Pengar og tilhøyrsle i villreinfjellet

BJØRN EGIL FLØ
I det eg heng kalveskrotten på vekta svingar ein bil inn på plassen.
– Ja, dei vert mindre og mindre for kvart år, høyrer eg frå ein eldre mannen i det han set staven framom seg og stig ut av bilen.

Elleve år har gått sidan sist han sjølv gjekk etter dyr. No har han korkje kne eller hoft til det lenger, seier han, og det skortar på luft også. Men dragninga mot fjellet og grådyret set framleis sterkt i han. Derfor plar han kome bortom vekta for ein drøs når jegerane kjem for å vege skrotten og levere kort og kjeve.
I det han kjem bortåt vekta fiskar han fram ei gul notatbok frå brystlomma og noterer talet han ser på displayet på vekta.
– Her har eg notert vekta på alle kalvar som har vore vegne her i bygda heilt attende til 1987. I nær 40 år har han bokført vekt og kjevelengde på alle kalvar som har vore tekne ut av valde. Som eit privat lite forskingsprosjekt har han samla data systematisk. Og han har sett kalvevekta gå ned, samstundes som han presiserer at det ikkje betyr at kondisjonen åt dyra nødvendigvis går ned av den grunn. Basert på dei dataa han sjølv har samla inn har han også gjort seg opp meiningar om kva som kan vere årsaka til at det sakte men sikkert ser ut til å bli mindre kalvar.
– Me tek ut for mange av dei verkeleg store bukkane, fortel han som éi forklaring på vekt nedgangen. Han ser nok på meg at eg ikkje heilt koplar samanhengen og startar fortelje inngåande om kor viktig det er å ha sterke og store bukkar i flokken.
– Til sterkare posisjon bukken har, til tidlegare kjem paringa i gong, seier han. Før han legg til at det er for mykje pengar i storbukkjakta.
– Pengar?, spør eg. Sjølvsagt veit eg at eit kort på storbukk er dyrt, i alle fall her som er eit privatområde, men eg ser ikkje kva det har å seie for kalvevekta.
– Du veit at når enkelte betalar 80 tusen for storbukk så tek dei ikkje kva bukk som helst, nei då skal dei ha den aller største.

Kanskje har han eit poeng her, den aldrande private «villreinforskaren». Jegerane er nok litt vel opptatt av å ta ut dei største og sterkaste dyra og kanskje vert me enno meir opptatt av det etter kvart som prisen på jaktkortet går opp. Men me ser då den same utviklinga i allmenningane også, sjølv om prisen på eit storbukkekort der ikkje er i nærleiken av den prisen me ser i dei private villreinområda. Kanskje handlar det mest om korleis jakta har endra seg, og om korleis endringa i jakta også har endra jegerane på eit vis? For jamt fleire jegerar er som meg i dag, me søkjer oss jakt der me kan søkje og drøymer om vinnarlukke i loddtrekkinga. Me har vanskar med å knyte oss til ein stad, sjølv om me aldri så mykje vil. Eitt år her og eit anna der, slik reiser me rotlaust rundt. Me studerer kart for områder me knapt har vore i før og freistar forstå kvar trekka kan gå. Og når jakta startar kappspring me med kvarandre i hytt og pine og skremmer meir rein enn kva me evnar å sjå. For det er ikkje berre kalvevekta som går ned, også fellingsprosenten fell i fleire av områda våre. Derfor lyt det skrivast ut fleire kort for å kunne å ta ut så mange dyr som må takast ut. Til saman fører det til meir urolege dyr, skadeskytingar og fleire farlege situasjonar, der mange jegerar stiller på same flokk.
Den moderne rotlause jegeren vert heller aldri ein del av samtala på den lokale kafeen der dei heimlege jegerane snakkar med uro om den låge kalvevekta. Slik er me avskorne frå å delta i danninga av dei uformelle lokale normene som fortel oss at me helst skal spare dei aller største bukkane. Derfor legg ikkje me trådkorset på bogen åt halvstore bukkar, med mindre me har kort på kluftbukk. For me vil ha dei største, dei som gir oss status i den lukka vennegruppa på sosiale media. Relasjonen mellom viltet og jegeren har ringe kår i det moderne, for ikkje å seie det post-moderne samfunnet. Me moderne jegeren er i jamt mindre grad knytt til viltet og viltstamma me jaktar på. Det veks ei kløft mellom jeger og vilt som set oss ut av stand til å skjøtte rolla me moralsk sett har som forvaltarar.
Pengane kan nok ha betydning, slik den pensjonerte «villreinforskaren» ved vege stasjonen meinte, men kanskje er ikkje samanhengen like ein til ein som han framstilte det. Kanskje er det like mykje eit spørsmål om tilhøyrsle?
Norsk viltforvalting er tufta på samarbeid. Det er tufta på folk sin evne til å utvikle reglar og normer saman, formelle og uformelle reglar for korleis forvaltinga skal utøvast. Sjølvsagt kan ein lage detaljerte reglar for å auke uttaket av voksen bukk. Me ser også at fleire no har teke inn att kort-kategorien «kluftbukk utan vektgrense» for å oppnå det den eldre mannen ved vekta snakka om, å ta ut fleire av dei halvstore bukkane. Men det hindrar likevel ikkje at dei med kort på storbukk tek dei aller største. Eg trur berre ein ting kan hindre det, og her meiner eg å ha god ryggdekning frå sosiologisk teori, me må i større grad rotfeste jegerane og skape tilhøyrsle til det viltet dei jaktar på.
Bjørn Egil Flø
Teksta har stått på trykk i Nationen den 17. september 2025

