei dobbel form for uvisse. Fyrst knytt til sjølve teknologien og langtidsverknadane stoffet kan ha på dyrehelse, produktkvalitet og driftsrisiko og dernest til dei sosiale konsekvensane knytt til å ta det i bruk.

Som Beck hevdar vert risiko eit spørsmål om ansvar: Om noko går gale, er det ofte dei lokale aktørane (her; bøndene) som set att med kostnadane.

Dette skapar ein motstand som ikkje nødvendigvis handlar om sjølve stoffet, men om at teknologien symboliserer ei overføring av risiko frå industri og forvalting til einskildbøndene.

Kulturelle kategoriar – reinheit og moralske grenser

Motstanda kan også lesast som det den britiske antropologen Mary Douglas kallar «kulturelle kategoriar om reint og ureint». Her hevdar Douglas at risiko ikkje fyrst og fremst vert vurdert utifrå tekniske eigenskapar, men frå kulturelle kategoriar som «reint og ureint» eller som me har sett i Bovaer debatten; naturleg og unaturleg.

I fleire år no har me bygd opp ei førestilling om rein, kortreist og lav bruk av tilsetningar. Bovaer bryt med den førestillinga og med det bryt det også med etablerte symbolsk-moralske grenser.

Skepsisen kan derfor sjåast på som eit uttrykk for at fôrtilsetningar trugar eit grunnleggande moralsk narrativ. Nemleg narrative om at; norske husdyr et naturleg fôr og ikkje teknologisk modifisert fôr. Dette uavhengig av om me finn reststoff i sluttproduktet eller ikkje. Berre det at me gir det til husdyr i utgangspunktet, utfordrar kva norsk mat representerer. Nett derfor vil også forbrukarskepsisen ofte vere heilt uavhengig av dei vitskaplege risikovurderingane.

Tillit til abstrakte system og delegert kontroll

Går me til ein annan av dei store sein-modernitets-sosiologane, nemleg Anthony Giddens, så kan me sette dette saman med kor avhengig moderne samfunn har gjort seg av det han kallar «abstrakte system» – altså  vitskap, teknologi og globale kunnskapsregimer – som einskildindivid lyt stole på utan å fullt ut forstå dei.

Bovaer er nett eit døme på det. For med denne teknologien så lyt bøndene sette sin lit til globale forskingsmiljø, kommersielle aktørar og internasjonale godkjenningsregimer. Dette utfordrar den tradisjonelt sterke norske tillita, då den alltid har vore sterkast mellom bøndene og dei nasjonale institusjonar, medan tillita til globale agroteknologiselskap er langt svakare.

DSM/Firmenich, som leverer Bovaer, er lang ifrå her….. det er med andre ord stor avstand ifrå avgjerdslar og handling, noko bonden fort vil oppleve som å vere avhengig av eit system hen ikkje har kontroll over.

I Giddens sin terminologi oppstår det ein mangelfull «re-embedding» – teknologien vert ikkje omsett raskt nok til den lokale konteksten, noko som igjen skaper sosial uvisse  og motstand.

Den mislykka omsetjinga

Dette fører oss til den franske filosofen og sosiologen Bruno Latour. For Bovaer kan også forståast som ein aktør, ein aktør som freistar å etablere nye relasjonar mellom bønder, dyr, fôrkjeder, klimarekneskap, politiske mål og forbrukarforventingar. I alle fall vil eg tru det er om lag slik Latour ville forstått det.

For at teknologien skal bli stabil, lyt ulike aktørar «innrullerast» gjennom det Latour kallar omsetjing – ein prosess der aktørane får ei rolle i teknologinettverket som dei alle aksepterer.

For tilfelle Bovaer i Noreg har denne omsetjinga stogga heilt opp på fleire punkt.

For det fyrste: Bønder oppfattar ikkje teknologien som ei løysing på deira sine problem, men på andre sine (staten, klimaavtaler, industrien). Dette er også ei åtvaring, særleg til Bondelaget og Tine som kanskje har framsnakka Bovaer tydlegast. For korkje faglaget eller bondesamvirket er oss i samtalane mellom bønder i bygdene lenger, derimot er dei i ferd med å bli dei andre.

For det andre: Korkje forbrukarane eller bøndene ser nytta direkte, men derimot ser dei risikoframstillinga indirekte.

For det tredje: Teknologien kolliderer med etablerte nettverk av tradisjonell fôrpraksis, nasjonal merkevarebygging og lokal agronomisk kunnskap.

I sum kan ein – i tråd med Latour – seie at når teknologien ikkje klarer å etablere seg som eit obligatorisk passeringspunkt – altså ein naudsynt lekk i produksjonen – då oppstår motstand og forseinkingar i implementeringa.

Sosial forankring

Motstanden mot Bovaer må forståast i lys av landbrukets særstilling som kulturelt, politisk og økonomisk felt. Teknologien aukar kompleksiteten i eit system som alt balanserer mellom lokal autonomi, globale marknadar og nasjonale klimamål. Skepsisen er derfor eit uttrykk for ei breiare samfunnsmessig spenning mellom industrielle teknologiske løysingar og et norsk landbruksnarrativ som byggjer på naturlegheit, tradisjon og tillit til lokale institusjonar. Ei vellukka implementering av metanhemmar i norsk drøvtyggarproduksjon krev derfor ikkje berre teknologisk dokumentasjon, men sosial forankring, kulturell legitimitet og reetablering av tillit i dei abstrakte systema som teknologien representerer.

Bjørn Egil Flø

Teksta har tidlegare vore på trykk i Klassekampen 3. januar 2026

Kommenter innlegget