Må allemannsretten døy?

BJØRN EGIL FLØ

Reindriftsutøvarane har hatt problem med oss lenge. Dei har sagt at dyra vert stressa, særleg på vintrane og i kalvingsperioda på vårane, då me har ski på beina og held litt større fart og har lengre rekkevidde.

I det siste har miljø-ekspertane også gitt indirekte støtte til reindriftsutøvarane. Ferdselen utset reinen, i alle fall villreinen, for uro, seier dei. Og sjølv DNT må stenge ein sti eller to då, kanskje også ei hytte.

Men også i dei lågare beiteområda, ved innfallsportane, er utfordringane store. Der parkerer me SUV’ane våre, så langt inn i seterdalane me kan kome. I dei sørvendte liene breier me oss ut med andreheimane våre på rekke og rad, og saman trakkar me oss firefelts-stiar inn i fjellet.

For me er slik laga – særleg me som les artiklar med allemannsretten i tittelen – me er sosialliberale individualistar i frie og fleksible middelklassestillingar – slike som kan ta fri når me vil, men som likevel gjer det same som alle våre like og til same tid. I kvar ferier og langhelg reiser me ut av universitetsbyane våre – byane som me alle flytta til då me starta bygge våre tilpassa liv – og no invaderer me fjellområda åt dei som vart igjen. 

Men det var ikkje slik dei tenkte, dei som teikna ned prinsippet om allemannsrettane i landsdelslovene. Dei tenkte at folk trong funksjonelle reglar som sikra sameksistens folk imellom. Reglar som sikra rett til ferdsel – naudsynt beite for krøter og hest langs driftevegar og sleper, nattely, fyringsved og trevirke til reparasjon av slede og båt. Allemannsretten var dåtidas E6, det vaR pit-stoppen,  ladestasjonane og pølsa klokka kvart på to om natta på Dombås.

Det gjekk greitt lenge, det gjekk greitt så lenge dei farande fylte viktige funksjonar. Det gjekk også greitt då dei fyrste nyttelause starta vandre kring om i fjellet i beste vinnene. Dei var britiske lordar, nasjonalskaldar og målarar på kunstnarstipend som leita etter det norske. Dei la att nokre skilling for ei seng og litt smør. Og dei let at grinda då dei gjekk.

Men då friluftslova kodifiserte allemannsretts prinsippet – då friluftslova gjorde sedvane skriftleg i lov – vart den ein reiskap for fremjing av eit friluftsliv som vaks ut av seg sjølv. Og no er alt endra.

Størstedelen av oss er fråkopla det utmarksomgrepet refererer til. For utmark er tett kopla til jordbruket og som omgrep er den definert av innmarka. Utmarka er marka utanfor gjerdet, det er den marka som ikkje er sådd, men einast slått eller beita. Men få tenkjer på utmarka som jordbrukets landskap i dag. Ofte seier me natur. Som om det er der – utanfor gjerdet – at naturen er. Som om rogna på åkerholmen få meter innom gjerdet ikkje er naturleg, som om jordlivet under tuva på kulturbeitet ikkje er natur. Andre

seier også villmark, som om me var kolonialistiske herrefolk stranda på eit nytt kontinent. Og kanskje er me det, for som koloniherrar flest så krev me våre rettar, me kjøper oss privileger i utmarka til spottpris og ber fram våre meiningar om bruk og forvalting ikledd maktas språk.

Kvar sumar taper beitebrukarane kampen om utmarka. Kvar sumar tvinnar sau seg inn i gjerder sett opp av folk med trenevar. Knapt tamde rovdyr, omtala som kjæledyr, skremmer mor frå nyfostra lam. Og bonden finn mora att i ei myr, sprengd til døde. Dei same folka insiterer på å gå igjennom ein flokk ammekyr, mellom mor og kalv, med selskapshundane sine. Dei risikerer ikkje einast eige liv, men held også beitebrukaren søvnlaus i frykt for at bølingen skal kveste idiotane.

Eg trudde lenge forholdet mellom det utmarksbaserte reiselivet og beitebruken skulle gå seg til…. at me skulle finne ein måte å leve saman på. Eg las teoriar frå heile verda og særleg las eg Elinor Ostrom. Ho skreiv så løfterikt om allmenningen og menneskjers evne til å etablere reglar for å leve saman. Det gav meg von. Men etter å ha snakka med ei lang rekkje beite- og friluftsbrukarar i heile landet, så svann vona. No set eg att med tanken; anten døyr beitebruken i utmarka, eller så lyt det allemannsretts baserte friluftslivet døy, med mindre me tek grep.

Eitt slikt grep vil vere å lage betre planar. I dag teiknar me inn alt frå sykkelstiar til hyttefelt på kartet, me skisserer opp gondolbaner og det som verre er, i von om at det skal lokke fleire til å legge turen innom ei bortgøymd grend. Ingen treng spørje beitebrukarane, dei treng ikkje lese korkje beiteplanane eller beitekart når dei teiknar inn strekane sine. Imens spring kommunedirektørar på møter med utbyggjarar som lovar gull for grøne skogar.

Den lovfesta allemannsretten i kombinasjon med det jamt meir kommersialiserte friluftslivet har sett det eldgamle og særnorske bruksrettsinstituttet – beiteretten – på sidelinja. Skal me rette opp atttilhøvet mellom friluftslivet og  beitebruken lyt me styrke utmarksbeitets plass i planprosessen. I påvente av at det skjer, kan kommunane starte med å lage føreskrifter for å redusere plagene der dei er verst.

Bjørn Egil Flø

Teksta har tidlegare vore på trykk i Nationen den 19. mars 2025 og er ein kortversjon av teksta Beitebrukar i utmarka – den nye bybonden frå antologien Forskning i friluftsliv 2024

Kommenter innlegget